Hopp til innhold

Golfbane i Lofoten er kåra til Nordens beste: – Set norsk golf på kartet

For seks år sidan var ikkje Lofoten Links ein gong på topp 100-lista over Europas golfbaner. No er han kåra til Fastlands-Europas 6. beste.

Golfbane i Lofoten

NORDENS BESTE: Lofoten Links ved Saupstad i Lofoten vart denne veka kåra til Nordens beste golfbane.

Foto: Kevin Murray

Midt i eit dramatisk landskap av fjell og fjord ligg golfbana Lofoten Links ved Hov på Gimsøya i Lofoten.

I denne månadenes utgåve av Golf World, eit av verdas største golfmagasin vart det kåra til Nordens beste golfbane.

– Det er eit av dei flottaste golfanlegga eg nokon gong har vore på, og eg har sett golfbaner over heile verda, seier Egil Hatling, leiar av Noregs golfforbund.

– Å spele midnattsgolf langt ute i havgapet er ein oppleving for livet.

Han fortel at golf i Noreg generelt har hatt stor framgang dei siste åra. Aldri før har det vore så mange som er medlem av golfklubbar i Noreg. I september passerte dei 127.000 medlemmer.

Det er ein auking på 30.000 dei siste to åra.

– Denne kåringa set norsk golf på turistkartet. Eg trur dette vil vere bra for både turistnæringa og norsk golf.

Hol du hugsar for livet

Det er ein ekspertgruppe beståande av reisevande golfarar og journalistar frå heile Europa som har kåra dei 100 beste golfbanene på kontinentet.

For seks år sidan var Lofoten ikkje ein gong i topp-100 i rangeringa.

Men sidan 2018 har dei halde på plassen som den beste golfbana i Noreg.

Golf World peiker på at omgjevnadane til bana har hatt mykje å seie for plasseringa, men at bana er mykje meir enn det.

Golfbane i Lofoten

MINNEVERDIG: Magasinet Golf World skriv at sjølv om banen i Lofoten ikkje har klassiske hol har han hol du vil hugse resten av livet

Foto: Kevin Murray

– Mange av hola i denne utopien er i verdsklasse. Somme vil du hugse resten av ditt liv, skriv dei og gjev bana 81 poeng av 100 moglege.

Det var norskgolf.no som omtalte saka først.

Lofoten vert dermed rangert som den beste bana i Norden, 13 plassar framfor Falsterbro i Malmö i Sverige på 19. plass.

Kongsvinger òg på lista

Men det er ikkje berre Lofoten som kan skryte av å ha kome inn på den prestisjetunge lista.

Kongsvingers GK stikk nemleg av med ein sterk 63. plass.

– Mens Lofoten er lokalisert langs kysten, omringa av fjell, tar Kongsvingers venleik pusten frå deg med hol som slyngar seg mellom høge furutre, skriv Golf World i sin grunn.

Og kva bane som gjekk av med sigeren i rangeringa?

Det var den supereksklusive privatklubben Morfontaine i Paris i Frankrike, framfor Utrecht de Pan i Nederland og Fontainebleau i Frankrike.