Hopp til innhold

Dette fekk fleire barn til å gråte – no skriv lokalsamfunnet eigen klimakontrakt

Ei utstilling om plast i havet sette kjensla i sving hos fleire barn i Vesterålen. No tek dei i bruk nye metodar for å redde miljøet.

Utstillinga Sea Bed

Dei tilsette ved museet såg fleire gonger at ungar begynte å gråte då dei forstod korleis det sto til i havet. Det vart starten på ein eigen lokal klimasatsing.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

CO₂ i atmosfæren
420.4 ppm
1,5-gradersmålet
+1.05 °C
Les mer  om klima

Alt starta med ein utstilling. Sortland museum ville vise fram havet til vesterålingane – både det som er vakkert med det, men òg plast og forureining.

Ane Høyem i utstillinga Sea Bed
– Då barna kom, såg vi at fleire av dei begynte å gråte då dei forstod alvoret i utstillinga.
– Då fann vi ut at vi måtte gjere noko.

Det seier utstillingsansvarleg Ane Høyem.

No har utstillinga ført til eit krav om ei samfunnsendring.

Vesterålen skriv sin eigen klimakontrakt.

– Korleis kan vi møte barnas uro?

I starten av utstillinga handlar det berre om det som er vakkert med havet, men så kjem problema.

Der er flasker frå havet og fotografi av plastsøppel på havbotnen.

Då opplevde Høyem og dei andre som synte fram utstillinga at ungane tok over. Dei fortalde om kva dei sjølv hadde sett.

Ane Høyem i utstillinga Sea Bed

– Dei hadde plukka plast sjølv, og dei var bekymra både for eigen framtid, dyra og for jorda, fortel Høyem.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Ein dag begynte ein ung gut å grine. Berre ei veke etter skjedde det same med ei jente. Det skjedde på nytt og på nytt, fortel Høyem.

– Vi tenkte, kva gjer vi med dette? Korleis kan vi møte barnas uro?

Det var starten på prosjektet GaiaVesterålen.

– Vi vil finne ut kva vi kan gjere sjølv for å lage meir berekraftige lokalsamfunn. Det handlar mellom anna om å skrive ein miljøkontrakt for Vesterålen, seier Høyem.

Må endre gamle haldningar

Kontrakten skal vere for både bedrifter, kommunar, organisasjonar og familiar. Då må det vere ulike kontraktar for dei som skal vere med.

Åtteåring skriver lokal klimakontrakt
Difor sit det no ein åtteåring saman med ein tidlegare olje- og energiminister og diskuterer FNs berekraftsmål.

Det er 30 personar frå lokalsamfunnet.

Difor sit det no barn saman med ein tidlegare olje- og energiminister og diskuterer FNs berekraftsmål.

Av dei er åtte år gamle Johan Steinsland.

Åtteåring i utstillinga Sea Bed
– Det er spennande å få vere med å bestemme.
– Eg er veldig skuffa over at det hamnar så mykje plast i havet. Eg håper at dette kjem til å hjelpe, for at vi kastar litt mindre søppel.
Åtteåring skriver lokal klimakontrakt
– Det er mange vanskelege ord, og litt vanskeleg å henge med, men eg gjer så godt eg kan. 

Og Johan har med seg både mora og faren sin.

– Dette angår oss veldig. Det er snakk om vår eigen framtid og ungane sin framtid. Det er noko vi brenn for alle saman, seier mor til Johan, Tone Evensen Steinsland.

Ho fortel at Johan gleder seg til kvar gang, og at han kjenner at han blir teke på alvor av dei vaksne i gruppa.

– Det gjer meg ganske optimistisk å arbeide med kontrakten. Eg trur at folk kjem til å signere fordi han er jobba fram frå folk frå så mange ulike delar av samfunnet.

Administrerande direktør i Reno-Vest, Elise Gustavsen, er òg med å skrive kontrakten.

– Eg trur GaiaVesterålen gjer ein kjempeviktig jobb med å koordinere initiativ som allereie finst i Vesterålen, seier ho.

Reno-Vest er eit selskap eigd av seks kommunar.

Lokalsamfunnet skriver klimakontrakt

Undersøkinga Status Vesterålen spurte vesterålingane kva dei meiner vil bidra til eit meir berekraftig personleg forbruk. Åtte av ti svara at gjenbruk er veldig viktig.

Foto: Østein Lihaug Hjelle

No er dei i gang med å skrive konkrete målsettingar til vesterålingane. Til dømes korleis næringslivet kan vekse med å reparere brukte ting, og korleis familiar kan bli betre på kjeldesortering, og å bruke ting lenger.

– Kvifor er det naudsynt med eit lokalt initiativ for redde miljøet?

– Vi må gjere det lokalt fordi det må bli kjent og nært for oss. Det er nokre gamle haldningar som det er på tide å ta tak i, seier Gustavsen.

– Eg trur at mange vil, men dei veit ikkje heilt kva dei skal gjere.

Synest du at ditt lokalsamfunn bør lage ein eigen klimakontrakt?

Les også: Nye tall for plast i havet bekymrer både forskere og miljøforkjempere

Dykkere henter opp garnrester fra havbunnen i Hellas
Dykkere henter opp garnrester fra havbunnen i Hellas

Miljødepartementet: – Lokalsamfunna er viktige

Leiar for seksjon for klimatilpassing og lokale klimatiltak i Miljødepartementet, Herdis Laupsa, seier at Miljødirektoratet har ein eigen ordning med stønad til kommunar som vil kutte klimagassutslepp.

Når kommunane kjem i gang med klimaarbeidet aukar ofte ambisjonane og innsatsen med erfaringa.

Les også: Fant sjelden snegl i nordnorsk fjord:  – Ikke vært sett siden 1800-tallet

Arktisk busksnegl.
Arktisk busksnegl.

– Betyr det at dei statlege organa jobbar for sakte, når lokalsamfunn tek saka i eigne hender?

– Alle må gjere det dei kan for at Noreg og verda skal nå klima- og berekraftsmåla. Det er store løft som må verte gjort, og alle steinar må bli snudd for å nå måla, seier Laupsa.

Anstrengingane våre så langt er ikkje nok. Meir drastiske klimatiltak og verkemiddel er naudsynte. Det vil koste, men prisen for å la vere er mykje høgare.

Les også: Slakter Norges innsats – ikke rustet for klimaendringer

Flom bryggen
Flom bryggen

Anja Bakken Riise, leiar for Framtiden i våre hender, meiner vi treng at fleire kommunar kjem på banen med ambisiøs klima- og miljøpolitikk.

Store internasjonale klimaavtaler kan kjennest fjerne. Lokale avtalar kan understreke at dette gjeld oss, vår kommune og våre bedrifter, seier Riise.

– Eg trur det er viktig at lokalsamfunna sender eit tydeleg signal til regjeringa om at dei vil vere med på klimadugnaden.

Anja Bakken Riise

– Diverre er bekymringa barn og unge har til klimakrisa heilt reell. Uroa dei har for korleis framtida deira vil sjå ut blir ofte oversett, seier leiar for Framtiden i våre hender, Anja Bakken Riise.

Foto: Terese Samuelsen

Likevel meiner ho at det er viktig at klima- og naturpolitikken ikkje blir eit lappeteppe. Kommunane, fylka og staten må samarbeide.

– Noreg har aldri nådd et klimamål, så det er openbert at statens arbeid for utsleppskutt, vern av natur og slutt på overforbruk går for sakte, seier Riise.

– Kommunane har òg eit ansvar både for å bidra til ein klimavenleg og berekraftig utvikling, og å planleggje for det, seier Laupsa i Miljødepartementet.

Les også: Åpner butikk uten ansatte og selger varer de vanligvis kaster

Bjarne Mosås Bodø Bakeri
Bjarne Mosås Bodø Bakeri

No har dei arbeidd med dette sidan september, og dei skal bruke eit heilt år for å finne ut korleis dette skal bli gjort.

Miljøkontrakten skal vere ferdig i oktober. Då begynner arbeidet med å få folk til å signere.

– Tilbakemeldingane frå dei som jobbar no er at dei vil sjå faktisk endring. No meiner dei at det har vore nok snakk. No vil dei ha handling, seier Høyem.

Les også: Regjeringen vil utrede testsenter for oljesøl i Arktis – i Horten

Slik ser Våg Arkitektur for seg at testsenteret på Fiskebøl skulle se ut. Nå skal planene revurderes.
Slik ser Våg Arkitektur for seg at testsenteret på Fiskebøl skulle se ut. Nå skal planene revurderes.