Hopp til innhold

- Staten sette tryggleik i høgsetet

Staten vil ikkje gi nordsjødykkarane erstatning.

Christian Reusch

- Staten sitt syn er at det ikkje er grunnlag for å halde staten erstatningsansvarleg etter vanlege erstatningsreglar, seier regjeringsadvokat Christian H. P. Reusch.

Langt om lenge var det i dag staten sin tur til å snakke i nordsjødykkarsaka.

- Tryggleiken stod i høgsetet, hevda regjeringsadvokat Christian H. P. Reusch i Oslo Tingrett i dag.

Det var eit svar på sju veker med krasse påstandar frå nordsjødykkarane om mangel på rutiner og kontrollar i Nordsjøen.

Regjeringsadvokaten hevda at staten har vore svært raus med dykkarane, og peika på tidlegare erstatningar dei har fått. Men staten innrømme ikkje at dei burde ha visst at djupdykking var helseskadeleg.

Les også: - Skal det være raushet uten grenser?

- Visste det var helsefarleg

Dykkarane berre ristar på hovudet av påstanden om at tryggleiken stod i høgsetet.

Advokat Marius Reikerås

Dykkarane sin advokat Marius Reikerås hevdar at staten visste godt at det var helsefarleg, men likevel sende dei dykkarane ned på store djup.

Foto: Stian Lysberg Solum / SCANPIX

- Det trur eg ikkje staten trur på sjølv ein gong, seier dykkarane sin advokat Marius Reikerås.

Reikerås hevdar at staten visste godt at det var helsefarleg, men likevel sende dei dykkarane ned på store djup. Slik braut staten menneskerettane, meiner han.

- Vi meiner staten har krenka dykkarane sin rett til sikre og trygge arbeidstilhøve, herunder å verne liv og helse hos dykkarane, å ikkje utsetje dei for helsefarlege stoff, kjemikaliar og løysemiddel, og gi dei eit anstendig helsetilbod når dei faktisk er påført desse skadene med staten sitt vitande og vilje, seier Reikerås.

Vil ikkje gi erstatning

Men staten vil ikkje gå med på at dei har noko erstatningsansvar for plagene til nordsjødykkarane.

- Staten sitt syn er at det ikkje er grunnlag for å halde staten erstatningsansvarleg etter vanlege erstatningsreglar, seier regjeringsadvokat Christian H. P. Reusch.

Han hevda i retten at det er gjort svært få dykk på djupner på over 200 meter i Nordsjøen, og han vil truleg komme attende med bevis på dette seinare i saka. Reusch skal til saman snakke i tre dagar.

I ettermiddag ville ikkje regjeringsadvokaten svare på om reglar, rutiner og kontrollar av dykkarverksemda i Nordsjøen var god nok. Reusch ynskjer å legge bevisa sine fram for retten før han seier noko meir om dette til media.

- Ikkje omsyn til tryggleik

Nordsjødykkar Tom Engh syns ikkje rutinene fungerte særleg godt i Nordsjøen. I 1978 vart han skadd i ei ulukke. Han var på 70 meters djup, og slangane han pusta i var ikkje reinsa. Engh fekk sprøyta ei blanding av talkum og silikon ned i lungene.

- Det gjekk eitt år før selskapet sende inn skademelding. Og selskapet sin lækjar ga meg diagnosen sjøsjuk. Det var der min kamp tok til, seier Engh.

Han meiner tryggleiken slett ikkje stod i høgsetet. Mellom anna trengde ein ikkje dykkarsertifikat for å jobbe som dykkar, og det meiner Engh seier sitt.

- Regjeringsadvokaten må vere i feil rettssal. Det er jo nettopp dette dykkarsaka handlar om, at staten ikkje tok omsyn til tryggleiken og ikkje til føre-var-prinsippet, seier Engh.

Nye dokument på bordet

I dag la staten også fram ein bunke dokument frå Petroleumstilsynet sitt arkiv, som dykkarane lenge har bede om å få. Desse dokumenta har vore unnteke offentlegheit.

Nordsjødykkerne

I dag la staten fram ein bunke dokument frå Petroleumstilsynet sitt arkiv, som dykkarane lenge har bede om å få. Desse dokumenta har vore unnteke offentlegheit.

Foto: Stian Lysberg Solum / SCANPIX

- Så å seie alle tilgjengelege dokument i denne saka er det staten som sit på, seier advokat Marius Reikerås, som meiner det er problematisk å få desse dokumenta så seint.

- Det at vi får tilgang til desse dokumenta halvannan månad etter saka har starta, viser at vi står overfor eit betydeleg rettstryggleiksproblem, i høve til å faktisk kunne stole på kva vi får av staten. Og det er eit demokratisk problem, seier Reikerås.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger