Hopp til innhold

– Stortingspolitikarar tener pengar på selskapa dei regulerer

Fleire næringspolitikarar på Stortinget har aksjar i selskap de sjølve er med på å regulere, skriv Dagbladet.

Ove Trellevik

Ove Trellevik sit i næringskomiteen på Stortinget, samtidig som han ifølgje Dagbladet har fleire aksjar i selskap han kan påverke.

Fleire politikarar i næringskomiteen på Stortinget har tent pengar på aksjar i selskap som er i direktekontakt med arbeidet til komiteen, skriv Dagbladet.

Avisa skriv at dei har fått informasjonen frå det nyleg opna aksjonærregisteret for å dokumentere rolleblandinga.

  • Stortingspolitikarar har lobby-møter om politikkutvikling og investeringar med selskapa dei sjølve eig aksjar.
  • Stortingspolitikarar har skrive og vedteke innspel både til Eigarskapsmeldinga og Havbruksmeldinga som angår selskap der dei sjølv eig aksjar for hundretusenar av kroner.

– Det er slags pensjonssparing

– Eg er komfortabel med det, men eg ser at det er lett å problematisere, seier Ove Trellevik frå Høgre, som er ein av politikarane som Dagbladet meiner sit på begge sider av bordet.

Ove Trellevik

Ove Trellevik eig aksjar for over 600 000 kroner i Austevoll Seafoods.

Foto: Runa Victoria Engen / NRK

Han seier at han ser at nokre meiner at dette er uheldig og uggent og at det vert for tette band. Men han meiner at møtet var innanfor reglane, og at det er slik demokratiet fungerer.

Trellevik har ein aksjepost på over 600 000 kroner i fiskeri- og oppdrettsselskapet Austevoll Seafood. Han har også ein mindre aksjepost i John Fredriksen-styrte Marine Harvest, verdas største i bransjen, ifølgje Dagbladet.

– Aksjane er ei slags pensjonssparing, seier Trellevik.

Komiteen visste ikkje om aksjane

Selskapa sel laks for milliardar av kroner kvart år til verdsmarknaden, i sterk konkurranse med leverandørar i andre land. Dei er sårbare for endringar i regelverket og avgiftspolitikken, som vert styrt frå Stortinget. Dei andre medlemmane i komiteen kjente ikkje til Trellevik sin aksjepost, skriv avisa.

Dagbladet spør Trellevik om det er politikk i Havbruksmeldinga som vart vedteke i sommar som vil føre til auka profitt for oppdrettsselskapa.

– Ja, på sikt, men i næringskomiteen jobbar vi jo ikkje med enkeltselskap, vi lagar rammevilkår for alle selskapa, svarer Trellevik.

Likevel, politikken du var med å vedta i komiteen har konsekvensar for Austevoll Seafood og Marine Harvest, der du er medeigar? Spør Dagbladet.

– Sjølvsagt har det jo det, svarer Trellevik.

Odd Omland

Odd Omland i Ap eig aksjar både i Aker og i Telenor.

Foto: NRK Sorlandet / NRK

Eig aksjar i Telenor

Men Trellevik er langt frå åleine om å ha slike aksjar. Av dei 14 som sit i komiteen, eig seks av dei aksjar. Fleire av selskapa kan ta skade, eller gå betre tider i møte dersom dagens lovar og reglar vert endra, skriv Dagbladet.

Odd Omland frå Arbeidarpartiet sit med aksjar i Telenor. Med det har han tre roller:

  • Han eig aksjar i Telenor.
  • Han er med på å bestemme regelverket til Telenor.
  • Han er med på å bestemme korleis staten som eigar skal styre Telenor.

– Eg førte opp aksjeposten i interesseregisteret til Stortinget i tråd med regelverket, og eg har fått beskjed om at dette ikkje skapte noko problem med omsyn til min habilitet, fortel Omland til Dagbladet.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger