Hopp til innhold

– All grunn til å vere stolt av skulepolitikken til regjeringa

– Eg er stolt av at mellom tre og fire gonger fleire lærarar har fått etterutdanning etter at vi kom i regjering, seier leiar i Unge Høgre, Kristian Tonning Rise. Han meiner Hallvar Tjora ikkje treff med kritikken mot regjeringa.

Kristian Tonning Riise på Høyres landsmøte 2017

Unge Høgre-leiar Kristian Tonning Riise avviser at skulepolitikken til regjeringa er basert på mistillit til lærarane.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Høyr debatten i Ytring

Håvard Tjora, truleg den mest profilerte læraren her i landet, vekte oppsikt då han ein kronikk på NRK Ytring tok eit oppgjer med det han meiner er regjeringa sin mistillit til norske lærarar .

Han viser blant anna til kravet om at alle som skal undervise i faga matematikk, norsk og engelsk må gjennom etterutdanning, men seier også at politikarane ikkje forstår lærarane og den endringa som samfunnet har gått gjennom.

Blant anna det at pedagogar no har ansvar for borna heilt frå første året i barnehagen, og at mange elevar slit med blant anna einsemd og psykiske problem.

– Ikkje lenger kompetent

Håvard Tjora

Læraren Håvard Tjora meiner at politikarane ikkje forstår situasjonen til lærarane.

Foto: Adalheidur Oldeide / NRK

– Mi og 28.000 andre lærarar si utdanning er ikkje lenger gyldig. Akkurat no står eg i kø for å få den nødvendige etterutdanninga. Sidan eg har deltidsjobb blir eg ikkje prioritert, og det gjer det vanskeleg for meg å søkje ein ny jobb. Med 17 års erfaring som lærar stiller eg bak nyutdanna som har dette kompetansekravet, seier Håvard Tjora.

I ein debatt med Unge Høgre-leiar Kristian Tonning Riise, som også er førstekandidat på stortingslista til Hedmark Høgre, på NRK Ytring seier han at han på vegner av seg sjølv og fleire tusen andre flinke, kunnskapsrike og engasjerte lærarar, har fått beskjed om at dei ikkje lenger er kompetente.

Han har sagt at dette er som å få ei spytteklyse i ansiktet, men vedgår at det var meint som ei spissformulering.

– Norsk er et rikt språk

Frykter skoletvang på sommeren dreper motivasjonen

Avviser mistillit

Tonning Riise avviser at regjeringa sin politikk er basert på mistillit til lærarane. Han viser til at det ikkje er spesielt for lærarar at det blir stilt krav til fordjuping, og at det berre er snakk om eit ynskje om å gjere skulen betre.

– Dette er ikkje noko vurdering av den enkelte lærarar, men om krav som samfunnet stiller. Det er ikkje lærarforakt blant politikarane, tvert i mot så konkurrerer dei politiske partia om å ville satse på skulen, seier han i debatten.

Tonning Riise minner om at regjeringa brukar fleire milliardar kroner på at fleire lærarar skal få etterutdanning, at dei har full lønn under etterutdanninga, og at dei har dispensasjon frå krava i ti år slik at det skal bli tid for alle til å få den nødvendige kompetansehevinga.

Saumlaus overgang

– Vi er samde i dette med vidareutdanning. Men hugs at de har sett eit krav på at eg skal ta etterutdanning, men eg har ikkje krav på å få denne utdanninga. Og det er eit alvorleg problem, seier Håvard Tjora.

– Vi kan ikkje gi alle lærarar vidareutdanning på ein gong. Det er ein kabal som skal gå opp. Vi har sett fristen på ti år slik at overgangen skal bli mest mogleg saumlaus, repliserer Kristian Tonning Rise.

Han viser til at sju av ti lærarar har svart at dei opplever å ha vorte betre lærarar etter vidareutdanning, og at elevane lærer meir. Det

AKTUELT NÅ