NRK Meny
Normal

– Frp håpar på kjedeleg landsmøte

Frp ønskjer seg eit kjedeleg landsmøte etter ein vinter med skandalar og oppvaskmøte, seier politisk kommentator i NRK, Magnus Takvam.

Siv Jensen

Siv Jensen har store utfordringar med å samla partiet og å sanka veljarar før lokalvalet til hausten.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

I dag sparkar partileiar Siv Jensen i gang Framstegspartiet sitt 38. landsmøte på Gardermoen i Akershus.

Då Frp samla troppane til landsmøte for to år sidan stod jubelen i taket og optimismen var på topp. I år er det eit langt meir nedtona Frp som kjem saman for å drøfta strategien vidare.

– Framstegspartiet er opptekne av å unngå bråk og unødige skandalar rundt landsmøtet. Dei håpar eigentleg at landsmøtet skal bli ein kjedeleg affære, seier Takvam.

Video Magnus Takvam om Frp før landsmøtet

Magnus Takvam om Frp før landsmøtet i helga.

Straffa for Birkedal-saka

I mars i år var det full storm rundt Frp etter at dåverande ordførarkandidat i Stavanger, Trond Birkedal vart pågripen og sikta for seksuell omgang med ein mindreårig, og for å ha smugfilma fleire gutar heime på badet sitt.

I dag kom det fram at Birkedal vert etterforska for eit tredje lovbrot - å ha lokka unge gutar til å senda han nakenbilete av seg sjølve.

Trond Birkedal

Frp har hatt trøbbel etter at Birkedal-saka blei offentleg kjend i mars i år.

Foto: Johansen, Geir Otto / SCANPIX

Birkedal trekte seg umiddelbart som ordførarkandidat og frå alle verv i partiet. Men skandalen vaks seg enda større fordi partileiinga i lengre tid skal ha kjent til skuldingane mot Birkeldal, utan å ta affære.

Spekulasjonane om utskiftingar i toppen har sidan versert. NRK-kommentator Takvam trur likevel at både Jensen og nestleiarane står støtt før landsmøtet.

– Mange meinte det var på sin plass å gjera endringar i toppen då skandalen var i søkjelyset. Men behovet for å samla partiet har ført til at slike planar er lagde vekk, fortel han.

Svekt Siv

Det er likevel ein svekt partileiar som går til landsmøtet i dag, samanlikna med situasjonen for to år sidan.

– Partiet og partileiinga står langt svakare. Alle hugsar Birkedal-saka. Dei har kome seg gjennom den, men alt dette har ført til at blant anna Siv Jensen har falle på tillitsbarometeret samanlikna med til dømes Erna Solberg (Høgre).

Ifølgje professor og valforskar Bernt Aardal har kvar femte av dei som stemte på Frp hausten 2009 gått over til Høgre.

– Mange tidlegare Frp-veljarar har også sete seg på gjerdet, fortel Aardal til ANB.

(Saka held fram under biletet)

Frp-landsmøtet i 2009

Siv Jensen og Per Sandberg i full furore under Frp-landsmøtet i 2009. Tonen blir truleg litt meir nøktern i år, spår NRK-kommentator Magnus Takvam.

Foto: Johannessen, Sara / SCANPIX

Høgre tek trona

Det er nemleg ikkje berre interne skandalar som gjev Frp hovudbry om dagen.

På ei meiningsmåling i desember i fjor, blei Frp det største partiet i Noreg, med 26,9 prosent oppslutnad. I Opinion si mai-måling for Avisenes Nyhetsbyrå (ANB) er det Høgre som tronar øvst, medan Frp er den store taparen.

Erna Solberg

Erna Solberg er populær om dagen. Under opningstalen på Høgre sitt landsmøte fekk ho ståande applaus fleire gonger.

Foto: Roald, Berit / Scanpix

Siv Jensen & Co fell 2,3 prosentpoeng til 17,9 prosent oppslutnad.

– Høgre greier å framstå som det heilskapleg, samlande alternativet til den raudgrøne regjeringa, og har fått mykje meir merksemd enn Frp den siste tida. Frp har mista mykje av hegemoniet på opposisjonssida, forklarer Takvam.

Arbeidsmiljø, skatt og innvandring

Frp er det einaste stortingspartiet som aldri har styrt landet. Dei har ordføraren i 17 kommunar, og har ambisjonar om fleire etter haustens lokalval.

– I Frp sine auge vil eit fredeleg og kjedeleg landsmøte vera eit godt grunnlag for ein god valkamp, seier Takvam.

I den grad det blir temperatur på debattane under landsmøtet, spår Takvam at arbeidsmiljølova, skattelette og innvandringspolitikk truleg blir dei største stridssakene.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger