Hopp til innhold

Her fyrer dei opp fyrverkeri utanfor Ajax-spelarane sitt hotell

Det er ein kultur for dette i Europa, men det har ikkje skjedd i Bodø før, ifølge supporterkultur-ekspert.

Det ble sendt opp fyrverkeri utenfor spillerhotellet til Ajax, Scandic Havet, i Bodø før kampen mot Bodø/Glimt, torsdag.

Det blei sendt opp fyrverkeri utanfor spelarhotellet til Ajax, Scandic Havet, i Bodø før kampen mot Bodø/Glimt, torsdag.

Torsdag kveld spelar Bodø/Glimt og nederlandske Ajax den avgjerande fotballkampen i serieligaen på Aspmyra stadion i Bodø.

I samband med det har Ultras Bodø-fans lagt ut ein video på X. Den viser fyrverkeri i Bodø sentrum utanfor Scandic Havet, der fotballspelarane til Ajax overnattar.

Supportergrupperinga i Bodø skriv i innlegget på X:

«God morgen @AFCAjax. 02:30!»

Ein videostraum frå Bodø hamn viser også fyrverkeriet natt til torsdag.

Talsperson i supporterklubben J-feltet, Mads Skauge, fortel til NRK at han har vore i kontakt med medlemmene i Ultras Bodø, som har bekrefta overfor han at det var dei som stod bak oppskytinga.

– Dette er noko som er veldig vanleg. Det er ein kultur for dette ute i Europa, men vi har kanskje ikkje sett noko av dette i Bodø før, seier Skauge.

Les også Elev fekk høyrselsskade etter fyrverkeri inne på ungdomsskule

oversiktsbilde Narvik ungdomsskole

– Skitne triks

Skauge jobbar til vanleg som førsteamanuensis ved Nord universitet og forskar på supporterkultur. Han forklarer kvifor dette er noko som supporterar ofte gjer på nattetid mot motstandarlaget før ein viktig kamp.

– Det handlar rett og slett om å bruke skitne triks for å sette ut motstandaren psykisk. Glimt har sjølv blitt utsett for dette ute i Europa. Ultras-miljøa er veldig inspirerte av kvarandre, så ein kopierer gjerne det andre grupperingar gjer i andre land.

Fyrverkeri utenfor hotellet til Ajax-spillerne i Bodø

Ein videostraum frå Bodø Havn viser også fyrverkeriet natt til torsdag.

Foto: skjermdump, Bodø havn webkamera

– Trur du dette gir ønska effekt til kampen?

– Det er først og fremst meint som humor og sprell. Dette er nok ikkje første gong Ajax er utsett for det, så dei overlever nok dette.

J-feltet som supportergruppe har ikkje noko å gjere med rakettoppskytinga. Det står kvar enkelt medlem i Ultras Bodø bak.

– Mange i ultras-miljøet i Bodø er utestengde på grunn av bruk av pyroteknikk og får dermed ikkje vere på kampen i dag. Dette er nok måten dei markerer seg på.

Mads Skauge i korridorene på Nord Universitet

Førsteamanuensis ved Nord universitet, Mads Skauge seier fyrverkeri utanfor motstandarane sitt hotell er meint som humor og sprell.

Foto: Petter Strøm / NRK

– Gjester skal få sove roleg

Direktør for Scandic hotella i Bodø, Jan-Ove Edvardsen bekreftar at det har vore fyrt av fyrverkeri utanfor Scandic Havet.

– På eine sida av hotellet så hadde vi nokon som da ville markere eit eller anna med fyrverkeri.

Han seier at enkelte hotellgjester fekk med seg smella, men det skal ikkje ha vore store forstyrringar.

– Generelt så ønsker vi at alle gjester skal få sove roleg, men i samband med mykje besøk til byen og store hendingar, så er vi klare på at det kanskje er ein del av feiringa for enkelte. Men så lenge det ikkje går føre seg over lang tid og ikkje forstyrrar heile natta for gjestene, så er det sånn ein må rekne med i ein by og i eit hotell med internasjonale gjester, seier han.

NRK har også vore i kontakt med politiet som seier dei ikkje har høyrt noko om dette.