Hopp til innhold

1 av 3 vil at regjeringa skal vise same handlekraft i klimakrisa som i koronakrisa

Eit fleirtal av nordmenn ønskjer at politikarane skal hjelpe dei til å ta klimavenlege val. 1 av 3 meiner òg at politikarane må vere like handlekraftige i klimakrisa som dei har vore gjennom koronakrisa.

Sveinung Rotevatn

ØNSKETENKING: Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn skulle ønske ein kunne løyse klimakrisa med same effektivitet som koronakrisa, men meiner ho er for langsiktig til det.

Foto: Svein Sundsdal / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Regjeringa har i koronakrisa sett inn dei strengaste tiltaka i fredstid. Ei ny undersøking frå Opinion viser at folk no etterlyser handlekraft også i klimakrisa.

Opinion spør kor eining eller ueinig folk er i at styresmaktene bør innføre reguleringar for å stoppe klimaendringane på same måte som dei har gjort for stoppe spreiinga av covid-19.

1 av 3 er samde i påstanden, og 1 av 5 er nøytrale.

Sunneva Kilsti, seniorrådgjevar i Opinion

HAR FOLKET PÅ SI SIDE: Sunneva Kilsti i Opinion fortel at folk stiller seg bak kraftige klimatiltak.

Foto: Opinion

– Den høge tilliten til styresmaktene si handtering av koronakrisa kan bidra til større aksept for inngripande tiltak også for å hindre dei mange alvorlege konsekvensane av global oppvarming, seier Sunneva Kilsti, seniorrådgjevar i Opinion.

Kan ikkje samanlikne korona og klima

– Eg skulle ønske at det var mogleg å løyse klimakrisa på den måten – at vi berre kunne bruke nokon veldig kraftige tiltak i eitt år eller to, og så var vi ferdige. Dessverre er det ikkje slik klimakrisa er, for klimakrisa er enormt langsiktig, svarar klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Han viser til at koronakrisa og klimakrisa er forskjellige, og at global oppvarming krev ei stor, langsiktig omlegging.

Samstundes viser Opinion si nye undersøking «Forbrukar og berekraft» at 6 av 10 nordmenn meiner styresmaktene må innføre strengare reguleringar for å tvinge folk og verksemder til å vere meir berekraftige.

Rotevatn seier det kjem til å bli tydlegare klimapolitikk framover, og at det er oppmuntrande at Opinion si undersøking viser at fleirtalet vil bidra.

Sveinung Rotevatn

OPPMUNTRANDE: Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn tykkjer det som kjem fram i undersøkinga er oppmuntrande.

Foto: Olav Heggø / Fotovisjon AS

– Det er eit veldig godt utgangspunkt for å føre ein enda meir ambisiøs politikk på klimaområdet. Det har vi i regjeringa tenkt å gjere.

Men kan det ikkje også bety at 6 av 10 meiner at de ikkje gjer nok no?

– Eg trur at med tanke på dei alvorlege konsekvensane klimaendringane har og korleis det står til i verda, er det umogleg å meine at nokon gjer nok. Vi må alle gjere meir, svarar Rotevatn.

Inga unnskyldning

Natur og Ungdom er ikkje nøgde med svaret frå klima- og miljøministeren. At klimakrisa er langsiktig er inga unnskyldning for å utsetje handling. Dei meiner regjeringa må ta til seg at folk er klare for kraftige tiltak.

– Vi har blitt lova tydelegare klimapolitikk lenge, og denne undersøkinga viser at det ikkje berre er miljøorganisasjonane som er utolmodige. Vi kan takle dei nødvendige, sterke tiltaka, men snart er det for seint, seier Lea Justine Nesheim, sentralstyremedlem NU.

Nesheim viser til at ein har snakka om omstilling i mange år, og er ikkje imponert over lovnaden om tydelegare klimapolitikk.

– Samstundes kom det nyleg tal for norske utslepp i 2019, og dei viste ingen vesentleg nedgang, seier Nesheim.

Frode Pleym, leiar i Greenpeace, meiner koronakrisa har vist kor viktig politisk leiarskap er, og at Opinion si undersøking viser at folk også vil sjå leiarskap når det kjem til klima.

– Politikarane er ofte engstelege for å gjere seg upopulære. Då bør dei ta innover seg at dei kjem til å bli stilt til ansvar for mangel på klimahandling frå ein stor del av veljarane. No må regjeringa og Stortinget vise leiarskap for verdas klima og norsk økonomi, seier Pleym.

Manglar alternativ

Ifølgje Opinion si undersøking meiner 9 av 10 at klimaendringane er reelle, og eit fleirtal meiner at det hastar å gjere noko for å stanse dei.

Minst halvparten av befolkninga er uroa for konsekvensane av klimaendringane, og berre 12 prosent trur at vi kjem til å nå FN sitt mål om å avgrense oppvarminga til 1,5 grader.

8 av 10 ønskjer å leve meir berekraftig. Det som hindrar dei er at det er vanskeleg å vite kva som verkeleg er det mest berekraftige, og at ein manglar tydelege alternativ.

Klima- og miljøminister Rotevatn forstår at det kan vere forvirrande for folk.

– Eg skjønar at folk synest det er komplisert. Eg tenkjer det er viktig å nytte gode merkeordningar. Det aller viktigaste er at vi som politikarar sørger for at det som er berekraftig, er det som løner seg, både for verksemder og privatpersonar.

AKTUELT NÅ