Hopp til innhold

Kunstnarar må betale sjølv

Nord-Norske kunstnarar må sjølv betale for å vise fram kunstverka sine.

Et moderne kunstutrykk

Ina Maria Winther Åshaug sitt bidrag til Nordnorsken 2009 'Me and Mona Lisa'.

Foto: Gerd Elise Martinsen / NRK

Etter at den gamle Nord-Norske kulturavtalen er sagt opp, skal no dei tre nordlegaste fylkeskommunane satse på eti kunstløft.

Dei skal finne ei ny og betre støtte-løysing for bilde- og handtverkskunstnarane.

- Det ville ha vore heilt utenkeleg for eit teater å invitere regissørar og skodespelarar til ei forestilling for så å seier at dei berre får pengar dersom forestillinga sel billettar, seier rådgjevar i Nordland Fylkeskommune Tor Inge Kveum.

Han arbeidar med den nye avtalen for nord-norske kunstnarar. Den nye ordninga er langt frå ferdig, men han meinar at ei ny ordning må på plass.

- Kunstnarane subsidierer kulturlivet med eigne lønnsinntekter. Dei går med underskot i eiga næringsverksemd og har lønnsarbeid ved sidan av som dei brukar for å gjere ulike prosjekt, seier Kveum

Hovudproblemet på feltet

Han er klar på kva som er hovudproblemet på feltet.

- Det er eit finansieringsproblem på kunstfeltet, så det er meir pengar det handlar om. Intensjonen er sjølvsagt at alle skal få det betre, seier han.

Styreleiar i Nord-Norske billed-kunstnere, Hege Annestad Nilsen, er einig i dette. Ho skulle ønskje kunstnarane slapp arbeide ved sidan av yrket sitt.

- Det aller viktigaste er å betre den økonomiske situasjonen til kunstnarane. Det er viktig å gi støtte i form av stipend, betre løn og det at ein brukar kunstnarane, seier Annestad Nilsen.