Hopp til innhold

Måtte chartre eigen buss då SJ ikkje ville sette opp buss for tog: – Fullstendig håplaust

Togkaoset i nord held fram. Togpassasjerar må sjølv chartre buss for tog og dei tilsette på Nordlandsbanen byrjar å frykte for jobbane sine.

busspassasjerer står utenfor bussen

KAOS: Denne gjengen som hadde togbillettar frå Hemnes sør for Mo i Rana til Bodø, måtte chartre sin eigen buss torsdag for å rekke flyet til Gran Canaria. – Håplaust, seier dei.

Foto: Per-Magne Steen / NRK

I perioden frå 25. oktober 2024 til 13. januar 2025 har regulariteten berre vore på 37,3 prosent på Nordlandsbanen.

Sidan november har alle nattoga vore innstilte, samtidig som at SJ berre har to lokomotiv tilgjengeleg.

I tillegg fekk dagtoga endestasjon i Mo i Rana og buss for tog vidare til Bodø.

No er det aukande uro blant dei tilsette på Nordlandsbanen.

Erle Arnesen er hovudtillitsvalt for Norsk Jernbaneforbund (NJF) i SJ Noreg. Ho får vondt av å tenke på alle som må smørje seg med tolmod.

– Eg synest det er forferdeleg trist og det er lite tillitvekkande.

– Og det verkar som at det er ingen som tar ansvar. Nordland verkar som at dei har ein tendens til å bli gløymt generelt når det gjeld jernbane, både infrastruktur og materiell.

Les også Politiet tror ulykkesbussen var på vei ut av landet – tok fra sjåføren nøklene

Ulykkesbuss fra Flakstad

Bekymra for permitteringar

Ho legg ikkje skjul på at diesellokomotiva dei køyrer er kjempegamle og burde ha vore skifta ut for lenge sidan.

– Det er forferdeleg håplaust både for mine medlemmar og passasjerane som skulle ha blitt frakta med toget, seier ho.

Erle Arnesen, hovedtillitsvalgt for Norsk Jernbaneforbund (NJF) i SJ Norge

– Vi har veldig lyst til å køyre tog der, og eg håpar dei framleis vil sitte på med oss når vi er tilbake i full drift, seier Arnesen.

Foto: Privat

Og legg til:

– No er det jo ingen som veit korleis dei skal jobbe resten av året fordi vi får ingen informasjon om når det eventuelt kjem nye lokomotiv slik at vi kan køyre nattog.

Det gjer at fleire av dei tilsette er bekymra.

– Dei er bekymra for permitteringar blant anna. Det er mykje snakk om det sjølv om det ikkje er sagt at det skal bli permitteringar. Arbeidsmiljøet blir utrygt.

– Har det vore tema frå høgare hald, sjølv om dei ikkje har vedtatt noko?

– Det har blitt nemnt ja, det har det. Eg har inntrykk av at arbeidsgivarar prøvar så godt dei kan å unngå det, men uansett så blir det ein utryggleik for dei tilsette.

Kommunikasjonssjef Randi Ness i SJ Noreg seier at situasjonen med manglande lokomotiv på Nordlandsbanen er krevjande for både kundar, tilsette og selskapet.

Randi Ness, direktør for kommunikasjon og myndighetskontakt i SJ Norge.

– Vêrsituasjonen nordover er også ein grunn for at ein har dårleg regularitet på Nordlandsbanen.

Foto: SJ Norge

– Vi har kontinuerleg dialog med Norske Tog, og våre tilsette vert informerte fortløpande når vi har ny informasjon om innleige av nye lokomotiv på Nordlandsbanen.

Ho legg til:

– SJ har inga planar om permitteringar.

Måtte sjølv chartre buss

Store nedbørsmengder, flaum og skredfare har dei siste dagane ført fleire innstillingar i togtrafikken.

Alle toga til SJ på strekninga Trondheim-Mosjøen-Bodø innstilte frå tysdag til fredag – utan alternativ transport.

For dei innstilte avgangane på Nordlandsbanen er det unntaksvis sett opp buss for tog mellom Bodø og Rognan.

Det var lite til hjelp for dei 20 personane frå Hemnes som skulle til Gran Canaria på organisasjonen Mental Helse sin årlege tur.

En skjerm på togstasjonen på Bjerka viser at alle togavgangene er innstilt.

Alle avgangar for Nordlandsbanen frå Bjerka vart innstilt.

Foto: Lars-Petter Kalkenberg / NRK

Planen var klar: Tog frå Mo i Rana til Bodø og fly frå Bodø til Gran Canaria.

Men SJ innstilte togreisa og sette ikkje inn alternativ transport på grunn av ekstremvêr. Då måtte gjengen sjølv chartre buss dei fem timane det tok å kome seg til flyplassen.

– I gamle dagar sa dei at det alltid går eit tog. Men det gjer det ikkje no lenger. Det var ikkje noko ekstremvêr i dag i alle fall, som SJ hevda, seier ein frustrert Ellen Agnete Brygfjeld.

Ellen Agnete Brygfjeld har runde briller og ser i kamera.

Ellen Agnete Brygfjeld skulle ha med mora si, og melde seg på turen som Mental Helse organiserer kvart år.

Foto: Per-Magne Steen / NRK

Heimturen har ho ikkje begynte å tenke på.

– Vi har jo togbillettar då og. Kjem vi på no. Det er ikkje godt å seie om vi kjem oss heim igjen.

Les også Her må passasjerene ta Norges lengste «buss for tog»-reise

Buss for tog til Trondheim. Passasjerer står i kø utenfor en buss ved jernbanestasjonen i Bodø.

Reiseleiar Renate Haugli i Mental Helse brukar hermeteiknet når ho viser til ekstremvêret.

– Dei kallar dette «ekstremvêr», og då kan dei ikkje køyre tog. Då kan dei tydelegvis ikkje køyre buss i ekstremvêr heller. Men vi ser jo at det gjekk jo berre fint, det var litt glatt over fjellet men that's it.

Ho er ikkje vidare imponert over handteringa.

– Eg synest det er dårleg. Dei tar jo betaling for eit produkt som dei ikkje klarar å levere.

Togstasjonen på Bjerka på Nordlandsbanen.

Det er folketomt på togstasjonen på Bjerka.

Foto: Lars-Petter Kalkenberg / NRK

Beklagar

Kommunikasjonssjef Randi Ness i SJ Noreg seier ho forstår godt at desse kundane er frustrerte.

Som årsak til at det ikkje blei sett inn buss for tog, viser ho til vêrsituasjonen.

– Det er krevjande å køyre buss på dei strekka. Eg vil jo ikkje ta sjansen på at ein blir ståande med ein buss mellom to ras, eller på ein plass der det er store flaumar, seier Ness.

Les også Nordlandsbanen stengt ut fredag: – Ikke forsvarlig å kjøre tog

Buss for tog 2

– Vi har også sett dei siste dagane at vêrsituasjonen endrar seg frå time til time.

Ho stadfestar at kundane vil få refundert sine billettar.

Ho er smerteleg klar over at regulariteten på Nordlandsbanen er ikkje så mykje å skryte av.

– Nei, det er ikkje det. Og det er berre å beklage.

Ho viser til situasjonen med mangel på lokomotiv som årsak. Det har vore eit problem heilt sidan ulykka ved Bjerka i oktober. Toga er også gamle, som gjer at dei ofte på til vedlikehald.

Kjørte inn i ras og sporet av.

Lokomotivføraren døydde etter at toget køyrde inn i eit ras og spora av 24. oktober 2024.

Foto: Ingvart Strand Mølster

– Kva gjer de i framtida for å få betre regularitet?

– Eg jobbar kvar dag med å betre regulariteten. Og eg kjenner meg ganske sikker på, at når vi har meir tog tilgjengeleg, så vil regulariteten også gå.

Ness legg til at innleige av nye lokomotiv truleg ikkje kjem før til sommaren.

Les også Her løftes lokomotivet bort fra ulykkesstedet

Lokomotivet etter ulykken på Nordlandsbanen.