Hopp til innhold

Geir opnar si eiga lommebok til dei som treng det før jul

Rundt 600.000 nordmenn gruar seg til jul på grunn av økonomi og krig. Laksemillionær Geir Wenberg tar frå eiga lomme når han no vil hjelpe lokale folk som treng det.

Geir Wenberg

HJELP: Næringstoppen Geir Wenberg har tenkt lenge på å hjelpe folk i lokalbefolkninga økonomisk. No gjer han det.

Foto: Privat

Mens nokon knapt kan vente med pynt og kos, er det i år rundt 600.000 nordmenn som gruar seg på grunn av svekka økonomi og krigsbildet.

– I Noreg har vi må ein måte levd på den gylne grein og hatt det veldig bra i lang tid. Men no ser vi at det er ein del folk som slit, seier Geir Wenberg frå Salten.

Nettopp derfor tok han til Facebook for å hjelpe folk i lokalsamfunnet som treng det inn mot jul.

– Eg er så privilegert at eg har moglegheita til å hjelpe, og då ønsker eg å gjere det, seier han.

Skjermdump av Geir Wenberg sin Facebookpost
Foto: Privat

– Verda er i endring

Wenberg veit sjølv korleis det er å måtte snu på krona for å få ting til å gå rundt.

Han kjem frå ein familie som starta med tomme hender, og har slite for å få ting til.

I dag er han eigar i Wenberg fiskeoppdrett og Salten Aqua.

– Då skulle det berre mangle at ein ikkje delte frå det som vi har skapt, meiner han.

Geir Wenberg

Geir Wenberg seier at han ikkje berre vil dele ut pengar. Han vil også treffe og bli kjent med dei som søker hjelp.

Wenberg fortel at han vil bidra med eit sekssifra beløp, men held korta tett til brystet utover det.

Men det er ikkje berre med pengar at han vil bidra. Det er viktig for Wenberg å bli kjend med dei han skal hjelpe.

– Fordi menneske er menneske og alle får utfordringar, og alle treng på eit eller anna tidspunkt nokon som ser dei og treng hjelp.

600.000 nordmenn gruar seg til jul

Den årlege julerapporten til Unicef viser at rundt 600.000 nordmenn gruar seg til jul.

Før 2022 har undersøkinga låge stabilt på at rundt 400 til 500.000 nordmenn gruar seg til jul.

Det er særleg barnefamiliar og folk med låg inntekt som har negative forventningar til den komande høgtida.

– Det er særleg dei siste par åra at vi har sett at situasjonen i resten av verda gir tydeleg utslag også med tanke på nordmenn si julefeiring.

Det seier Kristin Oudmayer, direktør for barn sine rettar i Unicef Noreg.

Kristin Oudmayer, UNICEF

– Kanskje kan vi alle vere endå litt meir inkluderande og tanke på at ikkje alle har same moglegheit som oss når vi presenterer vår eiga høgtid og feiring, seier Kristin Oudmayer i Unicef.

Foto: Mohammed Alayoubi / NRK

Samtidig viser tal frå SIFO har talet hushald i Noreg med veldig dårleg økonomi har blitt tredobla frå 2021 til 2023.

Les også Stine la bunaden ut for salg for å holde varmen: – Jeg knakk sammen i gråt

Stine Solum og bunaden hun blir tvunget til å selge

Kirkens Bymisjon: – Kan ikkje ha det slik

I Kirkens Bymisjon er dei bekymra over situasjonen der behovet for hjelp større enn kapasiteten til å hjelpe.

Sjølv om behovet er der heile året blir dei meir synlege, og endå større, rundt juletider fordi jula krev ekstra av oss, seier assisterande generalsekretær Johannes Heggland.

– Og det vesle ekstra er det endå fleire i år som ikkje har råd til, enn det har vore tidlegare år.

Han fortel at det er folk både med og utan lønnsinntekt som slit no og kallar det ei feil og uheldig utvikling.

Johannes Heggland, assisterende generalsekretær i Kirkens Bymisjon

Johannes Heggland er assisterande generalsekretær i Kirkens Bymisjon.

Foto: Kai Rune Kvitstein / NRK

– Vi vil ikkje ha det slik i Noreg at folk er avhengig av å gå til Kirkens Bymisjon for å få matvarer.

Han meiner ansvaret ligg hos politikarane og ber dei om å sikre dei offentlege ytingane for å unngå at folk på ytingar ikkje kjem under fattigdomsgrensa.

– I dag er det ikkje slik, og i forslaget til statsbudsjett er det heller ikkje slik.

Les også Inkassoalarm blant unge familier: – Det er veldig urovekkende

DNB

Han er tilbøyeleg til å kalle situasjonen i dag for eit klasseskilje.

– Det er ingen tvil om at forskjellane mellom dei som klarar seg og dei som ikkje klarar seg greitt i Noreg har auka.

Gler du deg til jul?

Ber dei som kan om å bidra

Heggland synest tiltaket til Geir Wenberg i Salten er fint.

– At menneske med varmt hjarte, og som har råd til det, bidrar for fellesskapet og for andre som er vanskelegare stilt.

Han påpeikar likevel at ein må vere bevisst når ein gjer koplingar med enkeltpersonar.

– Ein kan gjere det direkte, og ein kan gjere det via organisasjonar som har ei litt anna erfaring med å hjelpe på andre måtar, kanskje.

Geir Wenberg i Salten vil vere forsiktig med å fortelje andre kva dei skal gjere.

– Men eg synest det absolutt er på sin plass å oppfordre dei som har moglegheita til å bidra, til å gjere det.

Det er ein kvar sitt val, seier han.

Les også Folk om voksende matkøer: – Kjenner det raser inni meg!

Matkø, Frelsesarmeen, Drammen