Eksplosjon i bustadblokk i Berlin
Natt til måndag har det vore ein eksplosjon i ei bustadblokk i Berlin. Fleire er skadde og årsaka til hendinga er ukjend, melder NTB.
Eksplosjonen skal ha skjedd i første etasje i ei bustadblokk med fleire etasjar. Fleire av bebuarane måtte bli evakuert av brannvesenet.
Skadeomfanget er foreløpig uvisst.