Hopp til innhold

- Næringsutval var mi avgjerd

Kronprins Haakon seier det var han som tok avgjerda om å gå inn i det nærings­-politiske utvalet næringsminister Trond Giske sette ned.

Video nsps_upload_2010_3_8_20_58_30_265.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

VIDEO: - Dette var min avgjørelse

Kronprinsen sa dette då han møtte norsk presse under eit besøk i Malaysia i dag. Han presiserte at deltakinga i utvalet var hans avgjerd og hans ansvar.

Han fekk også spørsmål om kva han meiner om dei mange reaksjonane på at han vart med i utvalet.

LES OGSÅ: Nekter å snakke om uenighetene

LES OGSÅ: No et Malaysia norsk grovbrød

LES OGSÅ: Disse skal utvikle norsk næringsliv

- Eg synest det er heilt i orden at folk var usamde i avgjerda eg hadde teke, og det tok vi konsekvensen av, seier han.

Næringsminister Trond Giske er også med på turen til Malaysia.

Kronprinsesse Mette-Marit og kronprins Haakon hadde audiens hos kongeparet, dronning Yang di-Pertuan Agong og kong Raja Permaisuri Agong Tuanki Nur Zahirah på Istana Negara, kongen sin offisielle residens i Kuala Lumpur.

LES OGSÅ: Kronprinsen trekker seg

LES OGSÅ: – Stoltenberg godkjente ikke kronprinsverv

LES OGSÅ: Kronprinsen skal gi Giske næringslivsråd

Malaysia er eit konstitusjonelt demokrati, der parlamentet vel ein konge for fem år frå ein av dei ni sultanane som styrer ni av dei 13 delstatane i landet.


AKTUELT NÅ