Seija Nissinen Klaveness i Flakstad Sosialistisk Venstreparti seier til lokalavisa at ho vart overraska over stuntet.
– Eg ønsker at alle skal stille med opne kort. Dette er snakk om tidspunkt. No har altså befolkninga i Flakstad stemt fram Høgre, nettopp frå ei slik bygdeliste. Det fortel ordføraren i dagens møte. Då veit vi det, etter valet.
Det seier Nissinen Klaveness, ifølge Lofot-Tidene.
Tysdag vart det nemleg klart at Einar Benjaminsen vann ordførarvalet. Han stilte til val for Flakstad distriktsliste, ei parti-uavhengig bygdeliste.
Men rett etter valet melde han seg inn i Høgre.
Og nyheita delte han på eit kommunestyremøte.
– Ikkje ryddig
– Eg synest ikkje det er ryddig, men eg har ikkje noko imot det. Han må gjere som han vil.
Det seier tidlegare ordførar og kommunestyrerepresentant for Senterpartiet, Trond Kroken, til NRK.
Kroken har ikkje noko imot at Benjaminsen har meldt seg inn i Høgre, men meiner likevel at tidspunktet er uheldig.
Tidlegare ordførar i Flakstad kommune, Trond Kroken (Sp), meiner Benjaminsen burde ha vore ærleg om partibytte før han byrja som ordførar.
Foto: John Inge Johansen / NRK– Nokre må jo føle seg litt lurt. Eg vil seie at han burde gått ut med dette før valet. Tidspunktet på dette er uheldig, ikkje for min del, men kanskje mest på dei som stemte på lista.
Kroken seier det er fornuftig for ein ordførar å ha ei partitilknyting, men meiner tidspunktet kunne vore annleis.
– Prinsipielt hadde det vore meir ærleg og gått ut med dette før. Dersom han gjekk til val for å bli ordførar måtte han vite at det kom opp i ein slik situasjon.
– Det kunne han gått ut med og signalisert på førehand, så veljarane kunne få vite kva man gjekk til val på.
Gjer det for politisk gjennomslag
Ordføraren sjølv trur ikkje at folk lét seg overraske særleg etter at han melde seg inn i Høgre.
Det grunngir han blant anna med tidlegare å ha laga ei liste som heiter «Ja til kommunesamanslåing i Lofoten».
– Så langt har det vore positive tilbakemeldingar frå dei få eg har prata med sidan i går då.
Foto: Vilde Bratland Erikstad / NRK– At eg melder meg inn i høgre trur eg ikkje er noko ekstrem overrasking med tanke på det for å seie det slik. Eg trur mange tar det heilt med ro for å seie det slik.
– Eg trur det hadde vore verre viss eg hadde meldt meg inn i høgre og ikkje fortalt om det. Derfor ynskjer eg å vere ærleg og ærleg og fortelje at eg har meldt meg inn i Høgre.
Han har vore i kommunestyret i 12 år utan å høyre til eit parti. Men etter å ha blitt ordførar ville han melde seg inn fordi det er enklare å nå oppover i det politiske systemet, forklarar han.
Utsikt over Ramberg-stranda i Flakstad.
Foto: Synnøve Sundby Fallmyr / NRK– Om det er til fylkesting eller storting. Så eg har brukt eit par, tre veker på å vurdere kva eg skal gjere og prata med litt ulike folk, og til slutt falt valet for min del på Høgre.
– Trur du nokon veljarar føler seg ført bak lyset?
– Det håpar eg ikkje, og det trur eg ikkje eigentleg. Dei fleste i Flakstad lever godt med at eg har meldt meg inn i Høgre og håpar at eg skal gjere ein god jobb for Flakstad, og det er det eg ønsker å gjere.
– Manglar kontaktar og arenaar
Men kor vanleg er det eigentleg å bli ordførar, for og deretter melde seg inn i eit nytt, eller eit anna, parti?
– Du kan jo vere medlem i kva parti du vil. Det skjer faktisk ganske ofte at kommunepolitikarar melder seg inn i eit anna parti.
Det seier førsteamanuensis i statsvitskap ved UiT Noregs arktiske universitet, Jonas Stein.
Stein påpeikar at innmeldinga i Høgre kom raskt etter valet og meiner Benjaminsen kanskje kunne ha vore open om medlemsskapet tidlegare.
Foto: Rune N. AndreassenStein viser til tidlegare ordførar i Vestre Slidre i Valdres, Eivind Snorre Brenna.
Brenna var valt inn for bygdelista samtidig som han var aktiv venstrepolitikar, og det i fire periodar. Kvar gong vart han valt inn for bygdelista, seiar Stein.
– Det som ofte er utfordringa for bygdelistene er at dei vinn valet lokalt, men ofte manglar kontaktar og arenaar, som partia gir dei inn på fylkesnivå og kanskje også nasjonalt nivå. Og det er disse dilemmaa som bygdelistene står i.
Stein støttar opp under Benjaminsen og seier at medlemskap i eit politisk parti kan vere ein måte for lokalpolitikarar å få gjennomslag for kommunen i andre samanhengar.
Det er ofte at fylkeskommunen må inn å prioritere pengar eller ønsker nasjonale politikarar til å løfte lokale saker inn i sin nasjonale politikk for å skaffe midlar.
– Og då treng du ofte kontaktar å jobbe vidare med det, og det er lettare dersom du er medlem av eit parti.