Hopp til innhold

Ordet «skål» kan stamme frå ein morbid gest: – Tømte ut hjernen og hadde i noko smakfullt

Medan dei fleste andre ønsker deg lykke eller helse når dei lyfter glaset, seier vi «skål». Det kan vi sannsynlegvis skulde nokre mistenksame vikingar.

Skål

SKÅL: Om du lyfter glaset i ein skål i sommar kan du vite at tradisjonen er eldre enn du trur – og kanskje også meir grotesk.

Foto: Sondre Skjelvik / NRK

Er du på sommarferie i Tyskland seier du «Prost!» når du løftar glaset.

Er du i Spania er det «Salud» som gjeld.

Det er ønsker om god helse eller lykke, og du finn det same dei fleste land i verda.

Men folk i Norden skålar ikkje med lykkønskingar.

Ordet vi bruker når vi løftar glaset har nemleg røter heilt tilbake til vikingtida.

Ei skål med øl

Når du løftar glaset i ein seinsommarskål kan du vite at du følgar ein tradisjon som kan vere fleire tusen år gamal.

Elisabeth Rosa Brusin, konservator ved Lofotr Vikingmuseum på Borg i Lofoten, fortel at sjølve skikken var essensiell for vikingane.

– Når det var religiøse samlingar, eller når vikingane feira overgangar i livet som fødsel og død, var det viktig å skåle i øl, seier ho.

Konservator Elisabeth Rosa Brusin har mørkt hår og briller og står i en grå genser foran et brunt trehus. Det er snø rundt henne.

HIERARKI: Konservator Elisabeth Rosa Brusin fortel at det var husfrua, kona til høvdingen, som sende rundt ølskåla og sørga for at vikingane drakk i riktig rekkefølge med omsyn til hierarkiet.

Foto: Linn Olsen / Museum Nord

Og korleis dei gjorde det?

Dei fylte nettopp ei skål eller ein bolle med øl.

Likevel gjorde dei det ikkje på heilt same måte som vi gjer i dag. Dei hadde nemleg berre ei skål.

Og denne skåla skulle alle på festen drikke av etter tur. Dei med høgast rang først.

Ølbolle fra 1700 tallet med vakker rosemåling i brunt og grønt på innsiden. Utsiden er lys brun.

BARNS ØL: Slik kunne ein ølbolle eller ein ølskål sjå ut. Skåla blei mellom anna brukt i festen som markerte at eit barn blei født. Det heitte Barns øl og er årsaka til ordet «barsel» som vi framleis bruker.

Foto: Frode Larsen / Nasjonalmuseet

– Ordet «skål» kjem frå «din skål og min skål». Når ein leverte skålen vidare sa ein dette. Forkortinga på det heile vart «skål», forklarar Rosa Brusin.

Men sjølv om det kan virke litt grotesk at heile selskapet skulle drikke av ein og same kopp eller skål, kan tradisjonen ha enno meir groteske aner enn som så.

Les også Dennis (27) drikker alkoholfritt på fest: – Ser ingen grunn til å slutte nå

Dennis Olsen drikker alkoholfritt.

Skål i hovudskalle

– Ordet «skål» er eit utgamalt ord. Eigentleg er det same ordet som skalle, altså hovudskalle.

Det seier språkvitar Sylfest Lomheim, og legg humoristisk til:

– Ein kan tenkje seg at ein høgde av hovudet til ein fiende, tømte ut hjernen og hadde i noko smakfullt i skallen og sa «skalle».

Sylfest Lomheim

TIL LIVET: Språkvitar Sylfest Lomheim fortel at hans favorittskål er den hebraiske skålen. Omsett til norsk vert det «Til livet». – På norsk er det ikkje så veldig imponerande til samanlikning.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

Språkvitaren påpeiker at det ikkje er vitskapeleg bevist at dette har skjedd, men det er ikkje heilt utenkeleg.

Tradisjonen med å skåle med ein ølskål er heller ikkje heilt fjern i historia kan Lomheim fortelje. Ølskålen blei nemleg brukt fram til for om lag 100 år sidan på Vestlandet.

Om du feira gravferd eller dåp vart skåla sendt rundt.

Det er forresten der ordet barsel kjem frå også. Då heitte det «Barns-øl»

Ølbolle fra begynnelsen av 1800 tallet utformet som en hvit ann med rosemalingsdetaljer i gult og grått. Innsiden av ølbollen er rød og skaftet er formet som andens hode.

FIN DEKOR: Utover 1800-talet blei ølskålene finare og finare dekorerte. Skålene blei meir brukt etter vikingtid og tidleg mellomalder, som denne frå reformasjonen.

Foto: Nasjonalmuseet

Ofte sto det ei setning på sognemål på disse gamle ølskålene.

«Skaul, skaul, skadle. Drikker du med maute, blir det nok til adle.»

Omsett til nynorsk blir det: «Skål, skål, skalle. Drikk du med måte, blir det nok til alle»

– Dei hadde nok same førestilling om at det var ein samanheng mellom skål og skalle, seier Lomheim.

Men det er ikkje berre ordet «skål» som har eit merkeleg opphav. Også korleis vi skåler finst det ei rar historie om.

Også Ylvisbrørne og Kjartan Lauritzen er kjent med koplinga mellom skål og skalle i Sogndalen

Mistenksam skvulping i glasa

For kvifor skal vi klinke glasa saman medan ein skålar?

Martin Houge, ølbryggar og formidlar ved bryggeriet Nøgne Ø ein forklaring på.

Om vikingane ikkje var på fest i eigen bygd, men i nabobygda der dei ikkje kjente alle, gjorde dei det på ein litt anna måte.

Martin Houge, ølbryggar og formidlar ved bryggeriet Nøgne Ø står foran en stor tønne i mørkt tre. Han har på seg svart t-skjorte og svart caps med en organsje "Nøgene Ø"-logo på.

Martin Houge, ølbryggar og formidlar ved bryggeriet Nøgne Ø meiner historia om drikking av hovudskallar blei funne opp av ein fransk forfattar som skreiv om vikinganes plyndringar i Paris på 1800-talet.

Foto: Nøgene Ø

– Då drakk vikingane av eit horn kvar, som dei dyppa i vikinghøvdingane sine store ølskåler, seier Houge og fortset:

– Om det sat to ved sida av kvarandre som ikkje kjende kvarandre så godt, skålte dei med ølhorna sine. Då var det viktig at litt av din øl skvulpa over frå den eine til den andre.

Kvifor?

– Viss begge drakk, visste dei at ingen av dei ikkje prøvde å forgifte kvarandre.

Les også Alle pratar om mangoøl, men ekspertane trur gamalt norsk urøl kan ta over

Mangoøl

Ølbryggaren frå Nøgene Ø er ikkje den einaste som har høyrt denne myten.

Mellom andre nettstaden The Daily Meal fortel om mistenksame festfolk som skålte hardt for å skvulpe drikke frå eit glas til eit anna.

Men blant norske historikarar rår det meir uvisse om det kan vere ein skikk frå vikingtida.

– Eg har ikkje sjølv kome over denne historia, men det ville vere litt typisk tankegangen i vikingtida, seier Kim Hjardar, historikar og vikingekspert.

Ei korrekt skål

Men uansett kvar tradisjonen med å slå glasa mot kvarandre eigentleg kjem frå, har skålinga skrive seg inn i skandinavisk skikk ifølge Houge hos Nøgene Ø.

– Ein skal skåle med toppen av flaska eller glaset, slik at det er moglegheit for å overføre ølet i mellom einingane

Drikkehorn fra middelalder

DRIKKEHORN: Vikingane drakk sannsynlegvis meir av drikkehorn enn av skåler i rituell samanheng, fortel Elisabeth Rosa Brusin. Likevel har vi aldri hatt nokon tradisjon for å seie «horn» når vi løftar glaset.

Foto: Ellen Holte / Kulturhistorisk museum i Oslo

Men det er kanskje enno tryggare å berre slutte med glasklinkinga?

– Om ein skulle skåle med nokon på enden av bordet, løfta ein skålen eller hornet over halslinja, sa «skål» og bukka før ein drakk, seier ølbryggaren.

– Det var eit teikn på tillit mellom dei to vikingane om at dei ikkje prøvde å forgifte kvarandre. Denne måten er det framleis høfleg å skåle på i dag.

Les også Dette kan erstatte sportsdrikk: – Godt alternativ

Alkoholfritt øl