Hopp til innhold

Amundsen får støtte etter at Facebook fjerna innlegget hans

Stortingsrepresentant Per-Willy Amundsen (Frp) meiner det er ei farleg utvikling når Facebook sensurerer støtte til Tommy Robinson. Han får langt på veg støtte frå fleire hald.

Per-Willy Amundsen

Per-Willy Amundsen (Frp) vil ytste instans la Stortinget regulere lovverket slik at Facebook ikkje kan gjere det han kallar å sensurere ytringsfridommen.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Det heile starta med at stortingsrepresentant og tidlegare justisminister Per-Willy Amundsen (Frp) posta eit innlegg på Facebook 11. juli:

– Tommy bør få asyl i Noreg fordi Storbritannia har svikta ytringsfridommen, og han er politisk forfølgd, skreiv Amundsen då.

Fire dagar seinare var innlegget sletta av Facebook fordi det uttrykte støtte til den kontroversielle høgrefundamentalisten Tommy Robinson (36), som i førre veke blei dømt til fengsel i ni månadar for forakt for retten.

Robinson er mest kjent som grunnleggar og tidlegare leiar av islamkritiske English Defence League (EDL).

Nå meiner Amundsen at Facebook sensurerer han og at ytringsfridommen er trua.

Til NRK seier han at det i alle samanhengar bør blir sørga for at vi har ytringsfridom, også for menneske som er kontrære og utfordrar det etablerte.

– Det gjer openbert Tommy Robinson. Eg meiner det er ei svært farleg utvikling vi ser når Facebook sensurar støtte til Robinson, seier Amundsen.

Einig i 95 prosent

Han får støtte frå generalsekretær i Redaktørforeningen, Arne Jensen, som seier at han er einig i 95 prosent av det Amundsen seier.

Arne Jensen

Generalsekretær i Redaktørforeningen, Arne Jensen, er heilt einig med Amundsen i at det er problematisk å regulere politiske ytringar.

Foto: Ragnar Hartvig

Jensen meiner at ytringsfridommen er til for dei kontroversielle ytringane og for å beskytte dei som ikkje høyrer til dei politisk korrekte.

– Amundsens post på Facebook ligg langt innfor alle juridiske og etiske grenser for kva som er gangbar vare i ein demokratisk rettsstat, seier Jensen.

Han er likevel ikkje einig med den tidlegare justisministeren i at det Facebook gjer er å sensurere. Jensen seier til NRK at vi ikkje bør bruke ordet sensur i denne samanheng.

– Ordet sensur bør bli brukt om det sensur eigentleg er, nemleg når styresmakter overstyrer, forbyr, fjernar eller straffar ytringar, seier Jensen.

Også medievitar og fast spaltist i Dagens Næringsliv, Ida Aalen, meiner at Amundsen sin status er innfor det som burde vere greitt å ytre seg om. Ho er likevel ikkje i tvil om at det òg var greitt at sjølve sida til Tommy Robinson blei fjerna frå nettplattforma.

Ida Aalen

Medievitar og DN-spaltist, Ida Aalen, meiner at Facebook eigentleg ikkje vil ha ansvaret for moderering sjølv. Ho seier til NRK at Zuckerberg tidlegare har sagt at han vil ha ei statleg regulering.

Foto: privat

– Ein kan diskutere at Facebook fjernar dei som hyller han; det veit eg ikkje om eg er heilt einig i, seier Aalen.

Ho meiner at Facebook ikkje har moglegheit til å vise skjønn for postar som Amundsen sin, enn så lenge moderatorar i selskapet har ansvar for 160.000 Facebook-brukarar kvar.

– Problemet er at dei ikkje brukar tilstrekkeleg med ressursar på modereringa, seier ho.

Vil ha nasjonal debattplattform

Tysdag sa stortingsrepresentant Amundsen at Stortinget burde vurdere å bruke lovgiving for å beskytte lovlege ytringar på Facebook. Det meiner han framleis.

– Om Facebook ikkje innser den viktige rolla dei har og sørger for at det er ytringsfridom i deira kanalar, må vi om nødvendig ta i bruk lovverket, seier han.

Men Amundsen innrømmer til NRK at han trur det ikkje er ei god løysing.

Arne Jensen trur heller ikkje på å ta i bruk lovverket for å regulere kva Facebook kan modererer og ikkje. Han opnar likevel for nye løysingar.

– Ein burde sjå på om ein kan etablere nasjonale plattformer for debatt. Facebook er ikkje ein eigna stad for slike typar diskusjonar, seier Jensen.

Aalen, på si side, meiner at Facebook inntil vidare bør bruke fleire ressursar på moderering.

Debatt om dagen akutelle nyhetssaker.

Dagsnytt 18 17. juli med blant anna Per-Willy Amundsen, Ida Aalen og Arne Jensen som debatterer Facebook-moderering.

Bakgrunnen for saka

Etter at Robinson anka den opphavlege dommen på 13 månadars fengsel, blei han i førre veke dømt til fengsel i ni månader for forakt for retten.

Bakgrunnen for dommen er at han i Leeds i mai i 2018 sende video direkte frå ein rettssak som hadde eit foreløpig referatforbod.

Heilt sidan arrestasjonen i mai har saka vekt sterke reaksjonar blant tilhengarane til Robinson i Europa og USA.

Demonstrasjon for Tommy Robinson

Demonstrasjon utfor rettssalen i forkant av høyringa til Tommy Robinson om forakt for retten.

Foto: Tolga Akmen / AFP

Amundsen har tidlegare i juli sagt at han ønsker å gi Robinson asyl fordi han meiner at briten blir forfølgd i heimlandet.

Facebook var inviterte til å kommentere saka, men valde ikkje å stille opp.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger