Hopp til innhold

Anti-jødisk hærverk i Norden kan vere koordinert aksjon

Hærverket i Danmark, Noreg, Sverige og Finland i samband med krystallnatta var truleg koordinert og meint som ein maktdemonstrasjon, trur terrorforskar.

Skilt med merker etter davidsstjerne utenfor Schibsteds trykkeri i Bergen.

I Bergen blei det hengt opp gule davidsstjerner utanfor trykkeriet til Schibsted i helga. Også i dei andre nordiske landa blei det hengt opp slike stjerner fleire stader. No trur terrorforskarar dette var ein koordinert aksjon.

Foto: Sigurd Hamre / NRK

– Med dette prøver dei å vise at dei er sterke i alle land, at det finst handlingskraft og at det kan eskalere til ting som er meir kraftige, seier den svenske terrorforskaren Magnus Ranstorp til den danske avisa Information.

Han trur Den nordiske motstandsrørsla, som sjølv omtaler seg som nasjonalsosialistar, stod bak hærverket, og han åtvarar mot å ignorere gruppa.

Terrorforsker Magnus Ranstorp

Terrorforskar Magnus Ranstorp trur Den nordiske motstandsbevegelsen, som omtalar seg sjølv som nasjonalsosialistar, sto bak hærverk mot jødiske mål i Norden i helgen.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

I Randers i Danmark vart ein jødisk gravlund vandalisert på årsdagen for krystallnatta, som i 1938 markerte starten på jødeforfølginga i Tyskland.

Det vart òg gjort hærverk mot heimen til jødar, synagogar og andre bygningar i alle dei nordiske landa, mellom anna ved at vegger vart tagga.

Davidsstjerner

I Bergen vart det klistra opp gule davidsstjerner på veggen til Schibsteds trykkeri, og det same skjedde utanfor bankar i fleire nordiske byar.

– For jødane er dette veldig ubehageleg. Og dei som gjer dette har ein agenda, drive av jødehat, seier forstandar i Det Mosaiske Trossamfund og nestleiar for Antirasistisk Senter, Ervin Kohn til NRK.

Rester etter gul stjerne

Restar etter ei av stjernene som blei hengt opp i Bergen.

Foto: Sigurd Hamre / NRK

Radikaliseringskontakt Pål Tore Haga i Vest politidistrikt sa til NRK at dei har sett liknande hendingar tidlegare.

– Det er ikkje ukjent at det skjer markeringar frå høgreekstreme på årsdagen for krystallnatta, natta mellom 9. og 10. november.

Den nordiske motstandsrørsla la ut skrytebilde frå den antisemittiske aksjonen, også på den norske nettstaden sin, skriv Filter nyheter.

Eit av organisasjonens uttalte mål er «å arbeide for å vinne tilbake makta frå den globale sionistiske eliten, som økonomisk og reint militært har okkupert store delar av verda», heiter det på heimesida deira i Danmark.

Støttar

Ein talsmann for Den nordiske motstandsrørsla i Danmark, Jacob Vullum Andersen, nektar for overfor TV 2 Østjylland at det var dei som stod bak helgas hærverk, men legg ikkje skjul på at han støttar dei som stod bak.

– Vi synest det er positivt at folk omsider har byrja å vakne opp til ein erkjenning av at maktjødar og jødisk infiltrasjon i samfunnet er ytst skadeleg og uønskt, seier han.

Den nordiske motstandsrørsla har dei siste åra gjennomført ei rekke markeringar i Norden, også i Noreg.

40 høgtståande demokratar i USA bad førre månad utanriksminister Mike Pompeo om å føre opp organisasjonen på USAs liste over utanlandske terrororganisasjonar.

AKTUELT NÅ