Hopp til innhold

Ana (25) har betalt over 30.000 for mattekarakteren

Ho var nær på å gje opp lærardraumen. Mattekarakteren hennar oppfylte ikkje regjeringa sitt krav. No vil opposisjonen og utdanningssektoren fjerna kravet.

Ana-Maria Radic

Mattekarakterane til Ana var ikkje gode nok, men ho valde likevel å følgja draumen om å bli lærar. Det har kosta.

Foto: Eirin Tjoflot / NRK

Ana sit i ein nyopna lesesal på OsloMet og jobbar saman med kollokviegruppa på eit arbeidskrav i pedagogikk.

I haust starta ho på grunnskulelærarutdanninga for 5.–10. trinn.

Ana-Maria Radic

LÆRARSTUDENT: Ana studerer til å bli norsklærar for 5.–10. trinn.

Foto: Eirin Tjoflot / NRK

Med karakteren to i mattefaga 1P og 2P frå vidaregåande, blei vegen hit lang. Sjølv om det var språk- og samfunnsfaglærar ho ville bli.

Tallause timar og store summar måtte til før firaren stod svart på kvitt på vitnemålet.

– Eg har brukt rundt 30.000 kroner på å betra mattekarakterane, seier ho.

Lærarutdannarar vil ha slutt på firarkravet

Over fire år har gått sidan regjeringa innførte kravet om karakteren fire i matematikk for lærarar, men seks av sju utdanningsstader ynskjer ikkje ei vidareføring av ordninga.

Det viser høyringssvara på ein ny rapport som forskingsinstituttet NIFU publiserte på bestilling av Kunnskapsdepartementet. Forskerforum omtalte dette først.

Ana-Maria Radic, OsloMet

OSLOMET: Ana er student på OsloMet. Dei ynskjer ikkje ei vidareføring av ordninga.

Foto: Eirin Tjoflot / NRK

Skulen til Ana, OsloMet, er ein av dei. Blant dei sju utdanningsstadene som tek stilling til firarkravet i høyringa, er det berre NTNU som støttar ordninga. Dei andre vil anten fjerna, eller vurdera å fjerna kravet.

– Eit symbolkrav

– Dette bør avskaffast, seier leiar i Utdanningsforbundet, Steffen Handal.

Kravet kallar han lite målretta, og meiner det held gode kandidatar borte frå læraryrket.

Steffen Handal i Utdanningsforbundet

Leiar i Utdanningsforbundet, Steffen Handal.

Foto: GORM KALLESTAD / NTB SCANPIX

– Det er svært uheldig i ein situasjon der vi har lærarmangel og kor vi ser at bruken av ukvalifiserte lærarar faktisk er ganske stor, legg han til.

Handal håpar at den breie og store motstanden mot kravet, gjer at regjeringa endrar standpunkt.

– Dei bør lytta meir til sektoren, og vera mindre opptekne av å fremja eit symbolkrav som ikkje har støtte i sektoren, meiner han.

Politisk splid om kravet

Forskings- og høgare utdanningsminister, Henrik Asheim (H), meiner derimot at ordninga har fungert bra.

Han argumenterer med at det stadig er fleire kvalifiserte søkjarar til lærarutdanninga, og at dei kjem inn etter dei krava som regjeringa stiller.

Asheim peiker også på at det er fleire som fullfører og består utdanninga.

Henrik Asheim i Høyres programkomité presenterer førsteutkastet til stortingsvalgprogram for 2021-2025

Henrik Asheim (H), forskings- og høgare utdanningsminister.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

– Så lenge Høgre sit i regjering, kjem ikkje dette kravet til å bli borte, seier han.

Venstre og Framstegspartiet er av same oppfatning.

Les også: Stiller krav om 4 i matte - nekter å oppgi sin egen karakter

Raudt, Sosialistisk Venstreparti, Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Miljøpartiet Dei Grøne er mot kravet.

– Vi ynskjer å fjerna firarkravet i matematikk, og meiner ein heller må innføra nokre andre, meir fornuftige kriterium ved inntak til lærarutdanninga. Slik det er no, kan ein med godt over fire i snitt, men med tre i matte, ikkje bli lærar. Det meiner vi er ufornuftig, seier SVs utdanningspolitiske talsperson, Mona Fagerås.

Kristeleg Folkepartiet vil også gå til val på å skrota kravet, men har vore bundne av forlik med andre parti for å få gjennomslag for lærarnorma.

Fryktar fleire knuste lærardraumar

Ana var nær på å gje opp lærardraumen, men klarar i dag å sjå det positive i at ho måtte jobba med å betra mattekarakterane.

– Eg fekk ei veldig meistringskjensle ut av det, og eg beviste for meg sjølv at eg hadde veldig lyst til dette. Men det tok lang tid å koma hit, og det har vore veldig tøft til tider.

Kollokviegruppe

KOLLOKVIEGRUPPA: Erlend Borgersen, Ana og Magnus Windelstad er alle einige om at firarkravet i matematikk er urettferdig.

Foto: Eirin Tjoflot / NRK

Ho er innforstått med at ho gjorde mange forsøk, og at ikkje alle må bruka verken like mykje tid eller pengar på å oppnå kravet. Samstundes er ho redd at mange ikkje vil stå i same kampen som ho, og at vi mistar mange potensielt gode lærarar.

– Er det liksom mattefaget som definerer oss i samband med kva vi kan få til som lærarar? For det er eg i så fall ganske ueinig i, seier ho.

AKTUELT NÅ