Vil du ha ein eigen nordnorsk stat?

Ei gruppe på Facebook vil opprette ein eigen nordnorsk stat ved namn "Republikken Hålogaland".

Nord-Noreg

Republikken Hålogaland.

Foto: NRK

Det skriv Brønnøysund Avis.

Gruppa vart starta då Idrettsstyret sa nei til eit OL i Tromsø, og har i skrivande stund over 900 medlemmar.

LES OGSÅ: Ein "søring" vil bli nordlending

Djupare kløft mellom nord og sør

Grunnleggjar Håkon Andre Winther meinar gapet mellom nord og sør har vorte djupare etter at OL-draumen brast.

- Eg starta gruppa i rein frustrasjon. Det som fekk begeret til å renne over var måten Idrettsstyret sa nei til OL på, seier Winther til NRK Nordland.

LES OGSÅ: Vestlandet er farlig

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

...Russland blir en av våre viktigste samarbeidspartnere. Ser man historisk på det, så har Russland alltid vært Hålogaland sin viktigste samarbeidspartner, helt siden Tore Hund i vikingtida og senere i den viktige Pomortida, hvor de russiske pomorene kom med sine vel etterlengtede handelsvarer til oss...

Frå Facebook-gruppa "Republikken Hålogaland"

Han meinar ein nord-norsk stat vil vere levedyktig.

- Nord-Noreg har mange ressursar både i havet og på land. Men i dag vert desse ressursane forvalta i Sør-Noreg. Eg meinar me må sjå på kva me får igjen for dette, seier Winther.

Han seier vidare at Nord-Noreg er sett tilbake om ein ser på fordelinga av ressursar mellom nord og sør.

- Det er ikkje tvil om at Nord-Noreg er sett tilbake i forhold til Sør-Noreg. Me tapar når godene skal fordelast, seier Winther.

...Republikken Hålogaland vil være på størrelse med Island i folketall, men med et ekstremt større ressursgrunnlag og strategisk betydning. Statsbudsjettet ville ligge i størrelsesorden 500 milliarder årlig, fordelt på 470.000 inbyggere i 2018. Det tilsvarer 1,25 millioner kroner årlig i verdiskapning per barn, arbeidstaker og pensjonist!! ...

Frå Facebook-gruppa " Republikken Hålogaland"

Folk er provoserte

Winther merkar på tilbakemeldingane han har fått at folk byrjar å verte provoserte over måten Nord-Noreg vert behandla.

- Folk er leie og ynskjer at det skal satsast i nord. Responsen har vore formidabel. Det har skote i veret dei fire dagane gruppa har eksistert, fortel Winther.

LES OGSÅ: Den nordnorske "offerrollen"

Motpol til Sør-Noreg

Winther ynskjer å opne augene til folk og skape debatt.

- Ein kan kalle det eit forsøk på å skape ein motpol til Sør-Noreg. Eg trur ikkje ei Facebook-gruppe kan skape ein ny stat, men eg håpar at det kan skape ein debatt rundt nord-sør kløfta, seier Winther.

LES OGSÅ: Tjente på OL-nei

...Vi behøver ikke Sør-Norge lengre. Det er de som behøver oss! .....

200 års undertrykking er nok!!! ...

Frå Facebook-gruppa "Republikken Hålogaland"