Hopp til innhold

Krev at regjeringa tek grep om kutt i sosialhjelp: – Det er usolidarisk og uklokt

Fylkespolitikarane i Nordland vil at kommunar skal stoppe kutt i sosialhjelpa for fattige familiar. Regjeringa vil ikkje hjelpe, og legg ansvaret på kommunane.

Stina Eiet Hamberg, Redd Barna.

Stina Eiet Hamberg er spesialrådgivar for levekår til barn i Redd Barna. Ho håpar at fleire no får auga opp for utfordringa som rammar mange fattige barnefamiliar.

Foto: Redd Barna

Som NRK tidlegare har skrive, blir fattige familiar i to av tre kommunar endå fattigare.

Kommunane bruker nemleg ei opning for å regne barnetrygd som ein del av inntekta til folk som får sosialhjelp.

Dermed blir sosialhjelpa avkorta med mellom 1000 og 1700 kroner per barn.

Redd barna meiner at både den avtroppande og den påtroppande regjeringa har gjort altfor lite.

No har fylkespolitikarane i Nordland bedt Stortinget om å få slutt på ordninga. No vil dei ha ei lovendring på plass.

– Påverkar levekåra til innbyggjarane våre

Det var Christian Torset som tok initiativ til uttalen. Han er gruppeleiar for SV.

– Barnetrygda er den enkeltstønaden som har størst betydning for å redusere fattigdom blant barnefamiliar. Derfor er det òg det mest effektive tiltaket vi kan gjere for å redusere fattigdom blant barn, seier Torset til NRK.

Sjølv har han fått endra praksisen om avkorting av sosialhjelp på Sortland.

– Fylket har ikkje myndigheit til å påleggje dette. Det blir regulert av sosialtenestelova. Den seier noko om kva slags forventningar dei som søkjar skal ha, seier han.

Berre Høgre og Framstegspartiet stemde mot uttalen.

Tema på Stortinget

Kathy Lie er stortingsrepresentant for SV. Ho meiner det er trist at kommunar vel å kutte i barnetrygda for dei som får sosialhjelp. Torsdag tok ho saka til Stortinget.

– Barnetrygda skal vere eit universelt gode som sikrar alle barn eit minstenivå av sikker velferd. Den skal vere universell nettopp fordi det er eit viktig tryggingsnett for alle. Likevel er det slik at ikkje alle barn får denne ytinga, sa ho frå talarstolen.

– Det er ei grunnleggjande urettferd i ei av utfordringane som rammar dei aller svakaste i eit samfunn.

Ho peika på at i regjeringsplattforma er ordet barnetrygd ikkje nemnt ein einaste gong.

– SV har store forventningar til den nye regjeringa når det gjeld å sørgje for reell utjamning mellom dei få på toppen og dei som har minst. Vi forventar at tilleggsproposisjonen inneheld ei satsing på barna i låginntektsfamiliane og at dei skal få leve gode liv uavhengig av lommeboka til foreldra.

Gleder Redd Barna

Særleg Redd Barna er glade for at Arbeidarpartiet var med på forslaget i Nordland fylkeskommune.

– Redd barna synest dette er veldig bra og håpar at fleire fylkesting kjem med tilsvarande utsegn, seier Stina Eiet Hamberg, spesialrådgivar for levekåra til barn i Redd Barna.

– To av tre kommunar avkortar barnetrygda. Det er usolidarisk og uklokt. Barnetrygda er ei av dei sosiale ytingane som faktisk bidreg til å løfte fattige barnefamiliar over fattigdomsgrensa, seier ho og legg til:

– Då er det utruleg viktig at kommunane vedtek dette, og at fylkestinget støttar dette.

No oppmodar dei nasjonale politikarar til å ta grep og sikre at dette blir lovfesta, slik at ingen kommunar kan halde fram med praksisen.

Regjeringa legg ansvaret på kommunane

Sjølv om Arbeidarpartiet i Nordland gav si støtte til forslaget, vender moderpartiet i regjeringa tommelen ned.

Truls Wicholm (Ap) er statssekretær i Arbeids- og sosialdepartementet. Han viser til at regjeringa meiner at eit nasjonalt forbod mot avkorting ikkje er vegen til å gå.

– Denne regjeringa har gått til val på å sikre kommunane ein solid økonomi slik at dei er i stand til å gi gode tilbod til innbyggarane i alle situasjoner, seier han og fortset:

– Vi har tru på at kommunane, som er dei som er nært folk, finn løysingar for dette. Altså må det vere opp til kvar enkelt kommune, seier han og peiker på at statens jobb er å sikre fornuftige rammer og rettleiande satsar for sosialhjelp.

Wicholm legg vekt på at kommunane bygger opp tenastene sine ulikt, og har ei brei tiltaksvifte for å ta i vare folk og familiar i vanskelege situasjonar.

Fylkestingsrepresentant Odd Arnold Skogsholm (Ap)

Odd Arnold Skogsholm meiner det ikkje er det same å gå imot eiget parti og støtte SV i deira forslag i fylkestinget.

Foto: Kåre Riibe Ramskjell / NRK

Odd Arnold Skogsholm, gruppeleiar for Ap i Nordland fylkesting, meiner ikkje at dei går mot partiet nasjonalt ved å støtte SV i forslaget.

– Vi stemde for eit forslag som var foreslått av SV, og vi ser også at det kan vere ein idé å ha i lokal politikk, seier han.

Han meiner ikkje det er unaturleg at ein tenkjer ulikt i eit og same parti.

– Det kan vi ta opp i partiet ved neste korsveg. Vi står fint bak ei fråsegn som dette.

Kommuner som kutter i sosialhjelp for de som får barnetrygd.

Disse kommunane kuttar i sosialhjelpa lik barnetrygda.

Foto: Redd Barna