Hopp til innhold

– Skulle vi ringt tilbake, ville vi ikkje fått gjort noko anna

Politiet trur Galina Sandeva ringde politiets naudtelefon 112 like før ho vart drepen, men det var heilt stille i andre enden då operatøren tok telefonen. Politiet trudde det var endå ei lommeoppringing.

Blomster for Galina Sandeva på Bispekaia i Oslo

Mange har lagt ned blomar på staden der Galina Sandeva vart funnen drepen torsdag 17. desember.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

– Dersom vi høyrer at det er nokon i andre enden, så ringjer vi tilbake eller prøver å spore samtalen. Har vi mistanke om at det er noko alvorleg, så sender vi ein patrulje, seier Martin Strand, leiar for Operasjonssentralen ved Oslo politikammer.

Martin Strand

Martin Strand er leiar for Operasjonssentralen i Oslo-politiet.

Foto: Tuva Gaarder Nordli/NRK

Han fortel at det kjem inn mellom 12.000 og 13.000 samtalar til 112-sentralen i Oslo kvar månad, og at det store fleirtalet, 75 prosent, er anten feiloppringing, tulletelefonar eller lommeoppringingar.

Mange manglar respekt for naudtelefonen, meiner han.

Stille i andre enden

Oppringinga frå telefonen til Galina Sandeva kom altså inn under kategorien lommeoppringing. Då er det ingenting i andre enden, ingen lydar som kan gi ein peikepinn på om at det verkeleg er ein naudsituasjon.

Ei lommeoppringing skjer når telefonen ligg i ei lomme eller veske og ringjer opp naudnummeret 112 utan at nokon har gjort det bevisst. 112 er det einaste nummeret som kan ringjast til når telefonen er låst, og er derfor ekstra utsett.

– Samtalen frå telefonen til Galina Sandeva var lik svært mange andre slike telefonar, der det ikkje er noko i bakgrunnen. I slike tilfelle ringjer vi ikkje tilbake. Skulle vi gjort det, ville vi ikkje fått gjort noko anna, seier Martin Strand.

Liten nedgang

Galina

Bulgarske Galina Sandeva vart funnen drepen på Bispekaia i Oslo.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Han opplyser at det har vorte litt færre lommeoppringingar etter at stadig fleire har fått smarttelefonar, som har ein teknologi som hindrar oppringingar når telefonen er låst. Tidlegare var opptil 80 prosent av telefonane til 112-sentralen ikkje reelle.

Han fortel også at det er mogleg å ringje 112 også utan simkort, og at det er mange born som gjer det når dei leikar med gamle telefonar.

– Dei finn raskt ut at det er nokon som svarar i andre enden når dei ringjer, seier han.

Det er også mange som ringjer 112-sentralen når dei heller burde ha ringt det vanlege nummeret til politiet, 02800.

Får ikkje tak i drosje – ringjer politiet

– Vi opplever at det er lite forståing blant enkelte for kor viktig naudtelefonane er. Det er ikkje få telefonar vi får frå folk som ikkje får tak i drosje, ikkje minst no i julebordsesongen, seier Strand.

Han opplyser at dei fleste andre landa i Europa har ein feilprosent på oppringingar omtrent på det same nivået som her i landet, altså 75 prosent.

AKTUELT NÅ