Hopp til innhold

Slik unngår du radon

Slik unngår du gassen, som er ansvarleg for 300 kreft-dødsfall på landsbasis kvart år.

Radonmåler.

Med ein slik boks kan du måle radonverdien i huset du bor.

Foto: NRK

Ein av ti bustadar i Nore har for høge verdiar av den luktfrie, usynlege og radioaktive gassen radon, viser undersøkingar utført av Statens Strålevern. Kvart år døyr 300 menneskjer av lungekreft dei har fått som følgje av den radioaktive gassen radon.

Les: Kartlegger radioaktiv gass

Helse- og Miljøtilsynet i Salten skal kartleggje Radon-nivåa i både offentlege og private bygg i Salten-området frå i haust. Men det er også mogleg for den enkelte å undersøkje bustaden dei bur i.

- Det aller beste er å gjere målingar med sporfilm. Det er ein liten boks som ein plasserar i eit rom i huset i to månader i vinterhalvåret, seier seniorrådgivar Ingvild Engen Finne i Statens Strålevern.

I vinterhalvåret er radonverdiane mest stabile. Derfor kan det vere hensiktsmessig å vente til oktober med å starte nye målingar.

Viktig ved kjøp av bustad

Statens Strålevern oppmodar folk til å gjere undersøkingar også ved kjøp av bustad.

- Ein bør etterspørre om det er gjort målingar. Verdiane kan variere veldig frå hus til hus innanfor eit lite område, så det er viktig at ein har målingar i det enkelte hus, seier Engen Finne.

Radon siver inn i hus

Radongassen kan sive inn i hus gjennom bakken.

Foto: NRK

Ved å kontakte Statens Strålevern får ein ei firmaliste over firma som leverer sporfilmar. Engen Finne seier det også er viktig å gjere førebyggjande tiltak ved bygging av ny bolig.

- Det handler om å sørgje for at det er tett mellom bustaden og grunnen, slik at ikkje jordluft trengjer inn i huset. Her finns det radondukar og andre metodar ein kan bruke for å tette igjen. Ein kan også installere såkalla radonsug, som gjer at radon blir fanga opp under huset og ført over taket.

Regjeringa jobbar no med ein nasjonal radonstrategi, som vil kome om kort tid. Statens Strålevern jobbar med som rådgivar og med informasjonsarbeid, i tillegg til kartlegging av radon.

Ynskjer meir kartlegging

Helse- og Miljøtilsynet i Salten skal kartleggje Radon-nivåa i både offentlege og private bygg i Salten-området frå i haust. Det meiner Statens Strålevern er eit glimrande tiltak.

- Det er heilt suverent. Det er veldig fint at kommunane tar tak i dette, og gjennomfører karlegginger, seier Engen Finne.

Sørfold er ein av kommunane som skal kartleggast. I 2004 ble ei liknande undersøking gjennomført her, utan at det blei funnen store radonverdiar. Likevel meiner helsesjef Jarand Jestland i Sørfold kommune kartlegginga er viktig.

- Dette er eit kommunalt ansvar. Eg ser ingen grunn til at ein ikkje skal skaffe seg eit best mogleg bilete av risikofaktorane, seier han.

Tal frå Statens Strålevern viser at 9 av 10 nordmenn ikkje veit om dei har radon i bustaden sin.