Hopp til innhold

Widerøe foreslår ulike bilettprisar for fastbuande og turistar

Flyselskapet Widerøe fryktar at dei nye, halverte maksprisane på kortbanenettet på sikt kan gjere det vanskeleg for folk i distrikt-Noreg å reise når dei treng, melder Brønnøysunds Avis.

Widerøe foreslår difor ein spansk modell, ifølge avisa.

Frå 1. april 2024 og frå 1. august 2024 trer nye avtalar i kraft for dei regionale flyrutene som er omfatta av offentlege kjøp, såkalla FOT-ruter, der staten betalar flyselskap for å sikre eit godt flytilbod.

– For alle som er avhengige av å fly på anbudsnettet er dette gode nyheiter, og vi heiar på alle tiltak som gjer det billegare å fly, både i nord, på Vestlandet og Trøndelag. Endringa har likevel ført til auka etterspurnad og vi ser at dei mest populære avgangane no i større grad blir fylt opp av ferie- og fritidsreisande.

Det seier kommunikasjonsrådgivar i Widerøe, Lina Lindegaard Carlsen, til Brønnøysunds Avis.

Fleire har tatt til orde for at dei nye tiltaka kan gå negativt utover pasientar som er avhengige av å fly.

– Det står att å sjå korleis det faktisk blir, men dersom det blir vanskeleg å få folk som har behov fram, så trur vi at andre prismodellar vil fungere betre for dei som er heilt avhengige av fly som kollektivtransport.

Carlsen opplyser at Widerøe har anbefalt at Samferdselsdepartementet ser på ein ny prismodell der bebuarar langs anbodsnettet får ein solid rabatt på flyreiser, uavhengig av om reisa består av anbodsruter eller kommersielle ruter, tidlegare kalla «den spanske modellen».

– Dette vil sikre låg pris for innbyggarane i distrikt-Noreg, samtidig som vi sikrar at dei mest populære avgangane ikkje blir fylt opp av ferie- og fritidsreisane mange månader i forvegen, seier Carlsen.

I Spania har altså myndigheitene etablert eit system der bebuarar blant anna på Kanariøyene og Balearene får rabatt på flyreiser til og frå fastlandet.

– Dette vil seie at alle med bebuarbevis i eit definert geografisk område får rett til rabatt. Dette kan for eksempel vere Nord-Troms og Finnmark, Troms og Finnmark, Nord-Noreg, eller bebuarar som soknar til ein flyplass på dagens anbodsrutenett.

Passasjerer på vei til Widerøefly
Foto: Synnøve Sundby Fallmyr