At personkjemi trumfar ideologi i lokalpolitikken, er eit velkjent fenomen.
Og dette har dei fått kjenne på i Leirfjord kommune i Nordland den siste tida.
Det har lenge vore knytt spenning til kven som skulle styre i Leirfjord dei neste fire åra.
På den eine sida var Arbeidarpartiet og SV.
På den andre sida var Sp og Frp.
Dei hadde ni mandat kvar – og jokeren vart med det Raudt med sitt eine mandatet.
Raudt-leiar Alf Harald Sælevik i Leirfjord sat med det nøkkelen til kven som vart ordførar i kommunen.
Det har skapt politisk drama lokalt.
Pest eller kolera
4. oktober gjekk det føre seg forhandlingar i Leirfjord, og der vart det klart at lokallaget i Raudt hadde valt å støtte Frp og Sp.
Partia samla seg om Kay Rune Nersund frå Frp som ordførarkandidat.
Sjølv var Sælevik ikkje samd i avgjerda som lokallaget hadde teke.
– Det er litt vanskeleg. Eg ville helst gått fleire rundar for å prøve å få ein koalisjon på venstresida. Men det fekk eg ikkje gehør for. Når ein har valt den vegen, så er det slik det er. Eg må berre akseptere det lokallaget mitt har sagt, har han tidlegare sagt til NRK.
Det første kommunestyremøtet med det nye kommunestyret i Leirfjord.
Foto: Lars-Petter Kalkenberg / NRKIfølgje Sælevik stod det reelle ordførarvalet i Leirfjord for Raudt mellom pest og kolera.
Han utdjupa at det er kolera i form av ein ordførar dei liker, men som representerer eit parti og ein politikk langt borte frå Raudts kjerneverdiar. Eller pest i form av ein ordførarkandidat dei har lite tillit til, men der den nasjonale politikken til partiet er nærare Raudt.
Og i byrjinga av oktober fall valet til lokallaget på «kolera».
Men no har Sælevik endra meining og gått for «pest» i staden for.
Gjorde sambuaren til varaordførar
For kvelden før kommunestyremøtet braut Sælevik med Leirfjord Raudt, og opptrer no som fristilt representant.
– I Leirfjord har partia på venstresida Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og fristilte representantar frå Raudts liste, vorte samde om ei felles politisk plattform for dei neste fire åra, skriv Sten Rino Bonsaksen Ap, Åshild Pettersen SV og Alf Harald Sælevik i ei felles pressemelding.
Sten Rino Bonsaksen vart offisielt valt til ordførar og Åshild Pettersen vart valt til varaordførar under onsdagens kommunestyre.
Foto: Lars-Petter Kalkenberg / NRKDet skal også nemnast at Åshild Pettersen frå SV er sambuaren til Sælevik. Ho blir no varaordførar.
Og med det blir ikkje Nersund frå Frp ordførar likevel.
– Ein blir litt sjokkert at han opptrer på ein sånn måte. Eg ser jo at han har ein motivasjon for å gjere det, for sambuaren hans er toppkandidaten for SV. Ho blir jo no varaordførar, seier Nersund.
– Rysta
– Han vel å bryte med det han sjølv har sagt i valkampen og han vel å bryt med det Raudt har bestemt, seier Nersund.
Han syns ikkje det er bra at personlege relasjonar skal bli avgjerande for det politiske utfallet.
– Det syns eg ikkje er bra.
– Ein blir litt sjokkert at han opptrer på ein sånn måte, seier Kay Rune Nersund frå Frp, som på målstreken vart vraka som ordførar.
Foto: Lars-Petter Kalkenberg / NRK– Korleis er reaksjonane i Leirfjord?
– Vi som var einige med samarbeidet er litt skaka over det som har skjedd.
Han meiner det er omsynet til sambuaren som har fått Sælevik til å bytte side.
– Det er skuffande at det blir gjort på ein slik måte. Det er ikkje ein ryddig måte å gjere det på.
Skuffa lokallag
Sælevik seier til NRK at grunnen til at han endra meining handla om politisk gjennomslag.
– Kva seier Raudt i Leirfjord om dette?
– Eg trur vi blir vennar. Eg trur det kjem til å gå fint.
Men det er ikkje heilt sikkert det skjer med det første.
Vararepresentanten Torill Pauline Walla (Rødt) seier ho og resten av lokallaget er skuffa over det som har skjedd.
– Det er spesielt prosessen eg reagerer på. Han gjekk jo sjølv hardt ut og kalla eit mogleg samarbeid med Ap for «pest». Så få vi vite gjennom ei pressemelding at han har meldt seg ut at Rødt Leirfjord og skifta side.
Sælevik seier han sto mellom eit valteknisk samarbeid med Frp og ein åtte siders plattform med mykje gjennomslag hos Arbeidarpartiet og SV.
– Om ein tenker på Raudt og Arbeidarpartiet tradisjonelt, så er jo det ein betre løysing. Om ein ser på politikken så har vi fått halvparten av valprogrammet vårt inn i den erklæringa.
Han avviser at grunnen til endringa har noko med at sambuaren vart varaordførar.
– Ja, sjølvsagt. Om eg skulle ha tenkt på familien sitt ve og vell så hadde eg iallfall ikkje sett ho inn som varaordførar med alt styret det føre til, seier han.
Sambuaren: – Har ikkje pressa han
Den nye varaordføraren Åshild Pettersen avviser at sambuarparet har diskutert snuoperasjonen på heimebane.
– Det har gått litt fort dei siste dagane kan ein seie. Det vart ikkje klart før i går kveld.
Pettersen seier dei ikkje har diskutert denne situasjonen på heimebane.
– Vi har ikkje diskutert dette noko særleg heime. Mitt parti valde å forlate forhandlingane med Sp og Frp før nokre veker sidan, og eg har ikkje pressa han til noko som helst og latt den prosessen gått sin gang hos han.
Etter stuntet til sambuaren, vert Åshild Pettersen (SV) varaordførar likevel.
Foto: Lars-Petter Kalkenberg / NRKUnder kommunestyret onsdag vart det også lagt fram eit forslag om å frikjøpe Pettersen 40 prosent for jobben som varaordførar. Men opposisjonen protesterte, og forslaget vart trekt. Dermed blir dette spørsmålet behandla seinare.
– Er det behov for å frikjøpe varaordføraren 40 prosent?
– Om du les plattforma er det det. Det blir grunngitt med at ho skal ha ansvar for samarbeid mellom dei politiske partane, som ikkje har eksistert før, seier Sælevik.