Hopp til innhold

Startar utgreiing av akutt- og fødetilbod

Styremøtet i Helse Nord RHF vedtok i dag å gå i gang med utgreiinga om omstilling av akutt- og fødeeiningar i Nord-Noreg.

Det skriv avisa Fremover.

I november fekk Helse Nord RHF oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet om å vurdere endringar i funksjon- og oppgåvedeling.

Tysdag var det styremøte i Helse Nord der blant anna sentralisering av tenester var tema.

Styret har vedtatt å starte utgreiinga av korleis einingar og funksjonar i helseføretaket er organiserte. Det inneber blant anna akutt- og fødeeiningar, psykisk helsevern, planlagt kirurgi og rehabiliterings- og habiliteringstenester.

– Det vi står i er at det er stor mangel på fagpersonar i Nord-Noreg. Den medisinske utviklinga og auka spesialisering gir oss stadig større problem i både dei store og dei små sjukehusa i regionen, sa Marit Lind, administrerande direktør i Helse Nord.

Ønsket om å sentralisere tenester kjem på bakgrunn av at det er eit stort problem for føretaket å rekruttere og bemanne ein sjukehusstruktur som er spreidd over eit stort område.

– Vi har i dag elleve akuttsjukehus i ein desentralisert struktur. Dei er plasserte med utgangspunkt at det er store avstandar mellom kvarandre, seier Lind.

Dette har ført til at dei nokre stader ikkje klarar å halde oppe desse funksjonane.

– Vi ser at vi på fleire stader strever med å bemanne desse funksjonane og vi ser nokre stader at det er samanbrot av viktige funksjonar, fordi vi ikkje klarar å bemanne desse stillingane, sjølv med bemanningsbyrå, seier Lind.

Bildet viser ei fødestove på sjukehuset i Bodø, Nordlandssjukehuset.
Foto: Ingrid Gulbrandsen Årdal