Hopp til innhold

Gav ulike forklaringar

Partene i rettsaka der ein mann er tiltalt for aktlaust drap etter å ha skote svigerinna si, gav ulike forklaringar under rekonstruksjonen i dag.

Statsadvokat i Nordland, Erik Thronæs og forsvarer Tom Ovesen i Trondenes tingrett

Statsadvokat i Nordland, Erik Thronæs og forsvarer Tom Ovesen i Trondenes tingrett. I morgon blir saka avslutta.

Foto: Nils Mehren / NRK

Forklaringane frå tiltalte og broren samsvarte ikkje når dei skulle oppgi kva som skjedde i forkant av den fatale jaktulukka i fjor haust.

36 år gamle Lill Åse frå Bodø blei skoten av broren til sin sambuar under rypejakt i Grovfjord i Storjorddalen i Troms 11. september i fjor.

Under rekonstruksjonen i dag forklarte tiltalte at han kom frå ei anna retning enn det broren oppga i si forklaring. Aktor Erik Thronæs forklarar spriket i forklaringa slik til NRK:

- Det er ikkje uvanleg med motstridande forklaringar under slike rekonstruksjonar. Det er noko retten no må ta

Statsadvokat i Nordland, Erik Thronæs

Statsadvokat i Nordland, Erik Thronæs er ikkje overasska over at at tiltalte og broren har gitt ulike forklaringer.

Foto: Nils Mehren / NRK

stilling til.

Mannen som skaut svigerinna er tiltalt for aktlaust drap, og risikerer tre år i fengsel. Påtalemakta meiner mannen har opptredd kritkkverdig.

- Styrkar saka til tiltalte

Også i går leverte dei to ulike forklaringar i retten. Då kom det fram at tiltalte og broren har ulik oppfatning om kor mange skot som blei avfyrt.

Les: Samboeren endret forklaring

Forsvarar Tom Ovesen seier til NRK at rekonstruksjonen i dag styrkar saka til klient hans.

Retten må no ta stilling til kven av dei to mennene dei festar mest lit til når saka blir avslutta i Trondenes tingrett i morgon.