Hopp til innhold

Spelte inn porno i ei badstove i Lofoten: – Er vel ikkje anna å vente når vi kalla ho «Lyst»

Hotelldirektøren hadde håpa på stor merksemd rundt den nye badstova i Lofoten. Men ikkje heilt på den måten han hadde tenkt seg.

Lyst badstue på Thon Hotel Svolvær

Badstova er tilgjengeleg for både gjestar og andre, ein kan også leige heile badstova privat.

Foto: Thon Hotel Svolvær

I sommar opna Thon Hotel i Svolvær si splitter nye flytande badstove.

Hotelldirektør Erik Taraldsen hadde håpa på stor merksemd rundt tilbodet i Lofoten.

Det har dei no fått, men kanskje ikkje heilt på den måten dei hadde tenkt seg.

For badstova «Lyst» har blitt brukt til å spele inn pornofilm.

Det var vel ikkje akkurat dette eg så for meg, då eg spådde at den nye flytande badstova skulle få internasjonal merksemd, seier hotelldirektøren til NRK.

Han legg til:

Eg tenkte meir på plasseringa midt i Svolvær hamn og dei fantastiske byggjearbeida som er gjennomførte for å få badstova til å stå fram som ho gjer.

Det er to videoar der ei kvinne og ein mann har sex inne på badstova. Videoane er publisert på verdas største pornonettstad og har i skrivande stund 60.000 og 16.000 visningar.

– Det var vel ikkje anna å vente når vi kalla ho «Lyst».

Lyst badstu på Thon Hotel Svolvær

Hotelldirektør Erik Taraldsen seier at han hadde tenkt at badstova skulle bli kjent for at det er den einaste badstova i Noreg som er bygd universelt utforma slik at alle skal kunne bruke ho.

Foto: THON HOTEL SVOLVÆR

– Samtidig kan vi ikkje sjå vekk frå at dei har latt seg inspirere av torsken som har para seg i Lofoten i tusenvis av år, og blitt til ein av regionen si sterkaste merkevare. Akkurat det er ein historie vi er meir stolte av å kunne presentere, seier Taraldsen.

Lite dei kan gjere

Men frå spøk til alvor, så seier hotelldirektøren at det er lite dei kan gjere for å fjerne videoen frå internettet.

Hotellet og staden er ikkje identifisert, og kva to vaksne menneske gjer, med samtykke, er heller ikkje noko vi kan leggje oss opp i.

Han legg til at dette er noko hotellet ikkje kan gardere seg mot.

TOM RESTAURANT: De nye smitteverntiltakene som kom denne uken har særlig rammet serveringsbransjen hardt. Hotelldirektør Erik Taraldsen ved Thon Hotel i Lofoten ser ut i tomme lokaler.

– Kva to vaksne menneske gjer, med samtykke, er heller ikkje noko vi kan leggje oss opp i, seier hotelldirektør Erik Taraldsen.

Alle gjestene kan få tilgang til både hotellrom og badstove, og vi skal ikkje overvake gjestene våre.

Det er eigne retningslinjer for å bruke badstova, men der står det ingenting om å ha sex. Det er derimot reglar for at ein skal ha på seg badeklede og bruke handduk.

– Dei bryt for oss ikkje nokre reglar, anna enn at dei ikkje har på seg badeklede.

Til NRK seier hotelldirektøren at dei kan vurdere å melde det til politiet, men det er førebels usikkert.

– Dette er nokon som ikkje er her ifrå, så vi har vanskar med å finne ut av kven dei er.

Det var Lofotposten som skreiv om saka først.

Er dette lovleg?

Professor ved institutt for privatrett ved UiO, Olav Torvund, seier til NRK at sjølve filminga truleg ikkje strir med norsk lov.

– Det kan hende det vil vere i strid med ein avtale dei har med hotellet. Men det er vanskeleg å sjå at sjølve filminga er ulovleg.

Lyst badstu på Thon Hotel Svolvær

Hotelldirektør Erik Taraldsen understrekar at reinhald og desinfeksjon av badstova blir gjennomført jamleg.

Foto: THON HOTEL SVOLVÆR

Torvund føreset då at dei involverte i filmen har vore med på dette frivillig.

– Viss det hadde vore mot nokon si vilje hadde det vore snakk om overgrep. Det blir noko anna.

Det er få samanliknbare døme i Noreg, men Torvund dreg fram eit «liknande» døme frå 1997.

Sex på Kon-Tiki museet

I Aftenposten si papiravis kunne ein lese at Kon-Tiki museet hadde fått uventa besøk då selskapet Nordic Publishing produserte ein film der ei kvinne og ein mann hadde sex i fleire akter, inne på museet.

Den saka enda med at namsretten i Oslo fatta ei rettsavgjerd på at bileta var forbodne å publisere.

Grunnlaget var at Kon-Tiki Museet hadde opphavsrett på Kon-Tiki-bilete. Dagens Næringsliv skreiv i same tidsperiode at filmen, som også hadde scener frå Vigelandsanlegget, vart trekt frå internett etter rettsavgjerda.

Kon-Tiki museet på Bygdøy.

Tidlegare hadde ein mann og ei kvinne hadde sex inne på Kon-Tiki museet.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

– Dei kom til at dette krenkte Kon-Tiki Museets opphavsrett. Men det treffer nok ikkje i ei badstove. Det var ei merkeleg avgjerd også den gong.

Professoren seier hotellet sjølvsagt kan lage reglar for at det ikkje er lov å filme i badstova. Likevel vil ikkje det vere eit brot på norsk lov.

– Dei har sikkert gjort noko som hotellet liker veldig dårleg. Men det er vanskeleg å sjå at dei har gjort noko ulovleg her.