Plast er i ferd med å kvele kloden.
Ifølge Verdas naturfond (WWF) utgjer plast om lag 85 prosent av søppelet i havet. Totalt utgjer plast om lag 10 prosent av avfallsmengda i verda.
Men det er ikkje all plast det er like lett å resirkulere.
No lærer forskarane ein ny måte å vinne ut plast på, av ein larve.
Et plast vi ikkje klarer å resirkulere
Voksmøll har fått namnet sitt fordi dei legg egga sine i bivoks.
Larvane et seg ut gjennom voksen.
Men larvane kan ikkje berre ete bivoks, dei et også plast. Til og med plasten det er vanskeleg å resirkulere, som til dømes plastposar.
Forskarane Gustav Vaaje-Kolstad og Vincent Eijsink har i tjue år jobba med enzym-forsking.
Foto: Tonje Lindrup Robertsen– Naturen har allereie utvikla ein del verktøy som vi kan bruke industrielt til å bryte ned ulike typar plastpolymerar så vi kan resirkulere plast.
Det seier Gustav Vaaje-Kolstad, professor på fakultetet for kjemi, bioteknologi og matvitskap hos Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU).
Men plast er ikkje favorittmaten til larvane.
– Det er slankekuren frå helvete, seier kollega til Vaaje-Kolstad, Vincent Eijsink.
Sjølv om larvane klarar å bryte det ned vil dei døy i løpet av få generasjonar.
Difor er ikkje løysinga å overlate resirkulering av plast til larvane.
Forskarane arbeider med å utvikle og forbetre dei enzyma som larvane bruker til å bryte ned polyetylen.
Larvene kan spalte plasten ned i små byggesteinar til polyetylen, som ein kan bruke igjen som næring.
Foto: ShutterstockProsjektet har fått namnet Enzyclic. Forskarane vil kopiere arvestoffet til larvane og bakteriane dei har i fordøyingssystemet sitt, og lage enzyma sjølv på labben.
Der kan dei optimalisere det og produsere enzymet i stor skala.
– Vi ønsker å jobbe meir mot den vanskelege plasten. Til dømes plasten i bereposar, men du finn det også i harde gjenstandar, seier Eijsink.
Håpet er at dei med tida kan bryte plasten ned til byggesteiner som kan bli brukt til å lage ny plast.
– Naturen viser oss at det er mogleg, så heilt på bærtur er vi ikkje. Som forskarar kan vi gjere ting litt betre enn naturen. Det er det vi skal gjere med enzyma som larvane har, seier Eijsink.
Ventar dobling i plastforbruk dei neste åra
Det er i dag mykje plast i Noreg som ikkje blir resirkulert. Det er fordi ein del emballasjematerialar er sett saman av fleire ulike typar plast.
Då blir plasten brunnen i staden for resirkulert, fortel Marit Kvalvåg Pettersen, seniorforskar i Nofima.
– Vi bruker veldig mykje plast og forbruket har auka betydeleg.
Nokre materiale, som plastflaska som berre består av ein type plast, kan lett bli vunne att. Andre typar plast er det vanskelegare å vinne att.
– Om ein ønsker å redusere bruken av ny plast, så må ein vinne att tinga meir enn vi gjer, seier Pettersen.
Marit Kvalvåg Pettersen, seniorforskar i Nofima
Foto: NofimaDifor meiner ho at dei nye typane teknologi som mellom anna forskarane frå NMBU jobbar med vil bli eit viktig bidrag for framtida.
Berre 9 prosent av plasten blir resirkulert
Leiar for Bellonas bioprogram, Joakim Hauge, seier at berre 9 prosent av all plast som har blitt produsert har blitt resirkulert. Resten er avfall.
– Plast er ein av dei aller største miljøproblema i dag. FN seier at i 2022 vil mengda plastavfall som blir produsert vere lik vekta av jorda si befolkning.
Leiar for Bellonas bioprogram, Joakim Hauge seier enzymforskinga på NMBU er leiande internasjonalt med bioteknologisk gjenvinning av plast.
Foto: Roberto Di Trani / Bellona– Om trenden vi ser no fortset kan verdshava i 2050 innehalde meir plast enn fisk.
I tillegg til å vere eit forsøplingsproblem er dette eit stort klimaproblem, seier Hauge.
Difor trur han forskinga på NMBU kan bli eit kinderegg som hjelper oss å takle både eit miljøproblem, gi nye arbeidsplassar og løyse klimakrisa.
– Bioteknologi kan vere med å gi oss nokre heilt nye og viktige verktøy i klimakampen. Noko vi i dag ser på som avfall kan i staden bli ein viktig ressurs.
Vil gjere plast meir verdifullt
Enzyclic-prosjektet samarbeider no mellom anna med plastforskingsinstituttet Norner.
Ved å kopiere larvanes enzym, jobbar Norner med å produsere plast som er enklare å bryte ned.
– Det vil kanskje skape mindre plastforureining når ein blir bevisst på at ein bør samle det inn og at det er verdifullt, seier Vaaje-Kolstad.