Hopp til innhold

PST åtvarar kommunen: – Interessant for framande etterretningstenester

Andøya ventar stor aktivitet på forsvar og romhamn, og tilsvarande behov for internasjonal rekruttering. PST ber dei sikre nødvendige tiltak mot spionasje.

Dronebilde av området hvor Andøya Spaceport bygges, med tettstedet Nordmela i bakgrunnen.

Det er venta høg aktivitet og stort behov for rekruttering på Andøya i Nordland framover. PST ber næringslivet om å gjere grundige undersøkingar på førehand.

Foto: Andøya Spaceport / Photographer Anette Asbjørnrød

Oppskyting av forskingsrakettar, slepp av vitskapelege ballongar og testing av våpen.

Det er mykje som skjer på Andøya i Nordland, med sine knappe 5.000 innbyggarar.

Øya har eit av Nord-Noregs mest høgteknologiske bedrifter, nemleg Andøya Spaceport, som i november opna som den første romhavna for satellittar på det kontinentale Europa.

I tillegg har dei Andøya flystasjon som bidrar til mykje forsvarsaktivitet.

Det er to tydelege mål for etterretning.

Samtidig som norske myndigheiter forsøker å få fleire til å følge betre med på kva som skjer rundt oss, åtvarar no PST kommunen om å vere på vakt når folk søker jobb.

– Vi ser no at regjeringa ønsker å omgjere nedlegginga av Andøya flystasjon, samtidig som dei ønsker å satse på dronar. Så du får veldig mykje kapasitetar samla på ein stad og det gjer det sjølvsagt interessant for framande etterretningstenester.

Det seier etterretningsleiar i PST, Morten Alexander Mossin, til Helgemorgen søndag.

ILLUSTRASJON: en oppskytning fra Andøya Space.Isar launch from Andøya Spaceport pad A.

Mykje skjer på Andøya for tida. Her ser du ein illustrasjon av ei oppskyting frå Andøya Space.

Illustrasjon: Andøya Space / Trond Abrahamsen

Opp til verksemdene å vurdere

Difor har han nettopp beøkt næringslivet på Andøya, først og fremst for å utøve det han kallar trusselkommunikasjon.

– Så var vi der for å bygge betre samhald mellom lokalsamfunnet, næringslivet og PST for å senke terskelen for å snakke med kvarandre.

Men det aller viktigaste, seier Mossin, er at det aller mest er opp til verksemdene sjølve å vurdere sine eigne verdiar og sårbarheiter.

– Og ta dei tiltaka dei treng for å hindre at dei kan bli utnytta.

Morten Alexander Mossin

– Det er viktig å ikkje mistenkeleggjere alle og ein kvar. Men det er viktig for verksemdene å gjere gode førehandsundersøkingar på kven dei tilset, og ikkje minst i den tida vi står i, så kan det vere fornuftig for verksemder å få gjennomført sårbarheitssamtalar

Foto: Ingrid Gulbrandsen Årdal / NRK

– Veit de konkret om det føregår spionasje på Andøya, i så tilfelle kva veit vi?

– Det kjem eg ikkje til å kommentere. Men det handlar jo om Andøya sin strategiske betydning i tida vi står inne i no, og ikkje minst når det kjem til oppbygginga av dei kapasitetane som føregår der no.

Det gjer Andøya utan tvil til eit interessant område for framande etterretningstenester, ifølge Mossin.

Les også Mistenkt russisk spion gripen i Tromsø

Kveldsbilde av Tromsø

– Så er dei ute etter å forstå det norske samfunnet betre, få innsikt i politiske prosessar, strategiske avgjerdsprosessar og forstå kva retning Noreg sett.

Han rår bedriftene til å utføre gode førehandsundersøkingar på kven dei tilset, og å gjennomføre sårbarheitssamtalar om dei har tilsette som reiser fram og tilbake til Russland.

Les også Bodø og Andøya vil bli nøkkel­områder for allierte i fred, krise og krig

USMC F/A-18 på Andøya under Nordic Response 2024

Veit at det har føregått spionasje

Tobias Lauritzen er leiar i Andøy næringsforeining. Han trur ikkje dei fleste på Andøya går rundt og tenker på spionasje i kvardagen.

Han påpeikar likevel at det skjer mykje innanfor forsvar, fly, maritime overvakingsfly, dronebase, alliert nærvære og satsing på Andøya Space.

– Alle desse tinge medfører nok ein del ulemper som spionasje. Men eg trur ikkje det er noko folk i det daglege går og tenker på, seier Lauritzen.

Sjølv om det har føregått spionasje tidlegare.

– Eg trur ikkje vi skal gå inn på enkelthendingar, men det har vore kartlagd og gjort undersøkingar kor vi veit at det har vore folk i lokalsamfunnet i ulike posisjonar der vi veit dei har hatt tilknyting til utanlandske regimer og slike ting.

Bygging ny spaceport Andøya
Foto: Dan Henrik Klausen / NRK

Lauritzen legg ikkje skjul på at atsinga medfører eit kjempebehov for rekruttering.

– Vi treng mykje folk og det blir rekruttert innanfor Forsvaret, Andøya Space og andre næringsgreiner som krev rekruttering frå andre land. Vi treng kompetanse som kanskje ikkje vi har.

– Og det er jo ein ting som gjer at vi kanskje får inn enkelte personar som ein ikkje har kjennskap til frå før.

Russarane vil kjøpe opp eigedom

Tidlegare har dei på øya sagt nei til russiske og kinesiske studentar som vil ta del i undervisninga på øya.

– Andøya er eit av områda i Nordland der vi registrerer størst auke i russisk turisme, russiske minnemarkeringar og russiske forsøk på å kjøpe opp eigedom, har politimeisteren i Nordland, Heidi Kløkstad, tidlegare sagt til avisa High North News.

Mens leiar for PST i Nordland, Kjærsti Helland, har uttalt til VG i februar at det som skjer på Andøya, er ting som nasjonen har behov for å skjerme.

USMC F/A-18 på Andøya under Nordic Response 2024

USMC F/A-18 på Andøya under Nordic Response tidlegare i år.

Foto: Ella Hagen / Ella Hagen / Forsvaret

– Statar vi ikkje har eit sikkerheitspolitisk samarbeid med vil ha tak i sensitiv informasjon.

Professor i historie ved UiT Noregs arktiske universitet, Stian Bones, er klar på at Andøya lenge har vore eit interessant område for utanlandske aktørar.

Professor: – Folk ikkje like bevisst

– Under Den kalde krigen var Andøya eit av områda som sovjetisk militær etterretning viste mykje interesse for, seier han.

– Det var stadig vekk ubåtar i Andfjorden, og stadig vekk observasjonar av mistenkelege forhold rundt Andøya flystasjon.

Han trur området framleis er like interessant å følge med på for andre makter, men at folk flest kanskje ikkje er like medvitne på det no.

Stian Bones, professor i historie ved UiT

– Og så har det å gjere med førebygging, for å bidra til å utvikle kulturar, tenking i bedrifter og føretak som kan gi mindre grunnlag for at det skjer gale ting, seier Bones om PST si åtvaring.

Foto: Hanne Wilhelms / NRK

– I den djupe freden som ein kan seie at oppstod etter den kalde krigen og Sovjetunionen si oppløysing, så fekk ein tankane på andre baner. Det var for så vidt heilt naturleg, seier Bones.

– Men så trur eg nok at militære aktørar og sikkerheitsaktørar i Noreg for så vidt heile tida har hatt merksemd knytt til forhold som dette.

Han trur PST sitt nylege besøk på Andøya først og fremst handlar om førebygging i sivilsamfunnet.

– Det er viktig for PST å skape ei situasjonsforståing. Ein slags felles tankegang hos folk om den sikkerheitspolitiske situasjonen vi står i no, seier Bones.