Leiar av Sosialistisk Ungdom, Mali Steiro Tronsmoen, meiner SV må ut av regjeringa viss det ikkje klarer å påverke dei andre regjeringspartia til å ligge unna olje- og gassressursane i Barentshavet.
I går underteikna Noreg og Russland ein historisk avtale som avgjer kor grensa til havs skal gå mellom landa.
- Les også:
- Les også:
- Les også:
Fryktar SV tapar kampen
Sosialistisk ungdom fryktar moderpartiet kan tapa kampen mot oljeutvinning i det nye havområdet:
– Om SV ikkje klarer å påverke i slike spørsmål kan ikkje SV sitte i regjering, seier Tronsmoen.
Spørsmålet det er snakk om er oljeutvinning i Barentshavet.
– Direkte miljøfiendtleg
– Vi er i ei tid der vi ser ei oljeindustri som pressar på stadig hardare for at Noreg skal føre ein direkte miljøfiendtleg og klimafiendtleg politikk. Vi treng meir enn nokon gong eit SV med makt, seier ho.
Etter førti år med usemje vart avtalen om kvar delelinja til havs mellom Noreg og Russland skal gå, skriven under i går.
Stor iver
Gro Brækken, direktør i Oljeindustriens Landsforening.
Foto: Roald, Berit / SCANPIXOg sjølv om det er langt fram til boreriggane kan vere på plass på norsk kontinentalsokkel i Barentshavet, er iveren stor i oljeindustrien.
– Eg synes det verkar kjempespennande. Eg er heilt sikker på at det opnar for nye perspektiv. Vi håpar at fleire av oljeselskapa som arbeider på norsk sokkel er interesserte i å bli i Norge, seier Gro Brækken, direktør i Oljeindustriens Landsforening.
Og ein som ser framover er informasjonsdirektør i Statoil, Ola Morten Aanestad.
– I den grad det blir opna for olje og gass, er det interessant for oss. Vi ventar at dette er eit omårde som har eit godt potensial for olje- og gassførekomst.
Aanestad viser til funn på begge sider av det omstridte området.
– Urovekkande
Informasjonsdirektør i Statoil, Ola Morten Aanestad
Foto: Trond A. Isaksen/StatoilHydro / Trond A IsaksenTronsmoen i SU forventar derimot at SV stilnar frykta ho har for kva oljeindustrien kan gjere i dei nyvunne områda i nord.
– Eg synest det er urovekkande fordi ein med dette gir oljeindustrien grønt lys for å køyre på i Barentshavet, seier Tronsmoen.