Hopp til innhold

Markeringar fleire stadar i landet: – Det finst vilje der ute til å faktisk vise motstand

Rundt om i Noreg demonstrerer folk og krev stans på angrep mot sivile i Palestina og Israel.

Den norske kirke demonstrasjon "stopp drapet på sivile"

På Eidsvolls plass har menneske i alle aldrar samla seg i solidaritet og med eit felles ønske om fred i Israel og på Gazastripa.

Foto: Frederik Ringnes / NTB

Fleire hundre møtte laurdag til ein fredsdemonstrasjon utanfor Stortinget i Oslo.

Dei har samla seg i solidaritet og med eit felles ønske om fred i Israel og på Gazastripa.

Markeringa kjem etter Hamas-angrepet mot sivile i Israel 7. oktober og dei følgjande israelske luftangrepa mot Gazastripa.

I eit sjeldan breitt fellesarrangement har både Amnesty, Den norske kyrkja, Leger Utan Grenser, Redd Barna, Kirkens Nødhjelp, Norsk Folkehjelp og LO slått seg saman i ein fredsdemonstrasjon. Det skriv NTB.

– Konflikten har allereie kravd fleire tusen menneskeliv. Organisasjonane våre står samla bak eit krav om at drepinga må ta slutt, og at folkeretten og humanitære lover blir respektert.

Det seier leiar i Amnesty, John Peder Egenæs, på vegner av koalisjonen.

Det har også vore markeringar andre stadar i landet, blant anna i Tromsø, Bodø, Bergen og Drammen.

Solidaritetsmarkering for Palestina i Bodø

Tre venninner i Bodø arrangerte ei solidaritetsmarkering for sivile på Gaza laurdag.

Foto: Matilde Mørk / NRK

– Vise at vi bryr oss

I Bodø møtte også fleire opp utanfor Stormen bibliotek for å vise solidaritet med dei sivile på Gaza.

Ida Tveter er ein av arrangørane, og saman med to andre venninner ønska dei å stå opp for dei som er ramma av konflikten.

– Det er klart at alle blir makteslause i denne situasjonen, og stemmene våre er små. Men vi trur at viss vi alle snakkar høgt og bruker stemma så kan vi påverke makthavarane.

Solidaritetsmarkeinga "Stopp drapene på sivile" i Bodø. Foran Stormen Bibliotek lørdag 28. oktober møtte rundt 100 mennesker opp for å vise solidaritet med de sivile i konflikten på Gaza.

I Bodø møtte også fleire opp utanfor Stormen bibliotek for å vise solidaritet med dei sivile på Gaza.

Foto: Matilde Mørk / NRK

Sidan 7. oktober har det knapt kome inn forsyningar av mat, vatn, medisinar og drivstoff til Gazastripa.

Mange mindre sjukehus er ute av drift som følgje av manglande drivstoff til aggregat. Mangelen på medisin og utstyr fører til at legar må operere på golvet og bruke eddik til å reinse krigssår, skriv NTB.

Som legar og helsearbeidarar, seier Tveter og venninnene at det går ekstra mykje inn på dei å sjå korleis også sjukehus blir bomba.

– Dei som skal gi helsehjelp har ikkje høve til å gjere det, fordi dei også er under angrep, eller fordi dei ikkje får dei resursane dei treng for å kunne hjelpe, seier Tveter.

Les også Utenriksministeren om nattas bombing i Gaza: – Vi mener man går for langt

Espen Barth Eide utenfor UD

Dag Storhaug er ein av dei som møtte opp på markeringa i Bodø. Han syns det er viktig å vise ein avstand til valdshandlingane som skjer.

Kva tenkjer du dykk oppnår?

– Det kan føre til at folk ser at vi bryr oss. Det finst vilje der ute til å faktisk vise motstand sjølv om verda elles er stille på området.

Solidaritetsmarkering for sivile som er rammet av konflikten mellom Hamas og Israel

Dag Storhaug seier det er viktig å møte opp og vise at ein bryr seg.

Foto: Matilde Mørk / NRK

Krev våpenkvile

Framfor rådhuset i Tromsø møtte mange opp for å krevje våpenkvile i Palestina.

– Det er heilt utruleg at Israel får halde fram med dette, seier styreleiar i Palestinakomiteen i Tromsø, Inga Bårdsen Tøllefsen.

Ho meiner at folk må leggje press på politikarane for å innføre sanksjonar mot Israel.

Demo Bergen

Fleire av dei som demonstrerte i Bergen sentrum hadde kledd seg i folkedrakter.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Fleire organisasjonar demonstrerte også i Bergen sentrum laurdag.

Fleire av dei som demonstrerte hadde plakatar med slagord, og dei hadde kledd seg i folkedrakter. Mange av dei var palestinarar som protesterte mot Israel.

På Bragernes torg i Drammen møtte også fleire hundre opp. Palestinakomiteen for Buskerud og omland, Arabisk foreining, og Det islamske forbund i Buskerud inviterte til solidaritetsmarkeringa.

Solidaritetsmarkering i Drammen

«Fri Palestina» og «Gaza skal leve» runga over torget mellom dei mange appellane.

Foto: Henning Rønhovde

– Vi ønska å ta avstand frå folkemordet

Også på litt mindre stadar har det vore markeringar. I Sandnessjøen på Helgeland arrangerte SV og Raudt ei solidaritetsmarkering på torget.

– Vi ønska å ta avstand frå det folkemordet som går føre seg og vise solidaritet for palestinarar som har kjempa for landet sitt i snart 75 år.

Det seier Margit Steinholt frå Raudt Alstadhaug. Ifølge ho dukka det opp rundt 50 personar, noko ho meiner er bra.

Fra venstre: Kari Bruheim hadde komponert en joik. Appellantene Christian W. Kynsveen (SV) Muhammad Tunisi (opprinnelig fra Vestbredden) og Margit Steinholt (R).

Kari Bruheim (frå venstre) hadde komponert ein joik til markeringa i Sandnessjøen. Her står ho saman med appellantane Christian W. Kynsveen (SV) Muhammad Tunisi og Margit Steinholt (R).

Foto: Mari-Ann Nergård Johansen

– Vi nekta å sitte stille og sjå på at forsvarslause menneske blir bomba i hel. Gazastripa er jo omtrent like lang som frå Sandnessjøen til Tjøtta, og der bur det over 2 millionar menneske som ikkje har ein stad å rømme.