Klokka 11.10, medan museet var ope for publikum, gjekk ransalarmen, og det var fleire menneske som var vitne til det som skjedde. Ei kvinneleg vakt fekk ein pistolmunning mot tinningen, og ho vart seinare sendt til sjukehus med sjokkskadar. Minst ein av ranarane prata norsk, opplyser politiet.
Deler av biletramma til Skrik-måleriet vart klokka 13 funne ved Carl Berners plass i Oslo, og fleire deler vart like etter funne i Sars gate. Ramma vart funne etter at ei kvinne ringde til politiet og sa at ho hadde sett ein svart Audi A6 med maskerte menn om bord på Carl Berner.
- Då politiet kom til staden fann dei først deler av ei måleriramme, som vi fekk bekrefta var originalramma til Skrik-måleriet. Seinare fann vi resten av ramma, opplyser vaktliar ved kriminalvakta i Oslo, Kjell Pedersen.
Væpna
Fleire vitne fortel at det var to mørkkledde og maskerte menn som kom inn på museet på Tøyen i Oslo, og at minst ein av dei var væpna. Ifølge politiet skal endå ein person ha venta på dei to i ein mørk Audi utanfor museet.
Politiet opplyser at dei har sett inn alle tilgjengelege ressursar i jakta på ranaren, både på land og i lufta. Dei opplyser at det var tre ranarar. To som gjekk inn i museet, medan den tredje venta utanfor.
Vaktleiar Kjell Pedersen ved Oslo politikammer seier til NRK at ranarane trua vaktene med våpen, og deretter klipte over ståltrådane som måleria "Skrik" og "Madonna" hang i, før dei stakk av i ein mørk bil, truleg ein Audi.
Politiet overvakar alle grenseovergangar og viktige flyplassar etter ranet. Politiet i heile Schengen-området er varsla.
Avhøyr
Politiet starta tidleg med avhøyr av både gjestar og tilsette ved Munch-museet.
Det er 10 år sidan ein annan versjon av "Skrik" av Edvard Munch vart stole frå Nasjonalgalleriet i Oslo. To menn vart filma av overvakingskamera då dei klatra inn vidauget til Nasjonalgalleriet, og stal "Skrik".
Dette er rammene som vart funne ved Carl Berners plass i Oslo. (Foto: Heiko Junge/Scanpix)
Løysepengar
Det vart seinare kravd tre millionar kroner i løysepengar for måleriet, som kom til rette i mai 1994.
Det skjedde nokre få timar før OL-opninga på Lillehammer. Det nye Munch-tjuveriet skjer midt under Sommer-OL i Athen, like før gullkandidaten Siren Sundby skulle starte på sin avgjerande seilas.
"Skrik" vart måla av Edvard Munch i 1893, medan "Madonna" vart måla delvis same året og delvis året etter. Dei to måleria er svært vanskeleg å omsetje på den svarte marknaden, fordi dei er for kjende.