Hopp til innhold

- Oppdagar ikkje kreft fordi testane er for dårlege

Mange kvinner med risiko for å utvikla livmorhalskreft vert ikkje oppdaga, fordi testane som vert nytta ved fleire norske sjukehus er for dårlege, åtvarar fleire overlegar.

Overlege og professor Ole-Erik Iversen

Livmorhalskreft er den vanlegaste kreftforma hjå kvinner under 35 år. At fem norske sjukehus vel å bruka ein dårleg testmetode, gjer ikkje statistikken betre, skriv overlege og professor Ole-Erik Iversen i nyheitsavisa Dagens Medisin.

Foto: NRK

Det er full krangel om testinga av livmorhalskreft i Noreg. Fleire overlegar fryktar at ein av testane som blir brukt er for dårlege, og at mange kvinner blir falskt friskmelde.

– Dette er hårreisande fordi dei set pasientane sine liv i fare – heilt unødig, seier professor og overlege ved Kvinneklinikken i Bergen, Ole-Erik Iversen.

Utbredt kreftform

Livmorhalskreft er den tredje mest utbreidde krefttypen blant kvinner, og den vanlegaste kreftforma hjå kvinner under 35 år. I Noreg får 300 kvinner livmorhalskreft kvart år, ifølgje Kreftregisteret.

Ti gonger så mange vert behandla for forstadium av denne krefttypen, som kjem frå det såkalla HPV-viruset.

Utfordringa er å finna desse 3000 kvinnene med virus, før det eventuelt utviklar seg til uhelberedeleg kreft.

Men fem norske sjukehus brukar testar som er unøyaktige, og som ikkje fangar opp alle risikopasientar, skriv Iversen og tre andre overlegar i eit krast innlegg i Dagens Medisin i dag.

Video - Livmorhalskreft vert ikkje oppdaga

Innslag i Morgennytt på NRK1 10.02.2011.

Fem sjukehus

For å redusera førekomsten av livmorhalskreft i Noreg, innførte staten i 1995 det landsomfattande programmet «Masseundersøkinga mor livmorhalskreft».

Programmet anbefaler kvinner i alderen 25-69 år å ta livmorhalsprøve kvart tredje år. Helsestyresmaktene har sett nasjonale krav til prøvetakinga, men dei eksisterande retningslinjene opnar for bruk av fleire typar testar.

Universitetssjukehuset i Nord-Noreg og sjukehusa i Drammen, Fredrikstad, Lillehammer og i Aalesund har dermed valt å bruka ein annan test (RNA) enn resten av sjukehusa i landet (DNA).

Iversen meiner fleire norske kvinner som har fått livmorhalskreft, truleg kunne ha unngått den livstrugande sjukdomen dersom desse sjukehusa hadde brukt test-metoden som er anbefalt, både nasjonalt og internasjonalt.

– Dei brukar ein HPV-test som er dårlegare på å plukka opp kvinnene i risikosona. Det er direkte uforsvarleg, både fagleg, økonomisk og etisk, seier professor og overlege Iversen.

Strid om beste test

Testing for livmorhalskreft

Medisinske fagfolk greier ikkje å einast om kva for ein test som er best til å finna kvinnene med risiko for livmorhalskreft.

Foto: NRK
Testing for livmorhalskreft

Den vanlegaste årsaka til livmorhalskreft, er det seksuelt overførbare HPV-viruset.

Overlege Sveinung Sørbye

Overlege Sveinung Sørbye er ein av dei som forsvarar den kritiserte livmorhalstesten, som blant anna vert nytta ved Universitetssjukehuset i Nord-Noreg (UNN).

Den vanlegaste kjelda til livmorhalskreft, det såkalla HPV-viruset kjem i svært mange variantar. Nokre av virustypane kan utvikla seg til kreft, medan andre infeksjonar er forbigåande og ufarlege.

Striden handlar altså om kva for ein HPV-test som eignar seg best til å luka ut kvinnene med farlege infeksjonstypar. På fagspråket står kampen mellom sensitivitet og spesifisitet.

Med den kritiserte RNA-testen vil 26 prosent av kvinnene som blir friskmelde, få eit falskt negativt svar. Til samanlikning er feilmarginen ved den andre testen (DNA) berre to prosent.

– For meg er det ei gåte kvifor leiinga ved fleire norske sjukehus tviheld på ein test-metode som for lengst har vorte avskriven som altfor dårleg, seier Iversen.

– Meir treffsikker

Medan RNA-testen berre kan påvisa fem virustypar, kan DNA-testen testa for 12 variantar - som er i tråd med Verdas Helseorganisasjon (WHO) si tilråding.

Overlege ved Universitetssjukehuset i Nord-Noreg, Sveinung Sørbye er ein av forkjemparane for den kritiserte livmorhalstesten.

Han rettar hard skyts tilbake mot kritikarane, og hevdar at testen dei brukar ikkje berre er like god, men faktisk betre.

– Den er minst like trygg, og enda meir treffsikker, seier Sørbye som understreker at dei supplerer RNA-testen med ein celleprøve for å få sikre svar.

– Sjukeleggjer friske kvinner

Dei aller fleste som er seksuelt aktive får ein HPV-infeksjon i løpet av livet. Ein slik infeksjon er i 90 prosent av tilfella harmlaus og¨går over av seg sjølv, og risikoen for at HPV-smitte fører til kreft er på under èin prosent, ifølgje Norsk HelseInformatikk (NHI).

– Om testen er oversensitiv, vil svært mange friske kvinner få beskjed om at dei har eit kreftvirus. Etter mitt syn er det uforsvarleg å uroa så mange utan grunn, fortel overlegen.

Ikkje fem mot straumen

Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenesta har fleire gonger vurdert den kritiserte RNA-testen, utan å finna tilstrekkeleg dokumentasjon på at denne testen er meir treffsikker.

Ifølgje Sørbye er det likevel ikkje snakk om at fem sjukehus går mot straumen med hasardiøse eksperiment. Han viser til eiga forsking på området, som gjev god vitskapeleg støtte for bruk av den omstridde testen.

Det er også intern usemje om saka ved fleire andre sjukehus i landet, blant anna ved Universitetssjukehuset i Oslo, fortel Sørbye.

– Dei planlegg faktisk å byta frå DNA-test til den typen me brukar, nettopp fordi den er meir treffsikker.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger