Hopp til innhold

Trugar oppdrettsanlegg langs norskekysten

Fleire tusen oppdrettsfisk har blitt skada eller drepne etter åtak frå giftige perlesnormanetar. Ifølge forskar kan dette bli eit stort problem for næringa.

Bilder fra Tilsyn hos Salaks etter perlesnormanet kom inn i merden. Fisken har sår etter manetskade og sår med bakteriell sekundærinfeksjon. Den har også øyeskade.

Slik såg oppdrettslaksen til Salaks ut etter at perlesnormaneta kom inn i merden.

Foto: Mattilsynet

Den siste tida er det meldt auka førekomst av perlesnormanet langs norskekysten.

Og no har maneta funne vegen inn til oppdrettsanlegga.

Oppdrettsfisk fleire stadar i landet har blitt skada og måtte avlivast grunna maneta.

Det har blant anna skjedd i eit av anlegga til Nordlaks.

– Det er kjempealvorleg og tragisk, seier Heidi Torkildson Ryste, leiar for marknad og kommunikasjon.

Måndag vart det meldt om død laks i to merdar på Nordlaks sitt anlegg som heiter Elgen i Kasfjorden utanfor Harstad.

– Vi sende ut ein fiskehelsebiolog hos oss for å undersøkje og melde det til mattilsynet.

12.000 laks døde og vart henta ut. I tillegg framskunde dei slakt på resten av fisken i anlegget.

– I og med at vi veit at det har vore maneter der, var vi redd for at det skulle føre til meir plagar og dødelegheit.

Les også – En dunkende smerte i 24 timer

Barbed Wire Jellyfish, Perlesnormanet

– Makteslause

IntraFish melder at også Salaks og Grieg Seafood har fått den frykta maneta inn i sine anlegg dei siste vekene.

Til nettavisa seier administrerande direktør i Salaks, Odd Bekkeli at dei mista over 5000 laks på ei veke på anlegget deira i Dale i Harstad kommune.

– Vi føler sjølv at vi står litt makteslause, seier Bekkeli.

Forskningsstasjonen Austevoll, og viser en del av den døde fisken. Hvis du ser nøye etter kan du se svistriper fra maneten på skinnet på en del av fiskene.

På Havforskningsinstituttet sin forskingsstasjon på Austevoll har dei plukka opp rundt 4000 fisk som anten var død eller døyande.

Foto: Kjetil Stensland

På Havforskingsinstituttet sitt eige anlegg i Austevoll kommune på Vestlandet fekk dei også besøk av maneta.

– I løpet av natt til måndag har perlesnormaneter kome inn mot anlegget, og vi såg at fisk var blitt skada etter nærkontakt, seier forskingsleiar Lars Helge Stien.

Av omsyn til velferda til fisken måtte dei avlive dei mest svekka fiskane.

I løpet av tre daga plukka dei opp rundt 4000 fisk som anten var død eller døyande, ifølge forskaren.

Fisken blir kvelt

Perlesnormaneta er ein koloni sett saman av mange små individ. Nokre av desse individa har sterk neslegift for å beskytte kolonien og skaffe mat.

Maneta kan verte opptil 30 meter lang. Og på grunn av bølgjer, turbulens og fysiske barrierar kan ho dele seg opp i små bitar, og kan difor trenge seg inn i oppdrettsmerdar.

Barbed Wire Jellyfish, Perlesnormanet

Perlesnormaneten er ein koloni sett saman av mange små individ.

Foto: Rudolg Svensen / Stavanger museum

– Når maneta treff notveggen kan ho bli delt opp i mindre bitar som det er vanskeleg for fisken å symje vekk frå. Tentaklane til perlesnormaneta har nesleceller som utløysar ein pigg som sprøyter inn neslegift når dei treff fisken, seier Stien.

Dette kan gi skadar på hud, auge og gjelle.

– Det kan oppstå lange striper med skada hud og tydelege sår. Auga kan få tydelege sårskadar og blødingar. Men også gjellene er særleg utsett for blødingar og skadar. Dette kan i verste fall føre til at fisken blir kvelt, seier forskaren.

Les også Har funne vegen til norske farvatn: – Ein veldig sjeldan gjest

Bidevindseiler skylt i land i Lofoten

Treng meir kunnskap om problemet

Ein har kjennskap til to tidlegare episodar der maneta har ført til auka dødelegheit i oppdrettsanlegg.

I 1997 døde i 10–12 tonn laks på to anlegg i Øygarden og Fedje i Vestland. I 2001 var det 600 tonn fisk som døde.

– Maneta var eit problem i fjor, og det ser ut til at ho er eit større problem i år. Om dette blir eit årleg fenomen, vil ho bli eit stort problem for norsk oppdrettsnæring, seier forskaren.

Denne perlesnormaneten, som anslås å være fire meter lang, ble observert utenfor Sveio i Vestland.

Denne perlesnormaneta, som ein reknar å vere fire meter lang, vart observert utanfor Sveio i Vestland.

Video: Åge Wee

Det er framleis store kunnskapshol om perlesnormaneta og konsekvensane for oppdrettsfisk.

Difor nyttar no havforskarane hendinga ved forskingsstasjonen til å skaffe meir kunnskap.

– No tar vi prøver av gjellene til laksen, for å sjå korleis skadane har arta seg, og om respirasjonen til fisken har blitt påverka. Vi tek også prøver av augo, for å sjå om synet har blitt skada, og av skinnet, for å sjå omfanget av brannskadar.

Les også Kraftig økning av giftig perlesnormanet langs kysten: – Farlig for oppdrettsfisk

Perlesnormaneten har fine farger og er både blå, rød og oransje.

Ifølge Stien har tala på meldingar om denne maneta auka. I år har dei fått over tusen observasjonar sendt til dei.

– Vi er redde for at dette kan vere eit problem som kan verte meir hyppig framover, så då må vi tileigne oss kunnskap på korleis det påverkar fisken og på sikt korleis vi eventuelt kan finne avbøtande tiltak.