Hopp til innhold

Rekordprisar på straum i sør – men i nord klarar ein ikkje bruke opp alt

– Magasina er fulle, seier forvaltningssjef.

Skøyte på vei ut fra Røst.

NORD-NOREG: Her frå Røst.

Foto: Synnøve Sundby Fallmyr / NRK

Straumen kan altså bli dyr.

Ein kraftanalytikar har ikkje sett så høge prisar i september, og spår tyske prisnivå.

Vel å merke: Det er i sør situasjonen er verst.

I nord er situasjonen ein heilt annan. Det fortel Johnny Greger Horsdal.

– Vi har fulle magasin. Her er stort overskot av kraft, seier han til NRK.

Han er forvaltningssjef i SKS Handel. Dei handlar straum mellom anna på vegne av SKS Produksjon og Polar Kraft som har kundar i heile landet.

Han fortel om tre kraftverk som vil kome inn med 1200–1300 megawatt: Svartisen, Rana og Kobbelv.

– Det gjer at det er rikeleg med kraft tilgjengeleg i Nord-Noreg, forklarar han.

God kontroll på situasjonen

Horsdal opplyser om ei spotpris på 57 øre i nord. Mot 9,6 øre i fjor.

– Så vi har fått ein kalddusj. Men dei i sør har derimot over ei krone per kilowattime, som jo er betydeleg høgare enn i nord.

1,20 i Sør-Noreg, for å vere meir presis.

FORKLARER KORLEIS DET HENG SAMAN: Johnny Greger Horsdal i SKS Handel.

Horsdal er ikkje redd for at vi vil sjå straumprisar her oppe i nord, på nivå med det ein ser ute i Europa.

Onsdag var prisen i England oppe i 30 kroner per kilowattime, fortel han.

– I Tyskland har du også mykje som trekker prisane oppover.

– Men her har vi god kontroll.

At prisane ligg an til å bli stive i Sør-Noreg, det skuldast enkelt og greitt at det er frykteleg lite vatn der.

– Enkelte område er det under minimum.

I nord, derimot, har det regna meir.

Meiner meir av forbruket kan flyttast til Nord-Noreg

– Men kan det bli dyrt også her framover?

– Vi blir ikkje å kople oss på dei kontinentale prisane her i Nord-Noreg. Vi ligg lengst ute på strengen.

Han peikar mellom anna på vindkraft som ei årsak til at prisane held seg relativt låge i Nord-Noreg.

Horsdal meiner vi har meir enn nok straum til å forsyne nyetableringar, og oppfordrar næringslivet til å legge fabrikkane sine her oppe.

– Her er eit betydeleg konkurransefortrinn i nord. Det er bra at ein flyttar meir av straumforbruket hit, meiner han.

På det jevne

Ann Østenby, seksjonsleiar hos NVE, bekreftar at det er meir vann i magasina i Nord-Noreg. Ho vil ikkje sei at magasina er fulle, men at det er ein situasjon på det normale.

– Om lag der det pleier å vere, seier ho til NRK.

Ann Østenby, seksjonssjef i Norges vassdrags- og energidirektorat.

FØLGJER MED: Ann Østenby er seksjonsleiar hos NVE.

Foto: Kjartan Rørslett / NRK

I sør har det derimot kome mykje mindre regn enn normalt.

– Kan vi ikkje berre sende straum frå nord til sør, då?

– Det er ikkje så enkelt. Straum overførast via kraftkablar, og det er avgrensa kor mange kraftkablar vi har mellom nord og sør.

– Noko av straumen frå Nord-Noreg kan også gå via Sverige. Men akkurat no er det litt avgrensingar i kapasiteten mellom nord og sør, både i Noreg og Sverige, og det gjer at det ikkje er så lett å sende straumen sørover.

Dobbelt så høg i sør

Ho syner til det man kan kalle kraftbørsen. Det er her krafta omsetjast. For forbrukaren vil det tilkome nettleige og avgifter på straumrekninga.

– Den var i førre veke rundt dobbelt så høg i Sør-Noreg som i Nord-Noreg.

Kraftprisen sør i Noreg var i snitt 110 øre/kWh førre veke – ein auke på 6,5 prosent frå veka før. Mens prisen i nord framleis i snitt var på 50 øre/kWh.

Kraftprisen i Tyskland og Danmark var i snitt 130 øre/kWh.

På spørsmål om Østenby deler analysen av framleis relativt låge prisar i nord, seier ho at det avheng av vær- og nedbør.

– Vi pleier ikkje å spå kraftprisar. Men ut frå ressurssituasjonen i Nord-Noreg, ser prisane normale ut.