Hopp til innhold

25.000 passasjerar blir råka måndag

Berre på Oslo lufthavn er 72 av 105 Norwegian-avgangar kansellerte måndag. Norwegian opplyser i ei pressemelding at 25.000 passasjerar blir råka på den tiande dagen etter at streiken starta.

Kanselleringar - Norwegian

MANGE KANSELLERINGAR: Storparten av Norwegian sine avgangar blir også i morgon, måndag, kansellerte.

Storparten av Norwegian-avgangane i morgon er allereie kansellerte grunna storstreiken i flyselskapet:

  • 72 av 105 avgangar frå Oslo lufhavn er kansellerte i morgon - uansett utfall av Norwegian-konflikten.
  • Frå Bergen er det berre fire av totalt 25 avgangar som har status som «i rute». Resten er kansellerte.
  • Frå Stavanger vil ingen av dei totalt 16 planlagde avgangane gå.
  • Kun 1 av 20 avgangar frå Trondheim vil gå i morgon.

Norwegian skriv dette i ei pressemelding søndag kveld:

«Norwegian beklager å meddele at også i morgen, mandag, vil nærmere 25 000 passasjerer bli berørt av kanselleringer og forsinkelser på grunn av pilotstreike».

(Artikkelen held fram under videoen)

Det er pause i forhandlingane i Norwegian-streiken fram til måndag morgon, opplyser pilotane si fagforeining Parat.

Partane i Norwegian-streiken tek seg ein kvil før dei held fram med forhandlingane måndag, opplyste Parat på ein kort pressebrief søndag kveld.

Pause i forhandlingane

Helga har vore prega av mekling, brot og nye forhandlingar i Norwegian-streiken. Forhandligane som blei gjenopptekne laurdag, har skjedd på hemmeleg adresse utan Riksmeklaren til stades. Søndag sende Norwegian over eit nytt tilbod til pilotane.

Men ved 21-tida søndag var det enno ei løysing på bordet. Parat kunne då fortelje at det er pause i forhandlingane, og at partane skal møtast igjen måndag morgon.

– USA- og Thailand-ruter som normalt

Igjen er det innanrikstrafikken som blir hardast råka: «Så godt som alle norske og svenske innenriksflygninger blir innstilt, mens et begrenset antall innenriksflygninger i Danmark blir gjennomført», står det i pressemeldinga frå Norwegian.

«Noen få Europa-ruter innstilles, men ellers skal ruter mellom Skandinavia og USA, og Skandinavia og Thailand etter planen gå som normalt».

AKTUELT NÅ