Pål Steigan, ein av grunnleggjarane av Arbeidernes Kommunistparti marxistleninistane (AKP ml) og mangeårig leiar, var i kveld gjest i Laurdagsrevyen på NRK1.
Her kan du sjå det redigerte intervjuet frå Dagsrevyen i tillegg til heile det uredigerte intervjuet.
![Pål Steigan vedgår at AKP gjorde mange feil, men framstår ikkje som ein angrande syndar. Pål Steigan vedgår at AKP gjorde mange feil, men framstår ikkje som ein angrande syndar.](http://img.nrk.no/img/286307.jpeg)
Pål Steigan vedgår at AKP gjorde mange feil, men framstår ikkje som ein angrande syndar.
Her fortalde han at den tyske terrorgruppa Rote Arme Fraktion (RAF), også kalla Baader Meinhof-gruppa, tok kontakt med AKP for å etablere ei norsk avdeling. Dette vart bryskt avvist av AKP, sa Steigan blant anna.
Steigan sa at han ikkje var like stolt over alt AKP gjorde på 70-talet, men godtek ikkje den massive kritikken som har kome fram den siste tida, blant anna for partiet si haldning til folkemordet i Kambodsja.