NRK Meny
Normal

– Tenkte aldri på brannfeller

Branntryggleik og inneklima står sjeldan på prioriteringslista når studentane i desse dagar leitar etter ein leigebustad. Studentar NRK har snakka med i Oslo manglar rømmingsveg og er aller mest opptekne av låg leigepris.

UiO-student Liv Marit Weberg

At leilegheita ho leiger oppfyller nesten alle krava til branntryggleik og godt inneklima er berre flaks, seier UiO-student Liv Marit Weberg. Ho trur dei aller fleste studentar er villige til å fira på andre krav så lenge leigeprisen er låg.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Ni sjekkpunkt til trygg og sikker bustad

Denne lista med ni sjekkpunkt om branntryggleik og inneklima vil Oslo kommune at du tek med deg på visning når du skal leiga bustad.

Foto: Oslo kommune

– Hmm. Det er jo berre flaks at leilegheita vår oppfyller dei aller fleste av desse krava, seier masterstudenten Liv Marit Weberg medan ho ser over lista NRK presenterer for henne med ni viktige krav til ein brannsikker bustad.

Sjekklista er eit ledd i studentkampanjen som Oslo kommune lanserer i desse dagar, og inneheld totalt ni punkt om blant anna rømningsvegar, varslingsutstyr og ventilasjon.

Kommunen veit at det er mange leilegheiter på den private utleigemarknaden i hovudstaden som ikkje er eigna til å bu i, og at det ofte er prissensitive studentar som trekkjer det kortaste strået i bustadkampen.

– Har ikkje rømmingsveg

– Me hadde dårleg tid og måtte berre finna noko. Prisen var viktigast, me hadde ikkje stort slingringsmonn. Nest viktigast var storleiken, at det var nok plass til alle oss tre som skulle bu i lag. Brannfeller og slikt tenkte me aldri på, minnast Weberg, som studerer Nordisk litteratur på Universitetet i Oslo (UiO).

Det same svaret får NRK frå alle studentane me snakkar med på universitetsområdet.

– Pris og område er viktigast. Eg tenkte ikkje på branntryggleik i det heile teke. Det skulle eg kanskje ha gjort, for eg har ikkje rømmingsveg. Visst det byrjar å brenna, så har eg eit problem, seier IT-studenten Eivind Alexander Bergem.

I fjor stengde kommunen ned 15 ulovlege butilhøve, oftast på grunn av manglande rømmingsveg. Mørketala er truleg høge, opplyser fungerande brannsjef Hege Hammer til NRK.

Målet med studentkampanjen, som er eit samarbeid mellom Brann- og redningsetaten og Plan- og bygningsetaten i Oslo, er å auka studentane sin kunnskap og medvit rundt branntryggleik og inneklima.

Brannvesenet og plan- og byggningsetaten går sammen om en kampanje som skal hjelpe studentene til å unngå brannfellene.

Rosar kampanjen

Utleigemeklar Erlend Halvorsen

Studentar er ofte pressa på pris og har hastverk når dei skal finna seg leigebustad, fortel Erlend Halvorsen i firmaet Utleiemegleren.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Tidleg på sommaren og månadsskiftet juli/august er travle tider for Erlend Halvorsen, som jobbar for Utleiemegleren. Han stadfestar at studentar som kjem innom visingane hans ofte har hastverk og er pressa på pris.

– Studentar kjem gjerne litt i tidsklemma dersom dei er seint ute på seinsommaren og skal finna seg bustad før skulestart. Det er stor konkurranse om leilegheitene og dei må kanskje slå til på tilbod før dei får sjekka om alt er ok og at bustaden passar for dei, seier Halvorsen.

Litteraturstudenten Weberg synest det er positivt at kommunen no tek grep for å få minna studentar på at leilegheiter med brannfeller og dårleg inneklima kan gå på helsa og livet laus.

– Det er fort gjort å godta dårleg standard når du har dårleg tid og lite pengar. Denne kampanjen er ei fin påminning, seier ho.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger