Hopp til innhold

– Desse avgiftsgreiene på køyring på bane er noko tull. Det må vi bli kvitt

Det blir mindre og mindre godstransport på jernbane i Norge, stikk i strid med dei politiske målsetningane. Abid Q. Raja lovar at jernbanen ikkje skal bli utkonkurrert på pris.

Godstog

Det er brei politisk semje om å få meir transport frå vegane til jernbane, men utviklinga er motsett.

Foto: Leif Johnny Olestad

Godsmengda som blei transportert internt i Norge fall med 6,5 prosent frå 2015 til 2016, viser tal frå Statistisk sentralbyrå, SSB.

Politisk semje, men ...

Det er brei politisk semje i Norge om å få meir av godstransporten over frå tungtransport på veg til jernbane.

Men dette er ikkje lett, for det er mange faktorar som gjer at vegen vinn, seier administrande direktør Arne Fosen i NSBs godsselskap CargoNet:

– Det har over lang tid vore ei langt betre utbetring og bygging av vegar enn vedlikehald av jernbanen. Vi ser også at kvalitet, pris og tilgjengelegheit er betre for veg enn bane, seier han, og legg til:

– Og så ser vi tøff konkurranse frå utanlandske trailerar i Norge som køyrer meir systematisk i Norge no enn tidelagre.

Nedgang i godstransport på jernbanen

Godsmengda transportert internt i Norge falt med 6,5 prosent, til under 10 millionar tonn i 2016. Samtidig stoppa mange års passasjervekst nesten heilt opp grunna streik i oktober.

Foto: SSB

Seier noko – gjer noko anna

Han saknar samsvar mellom politiske vedtak støttar opp under dei politiske målsettingar alle politiske parti har.

– Når vi ser at det blir lagt opp til ei tidobling av baneavgifter for jernbanen dei komande fire åra, er det motsett av dei politiske måla som er uttrykt, seier Fosen.

Abid Q. Raja er transportpolitisk talsmann i Venstre, støtteparti for regjeringa, og han lovar at jernbanen ikkje skal bli utkonkurrert på pris på grunn av høge avgifter.

«Avgiftsgreiene er noko tull»

Ja, desse avgiftsgreiene på køyring på bane er noko tull, så det må vi bli kvitt. Det skal vi få kompensert på ein ordentleg måte frå politikken si side. Det skal ikkje enda med at folk lar vera å senda gods med jernbane fordi det skal kosta dei ekstraordinært mykje, seier han.

Holger Schlaupitz, fagsjef i Naturvernforbundet, meiner bygging av nye vegar også kan utkonkurrere jernbanen i kampen om godstransport. Han vil ha høgare avgifter på lastebilar og vogntog.

–Vi bør dessutan revurdera dei veldige vegprosjekta som er vedtatt. Dette vil auka miljø- og klimbelastninga, gi oss fleire trafikkulukker og endå større slitasje på vegnettet, seier han.

Nordmenn fortener gode vegar

Dette avviser Abid Q. Raja. Han meiner nordmenn fortener langt betre vegar, og vil ikkje stoppa noko av dei store vegprosjekta mellom hovudstaden og Stavanger i sør og til Trondheim nordover på E6.

– Vi fortener betre vegar, men no får vi ei historisk satsing på jernbanen. Vi må gjera den til å stole på, og ikkje la nye vegar vera ei hindring for nokon, seier han.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger