Hopp til innhold

Raudt farevarsel for snøskred fleire stader i landet

Etter ein lang, kald tid med klarvêr er det no meldt mykje nedbør. Det gir raudt farevarsel for snøskred på Helgeland i Nord-Trøndelag og fleire stader på Vestland.

Person omkom etter snøskred i Meløy

25 år gamle Arne Andersen omkom i ei skredulykke på Ronsfjellet i Meløy laurdag førre veke. Snøskredfaren stigar mot helga, når det er venta mildare vêr og kraftig nedbør.

Foto: Alexander Ravik / Alexander Ravik

Kanskje har du planlagt eit lite julebesøk til helga.

Men bor du vest eller nord i landet er rådet til meteorologen og snøskredvarslarane klart:

Ikkje dra deg ut på ein køyretur som ikkje er heilt naudsynt.

Det er nemleg meldt mykje vêr fredag og laurdag.

Raudt fare for snøskred i Nordland og Vestland

Markus Eckerstorfer, vaktleiar snøskred fortel at dei oppgraderer farevarslet til faregrad fire, altså raudt varsel, for områder både i Nordland og i Vestland.

Ved Svartisen på Helgeland og Nord-Trøndelag sør for Helgeland blir det raudt varsel for snøskred laurdag.

Eckerstorfer fortel at det berre er når det er faregrad fire på varselet at varslet for helgeland óg gjeld Nord-Trøndelag.

Farevarsel for glatt vei i Trøndelag og Helgeland torsdag kveld

Meteorologisk institutt har allereie ute farevarsel for glatt veg i Trøndelag og Helgeland torsdag kveld.

Foto: skjermdump / meteorologisk institutt

– Vil trafikken bli påverka av snøskreda denne helga?

– Snøskredvarselet gjeld for heile regionen, men at det førebels er vanskeleg å seie heilt sikkert kvar skreda vil gå og kor store dei vil bli, seier Eckerstorfer.

Også Vestlandet får raudt farevarsel på snøskred på Sunnmøre, inrde Fjordane og indre Sogn og Voss.

– Skredfaren tar seg opp allereie i morgon. Noko stader får betydelig faregrad 3, men på laurdag er det faregrad 4.

Men han legg til at det kan vere at varselet blir juster ned dersom vêrprognosane endrar seg.

– Det er ulik skredfare i resten av landet, men høgast skredfare blir rundt Svartisen og vestlandet Sunnmøre til Hardanger. Slik ser det ut ifrå vêrprognosane nå, seier vaktleiaren.

Skal du ut med bil, bør du ha kontroll på farevarsla yr på varsom.no.

Han legg til at dei òg har ute snøskredvarsel på Svalbard.

Les også Kraftig lavtrykk på vei: Jula kan regne bort i store deler av landet

Trist julevær

Vegtrafikksentralen nord: – Alle mann til pumpene

Håvard Langmoe, driftsleiar i Vegtrafikksentralen Nord, fortel at dei og brøytemannskap i Nordland er budde på vêret som kjem.

– Først blir det mykje snø, så begynner det å regne. Då blir det glatt. Det kjem til å bli vanskelege køyreforhold, seier han.

– Alt mannskap kjem til å vere ute. Det blir alle mann til pumpene kan du seie.

Han fortel at dei som er ute på vegane førebuer seg på det som kjem med å planlegge frie vatnveger i tillegg til at alt brøytemannskap er klare.

Atmosfæisk elv treffer Norge

Årsaka til vêromslaget er ein atmosfærisk elv som treff Noreg fredag kveld.

Foto: skjermdump / meteorologisk institutt

Langmoe seier dei er førebudd på stengde fjellovergangar. Særleg Saltfjellet og kanskje Beiarfjellet er utsett.

Difor ber han folk som har tenkt seg ut på vegen om smørje seg med tolmod, og ta høgde for kø dersom det blir behov for bilberging. Spesielt vogntog trur han vil få problem.

– Eg ville vurdert sterkt om eg ville reist på laurdag eller om det går an å utsette reisa til over helga. Det vil bli utfordrande å reise over fjellovergangar på laurdag.

Driftsleiaren seier dei forventar fleire varsel om både snøfokk og regn.

Les også Snøkaos gir betydelig fare for snøskred i Nordland

Bygevær i dag. Bø, Vesterålen.

– Kan det bli skredfare som går ut over veg også?

– Vi har ein del skredutsett veg i nordland som kan bli vurdert stengt. Vegfagleg personell i samråd med geolog vil i tilfelle ta den avgjerda. Dei vurderer meldingane som kjem og gjer observasjonar i terrenget.

Han seier det vil ta tid før alt av vegnett er strødd. Jo verre vêret blir, jo lenger tid vil det ta.

– Vi får alt som kan komme av dårleg vêr og føre. Vi får full pakke kan du si.

Statsmeteorologen: – Mykje vêr

– Det er mykje vêr på veg inn over Noreg, fortel statsmeteorolog, Tone Christin Thaule.

Førebels er det gult varsel på snøskred for heile Nord-Noreg bortsett frå på vidda og i Aust- Finnmark på yr.

– Det er venta regn i område som nå har snø. Det kan bli ei utfordring i trafikken, seier statsmeteorologen.

Les også Væromslag gir økende snøskredfare – varsler om rødt farenivå

Person omkom etter snøskred i Meløy

Det er venta ein del vind frå aust. Det gjer også at skipstrafikken kan bli råka.

Difor er det ute gult farevarsel for ising på skip i kyst og fjordstrøk i Finnmark.

– Dette vêret kjem til å påverke heile Noreg. I dag er det eit lågtrykk som ligg på Vestlandet og fir regn. Dette vil trekke nordover og gi vindauking der, fortel Thaule.

Men sjølv om det allereie regnar, er det mot helga det vil bli utfordrande på Vestlandet.

Natt til laurdag kjem nemleg eit nytt vêrsystem som vil gi meir nedbør.

– Laurdag morgon trekker dette regnvêret vidare til Nordland. Nokon stader kjem det til å felle som snø.

Meteorologen fortel at vêret kjem frå vest i Atlanterhavet. Det plukket opp nedbør over lang distanse. Det er dette som no vil gi utfordringar med nedbør.

Laveste temperatur i Sør- og Nord-Norge natt til torsdag.

I Folldal, nord i Innlandet fylke blei det natt til torsdag måla -31,3 grader. I Karasjok nådde gradestokken 32,5.

– Sidan det har vore veldig kaldt på førehand kan snøen bremse opp vatnet. Det kan gjere at vatnet har problem med å renne vekk, seier Thaule.

Les også Væromslag gir økende snøskredfare – varsler om rødt farenivå

Person omkom etter snøskred i Meløy