Hopp til innhold

Kajsa lærte samisk gjennom song – elevar vil gjere det same

Musikaren Kajsa Balto meiner norske elevar kan lære seg samisk med song. Men lærarane seier at det ikkje er så lett.

Kajsa Balto har lyst hår og oransje bluse. Hun sitter i en brun stol med en grønn plante i bakgrunnen. I bakgrunnen skimtes biler utenfor vinduet.

SONG PÅ SAMISK: – Songen blei ein trygg arena for å øve og lære meg vokabular og uttale, seier musikaren Kajsa Balto, som trur det vil vere ein god veg inn i samisk for mange fleire enn ho.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Musikaren Kajsa Balto syng på samisk. Ho lærte seg faktisk språket med songen.

– Då eg begynte i barnehagen snakka eg berre samisk. Eg blei sendt med ei samisk ordliste i handa for at dei andre skulle forstå meg.

Men med tida gløymte ho alt. Då ho begynte på skulen var ho tryggare i norsk.

Etter kvart som ho blei vaksen lengta ho tilbake til språket. Då blei songen løysinga.

Kajsa Balto har lyst hår og oransje bluse. Hun står på en scene og synger i Narvik.

– Det henger saman med at eg blei mamma. Sidan eg vaks opp med joik, blei det naturleg for meg å vidareføre det til mine barn, seier musikaren Kajsa Balto.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

No håper Balto song kan bli vegen inn til det samiske språket også for norske skuleelevar.

Men lærarane seier at det ikkje er like lett.

Heller ikkje loven legg til rette for det.

God måte å lære seg språk

Nora Bilalovic Kulset er musikkforskar og instituttleiar ved institutt for musikk på NTNU.

Ho seier at song faktisk er ein veldig god måte for å lære seg språk.

Nora Bilalovic Kulset har brunt hår og sort skjorte. Hun smiler til kamera og har blå øyne. Hun står foran en sort vegg.

– Ein song er ein tekst du kan lære deg utan å kunne grammatikken og glosene, seier Nora Bilalovic Kulset er musikkforskar og instituttleiar ved institutt for musikk på NTNU.

Foto: BERRE / NTNU

Musikkforskaren fortel at ein lurar språket inn hjernen når ein syng. Då øver ein seg på språket utan at ein veit det.

– Tunga øver seg på alle dei nye lydane og trykket på stivelsane blir rett på grunn av rytmen i songen, seier Kulset.

Braaaaaains
Henning Rønhovde

Overlappande nettverk i hjernen

Musikkforskar Nora Bilalovic Kulset forklarar at språk og musikk, og særleg song, overlappande nettverk i hjernen.

– Det betyr at veldig mange av dei same delane av hjernen blir brukt når ein snakkar og når ein syng.

Lillehammer
Marte Iren Noreng Trøen / NRK

Som ein by om natta

Tidlegare snakka ein om høgre og venstre sida av hjernen, men det seier forskaren er ein gamaldags oppfatning.

Ho forklarar det heller som ein by om natta.

– Om ein ser føre seg ein by «by night» er det masse ulike lys som lyser. Vi kan seie at mange av den same lysa blir tent i hjernen når det kjem til song og språk.

uke11 kunnskap RETNING 01.jpg Fcol MRI midsagittsal scan of normal brain
Scanpix / NTB Tema

Fleire lys blir tent

Men i tillegg forklarar forskaren at det er enno fleire lys som blir tent i hjernen når ein syng.

Då må ein òg ha med seg rytmen og melodien. Difor lærar hjernen også fortare med song.

Kulset forklarar at det òg er årsaka til at ein kan bruke musikk til å lære språk igjen om ein har mista språket. Til dømes om ein har hatt eit slag. Ein kan bruke songen til å kople om hjernen igjen.

Gut med manualar
POPROTSKIY ALEXEY

Ein trent hjerne

– På forskingsspråket kallar vi det «auditory fitness». Hjernen vår får på eit vis ekstra musklar til å kome inn i språket.

Når ein syng repeterer ein det same igjen og igjen. Då blir nervebanane i hjernen styrka, utan at det blir opplevd som negativ pugging, ifølge forskaren.

Men det er diverre ikkje nok å berre synge for å lære seg samisk. Du treng også nokon som kan språket skikkeleg, og kan forklare korleis språket faktisk heng saman.

– Men ein kan synge samiske songar sjølv om ein ikkje kan samisk. Då kan ein øve inn nokre språklydar og ein får eit viktig innblikk i kulturen.

Kajsa Balto har lyst hår og oransje bluse. Hun sitter i en brun stol med en grønn plante i bakgrunnen. I bakgrunnen skimtes biler utenfor vinduet.

Musikaren Kajsa Balto håper norske elevar kan lære seg samisk i skulen ved hjelp av song.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

– Samiske songtekster er veldig lett å lære seg. Det er ein god måte å øve lyder og uttale, seier musikaren Kajsa Balto.

Særleg i skulen meiner ho at samisk song burde bli brukt meir.

– Eg synest samisk generelt burde meir inn i skulen. Samisk er eit offisielt språk i Noreg. Det er rart at dei fleste ikkje kan enkle frasar som å helse eller presentere seg.

Men kor enkelt er det eigentleg?

– Vil heller lære samisk enn nynorsk

Musikklærar Audun Mathisen Anvik ved Alstad Ungdomsskule i Bodø seier lærarplanen er ganske open for tolking når det kjem til samisk musikk.

Det står berre at ein skal reflektere, drøfte og diskutere.

– Difor blir det veldig læraravhengig. Då blir det ganske sårbart, meiner han og seier det blir for lett å velje bort for lærarane, seier Anvik.

Kontakt- og musikklærer Audun Mathisen Anvik og Arve Svendsen, musikklærer og rådgiver på Alstad ungdomsskole står utenfor skolen i fint vær og ser mot kamera. Audun har rødt skjegg og briller, Arve har grått skjegg og briller.

Musikklærarane Audun Mathisen Anvik og Arve Svendsen, skulle gjerne ha lært elevane samisk gjennom musikkundervisninga, men meiner det er vanskeleg å gjennomføre.

Foto: JOHANNES SÆHEIM PEDERSEN / NRK

Hans kollega Arve Svendsen seier at det òg er litt utilgjengeleg for musikklærarane.

Om dei skal undervise i samisk song og joik må lærarane til dømes kunne språket for at det ikkje skal bli parodisk.

– Eg vil ikkje seie at intensjonen i undervisningsopplegga er at dei skal bli betre i språk. Det er i tilfelle ein positiv konsekvens av at dei syng på eit anna språk.

Men lærarane er einige i at dei trur elevane vil vere mottakeleg for å lære samisk gjennom song.

– Vil heller lære samisk enn nynorsk

Så kva meiner eigentleg elevane?

– Eg vil tru at det er eit veldig annleis språk. Om ein lærar det gjennom noko ein synest er artig, som musikk, trur eg det er meir lærerikt, seier Erlend Riksheim.

Han kan seie «hei» og «gratulerer med dagen» på nordsamisk. Men på andre språk, som tysk og engelsk, kan han presentere seg sjølv.

En gutt sitter bak et elektronisk trommesett. Han har på seg blå genser og oransje caps.

Erlend Riksheim kan presentere seg og si enkle frasar på tysk og engelsk. På samisk kan han berre seie «hei» og «gratulerer med dagen». Han trur han hadde kunne meir om han lært med song.

Foto: Johannes Sæheim Pedersen

Det er det same som skulekameraten Kristian Iversen kan på samisk.

– Synest du ikkje det er litt rart at du ikkje kan meir samisk, når du bur i eit samisk språkområde?

En gutt sitter bak et elektronisk trommesett med en trommestikke i hånda. Han har brunt hår og grå hettegenser og sitter foran en vegg av trepanel.

– Det er jo eit dilemma om dei samiske vil ha språket for seg sjølv, og at dei synest det er rart om vi som ikkje snakkar språket skal lære det, seier Kristian Iversen.

Foto: JOHANNES SÆHEIM PEDERSEN / NRK

– Eg har ikkje tenkt så mykje på det, men det er ein kulturarv i Noreg. Vi bør ta vare på det samiske språket. Då bør vi også få lære samisk på skulen, seier Iversen.

Han trur det hadde vore nyttig for dei å lære seg samisk, sidan det bur mange samar i Nordland. Det trur han òg kan minske samehets.

To gutter ved Alstad ungdomsskole står foran en vegg med trepanel. Gutten til venstre har grå genser og brunt hår. Gutten til høyre har blå genser og oransje caps.

Eirik Cornelius Aira Amundsen er samisk og synest det er rart at klassekameratane kan prate mykje meir på framandspråk enn på samisk. Sjølv får han samiskopplæring på skulen.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Skulekameraten hans, Eirik Cornelius Aira Amundsen, er samisk. Han synest det er merkeleg at framandspråk og nynorsk har ein mykje viktigare rolle i skulen enn samisk.

– Det er rart at folk skal lære seg alle dei språka, men samisk lærer ein berre éin dag i året. Eg synest ein til dømes kunne velje mellom nynorsk og samisk.

Det er kameraten Riksheim einig i.

– Eg ville mykje heller lært samisk enn nynorsk då.

Loven legg ikkje til rette

– Samisk er jo eit offisielt språk i Noreg, på same måte som nynorsk, då bør det jo vere eit alternativ i skulen, seier Jonas Mathisen som går i same klasse som dei andre.

Men det er ikkje nødvendigvis så lett.

En gutt med blå hettgenser spiller gitar i et musikkrom. Bak ham er flere andre gitarer. Han ser til høyre for kameraet.

– Vi har nesten ingen samisk musikkundervisning i dag. Eg trur song er ein god kjelde til å lære seg språk generelt, seier Jonas Mathisen.

Foto: JOHANNES SÆHEIM PEDERSEN / NRK

Risten Turi Aleksandersen, avdelingsdirektør for språk i Sametinget, fortel at loven i dag ikkje legg til rette for at alle barn i landet skal lære samisk.

– Opplæringsloven seier at du må vere samisk for å ha rett til samisk opplæring. Norske barn har difor ikkje automatisk rett til samisk opplæring.

Risten Turi Aleksandersen

Risten Turi Aleksandersen, avdelingsdirektør for språk i Sametinget meiner det er viktig at fleire barn får lære samisk. – Det vil auke talet på språkbrukarar, og er viktig for at språket blir bevart for framtida.

Foto: Dan Robert Larsen / NRK

Opplæringsloven er no under revidering. Sametinget har meiner at det ikkje berre bør vere samiske barn som får lære samisk.

– Alle dei samiske språka er rekna som trua språk ifølge Unesco sin liste over verdas språk. Alle tiltak for å få fleire til å lære seg samisk vil vere positivt, seier Aleksandersen.