Hopp til innhold

- Må betala sjukehushotell no

Spørsmålet om kva som skal skje med sjukehushotellet ved Rikshospitalet må løysast snarast, meiner LO.

Det planlagte sykehotellet
Foto: Illustrasjon: Peab

- Staten må som eigar sjølvsagt både finansiera, bygga og driva sjukehushotellet, skriv Kleiv Fiskvik, leiar av LO Oslo, i ei pressemelding.

LO tek sterk avstand

Lo Oslo tek sterk avstand frå at dette har utvikla seg til eit spørsmål om private profittintresser skal inn i saka.

- Det er meiningslaust at private interesser blir blanda inn når staten likevel, på ein eller annan måte, må betala, skriv Fiskvik.

Han legg til at Regjeringa og helsedepartementet må gripa inn snarast og løyva nødvendige midlar.

Les også: - La private drive pasienthotellet

Millionkostnadar

Alt arbeidet med det nye sjukehushotellet ved Radiumhospitalet i Oslo blei stoppa i slutten av april, etter å ha blitt sett i gong utan finansiering eller godkjenning.

Les også: Bygging av sykehotell stanses

Peab, som fekk i oppdrag å byggja sjukehushotellet, har fremja erstatningskrav på heile 28 millionar kroner for tap av kontrakten.

Så langt har sjukehushotellet kosta nærmare 30 millionar kroner. Totalkostnaden med bygginga av sjukehotellet skal kosta nærmare 97 millionar kroner.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger