Hopp til innhold

Una må danse når ho høyrer musikk: – Eit urgamalt instinkt

Urgamle instinkt blir sett i sving når hjernen din oppfattar musikk. No kan forskarane også sjå danselysta i augo dine.

Artisten på scena eller i radioen begynner og spele, og plutseleg skjer det:

Nesten utan at du merkte det har kroppen din begynt å danse.

Anten om du står tett i tett på ein festival, eller om du sit heilt åleine, og fingrane dine trommer mot bilrattet.

Men kvifor skjer det?

Svaret kan ligge i den eldste delen av hjernen.

– Lever med heile kroppen

Førre helg var det mange dansande menneske på Revelen i Mo i Rana.

Der runga nemleg musikkfestivalen Verket ut av digre høgtalarar på grasmatta.

Heller ikkje Una Nikolaisen kunne la vere å danse til musikken.

Una Nikolaisen har rødt hår og hvit jakke. Hun står og smiler i en folkemengde foran hovedscena på Verkefestivalen.

Una Nikolaisen klarte ikkje å i ro då musikken begynte å runge ut over festivalen Verket i Mo i Rana.

Foto: Elise Fossland / NRK

– Når eg kjenner at ein lever med heile kroppen og nyt livet, må eg berre danse, seier ho til NRK.

– Det er noko med rytmen. Eg kjenner det liksom langt inne i sjela eller kroppen.

Og det er ikkje berre innbilling, viser ny forsking.

NM i å stå stille

Alexander Refsum Jensenius er forskar ved RITMO-senteret ved Universitetet i Oslo (UiO).

Han har forska i eit laboratorium på kva som skjer i hjernen når ein får lyst til å danse.

For å gjere det, måtte han ha svar på: Må vi verkeleg røre oss til musikk?

Difor arrangerte han eit NM. NM i stillstand, eller med andre ord, i å stå stille.

Særleg fordi det var ein seriøs konkurranse var svaret heilt klart for forskaren.

– Vi er nøydde til å bevege oss til musikk. I alle fall litt.

Forskar Alexander Refsum Jensenius viftar med hendene framfor ein datamaskin og ein skjerm mens han forklarar Han har mørkt, halvlangt hår, briller og svart skjorte.

Alexander Refsum Jensenius, forskar ved RITMO-senteret ved Universitetet i Oslo (UiO).

Foto: annica Thomsson / UiO

– Mange underliggande prosessar i hjernen blir påverka av musikk. Vi ser at det er område i hjernen der lyd og rørsle er kopla saman, seier Jensenius.

Pupillane avslører danselyst

Noko av det Jensenius oppdaga at gav danselyst var overraskande og ujamne rytmar, kalla «synkopar».

– Når hjernen må jobbe litt hardare med å forstå rytmane, og rørsle-senteret er meir aktivt, får vi meir trong til å danse, seier Vuoskoski.

Deira kollega, Connor Spiech frå UiO, fann ut at det ikkje berre er kroppen som viser at du har lyst til å danse.

Det kan ein også sjå i ago.

En danser med mange sensorer på kroppen står foran en rekke datamaskiner og kameraer i forbindelse med et forskningsprosjekt om hvorfor man danser til musikk.

Elektronisk dansemusikk, også kjent som EDM, såg ut til å påverke mikrorørsla mest.

Foto: Universitetet i Oslo

Pupillane kan nemleg avsløre kor mykje merksemd ei oppgåve krev. Til dømes om danserytmen blir annleis eller stoppar heilt opp og begynner igjen, som i eit såkalla «drop».

– Det viser seg at når folk høyrer på musikk, kan vi sjå endringar i augo deira om kor merksame dei er, seier Spiech.

Diverre er ikkje dette noko du kan sjå hos partnaren på dansegolvet. Det er snakk om ørsmå endringar som berre er synlege i kontrollerte forhold i laboratoriet.

Les også Vi drikk meir i ferien enn i kvardagen: – Kan vere byrjinga på alkoholmisbruk

En person holder en oransje drink i sola foran et basseng.

Ein empatisk dansar

Det er også noko musikk som gjer at vi får meir lyst til å røre oss.

Særleg når pulsen i musikken er lik pulsen til hjartet eller litt raskare, fann forskarane ut at vi får lyst til å danse.

– Dansemusikk fungerer ekstra godt. Særleg den på rundt 120 bpm, forklarar Jensenius.

Elektronisk dansemusikk, også kjent som EDM, såg ut til å påverke mikrorørsla mest, og forskarane valte difor å konsentrere seg om denne sjangeren.

– Når det gjeld dans, så vil kroppskontroll og forholdet ditt til musikk bety noko, seier Jensenus.

Men han legg vekt på at også dei «håplause» og «tonedøve» er betre til å danse enn dei trur sjølv.

– Min erfaring er at folk dansar heilt fint, viss dei får fridom og ingen ser på dei.

Slik var bevegelsessensorer montert på forsøkspersonene i eksperimentene gjort når folk skal danse. En mann med svart bukse og grå genser har et armebånd med sensorer på hver overarm.

Slik var rørslesensorane montert på forsøkspersonane i eksperimentet.

Foto: UiO

Men når forskarane såg på dei mikroskopiske rørslene til deltakarane, spelte det ingen rolle om dei var stjerner på dansegolvet.

Kva personlegdomstype ein har, hadde derimot mykje meir å seie.

Personane som scora høgt på emosjonell respons, altså empati, bevegde seg meir enn andre.

Det fortel Jensenius at også stemmer med andre studiar som viser at empatiske menneske speglar andre menneske, og steller seg meir til omgjevnadane sine.

Urgamle krefter i sving

Men kva er det eigentleg som skjer når ein føler ein må danse?

Jonna Vuoskoski, førsteamanuensis ved Institutt for musikkvitskap ved UiO forklarar at å røre seg til musikk kan ligge langt tilbake i evolusjonen, i «fight-or-flight»-responsen.

– Dei primitive delane av hjernen gir beskjed om at det kan bety fare, særleg om musikken er rask og høglydt.

– Ein kan sjå det same hos mange ulike dyr. Difor kan det kome frå langt tilbake i evolusjonen.

Jonna Vuoskoski har lyst hår i en hestehale og blå øyne. Hun har på en bluse med røde og blå blomster på hvitt underlag og smiler til kamera.

Jonna Vuoskoski er førsteamanuensis i musikkognisjon ved universitet i Oslo.

Foto: Universitetet i Oslo

Men ho påpeiker at fare ikkje er ein veldig sterk forklaring på kvifor vi har lyst til å danse.

Frå studiar av hjernen veit dei at områda i hjernen som er ansvarleg for å planlegge og simulere rørsle blir aktive når ein høyrer musikk. Sjølv om ein ligg heilt stille.

«Fight-or-flight»-responsen skjer i den eldste delen av hjernen, men simuleringa til rørsle og det som gjer at vi vil bevege oss i takt med musikken kjem frå nyare delar, forklarar forskaren.

– Desse områda eksisterer i ein meir vid forstand når vi samhandlar med andre menneske. Det gir ei indre forståing av andres kjensler og rørsle.

Mange dansende og glade mennesker foran en scene på musikkfestivalen Verket.

Vuoskoski forklarer at det er ein teori som seier at musikken simulerer rørsle. Vi må føresjå rytmane slik at vi kan planlegge rørsla våre, og å bevege seg i takt med andre gjer oss òg meir samanbundne med kvarandre.

Foto: Lars-Petter Kalkenberg / NRK

Det er sannsynleg at holebuar-menneske også brukte musikk for å synkronisere rørsle og kjensle med andre holebuarar, ifølge forskaren.