Hopp til innhold

Hevdar at fleire unge vil ta vaksine etter pandemien

Fleire unge vel å ta influensavaksine i dag enn før. Det hevdar apotekar Ann Karin Østbø til Avisa Nordland.

– Vi har sett ein auke i kor mange som vel å ta influensavaksinen sidan pandemien, og det ønsker vi å oppretthalde, seier ho til avisa.

Ho jobbar på Apotek 1 ved City Nord i Bodø.

Østbø trur det har noko med koronapandemien å gjere.

– For det meste er det dei mellom 40 og 60 år som kjem innom, men eg trur at pandemien gjorde oss meir bevisste på viktigheita av vaksiner. Ikkje berre for oss sjølv, men for å beskytte dei rundt oss, seier ho til avisa.

Oktober markerer starten på influensasesong og frå og med veke 41 vil fleire apotek ha moglegheiter for å sette influensavaksine.

Ei influensavaksine står på eit bord. Bak ser vi den raude, kvite og blå øskja vaksina kom i. Sprøyta er lita og står rett opp og ned på bordet.
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK