Oslo-politiet seier til nrk.no at dei som demonstrerte mot at Monsen får Fritt Ord-prisen har trekt seg tilbake.
SJÅ PRISUTDELINGA DIREKTE:
Les også:
Protestgruppa «Vi som protesterer mot at Nina Karin Monsen får Fritt Ord-prisen for 2009» har i ettermiddag nesten 11.000 medlemmer på nettstaden Facebook.
VIDEO: Her får Nina Karin Monsen Fritt Ord-prisen.
- Heidrar hets og trakassering
Blant demontrantane på Oslo S var leiar i LLH, Karen Pinholt.
- Vi demonstrerer fordi vi meiner Fritt Ord med denne prisen heidrar hets og trakassering av sårbare minoritetsgrupper.
Ei bunke med kring 4.000 underskrifter mot at Monsen får denne prisen var overrekt til Fritt Ord-leiar Francis Sejersted.
Les også:
Overrekkjer tidsmaskin
Tidlegare Fritt Ord-vinnar, Kim Friele, har vore ein av dei skarpaste kritikarane til at Monsen får årets pris. Ho hadde ein appell ved Kristian Fredriks plass i kveld.
Styreformann i Fritt Ord, Francis Sejersted, seier både Monsen og Friele er kjempande menneske. På utdelinga i kveld seier han Monsen har teke på seg ein "rustning".
- Takk for at du holdt ut, Monsen, sa han til applaus frå publikummet i operaen.
Eigen pris frå Raudt
Partiet Raudt si aksjonistgruppe gav Monsen ein eigen pris; ein heimelaga tidsmaskin.
- Monsen sine meiningar høyrer heime på 1600-talet, og vi håpar ho kjem til å ta tidsmaskinen i bruk for å reise tilbake til det århundret ho høyrer heime, seier Elin Volder Rutle, Raudt sin 2. kandidat i Oslo.
Sjølve prisutdelinga føregår i Den Norske Opera & Ballett og varer til klokka 21.10 i kveld.
Filosof og forfattar Nina Karin Monsen får Fritt Ord-prisen for «sitt gjennomreflekterte og uavhengige bidrag til ein friare offentleg debatt».