Hopp til innhold

Dei fattigaste familiane «mistar» barnetrygda i to av tre kommunar – sjølv med ny regjering

65.000 norske barn bur i familiar som mottar sosialstønad. To av tre kommunar kuttar i sosialhjelpa til familiar som mottar barnetrygd. – Det betyr fleire fattige barn, seier Redd Barna.

Brønnøysund

KUTTER: Delen fattige barn er i snitt høgare i dei 238 kommunane som trekker frå barnetrygda når dei reknar ut kva fattige familiar skal få i sosialhjelp. Ein av kommunane er Brønnøy.

Foto: Ole-Christian Olsen / NRK

Alle barnefamiliar i Noreg har krav på å få barnetrygd.

Barnetrygda er ei universell trygd.

Men to av tre kommunar kuttar no i sosialhjelpa til familiar som mottar barnetrygd.

Desse kommunane bruker moglegheita til å rekne barnetrygda som ein del av inntekta til folk som får sosialhjelp, ifølgje statistikk frå SSB.

– Eit paradoks

11,7 prosent av norske barn veks opp i fattigdom, ifølgje SSB. Og talet på barn i familiar med låg inntekt aukar kvart år.

Det har tredobla sidan 2001.

Men både avtroppande og påtroppande regjering gjer lite for å endre på dette, ifølge Redd Barna.

– Det er eit paradoks. Det har vore på toppen av den politiske agendaen at pandemien ramma barn og unge i sårbare livssituasjonar hardt og at ein skulle prioritere dei, seier Monica Sydgård, leiar for Redd Barnas Norgesprogram.

Monica Sydgård

PARADOKS: Monica Sydgård, leiar for Redd Barnas Norgesprogram, seier det er eit paradoks at kommunar kuttar i sosialstønaden når folk mottar barnetrygd.

Foto: Redd Barna

Sydgård presiserer at det i det første statsbudsjettet etter pandemien ikkje er store investeringar til barn og unge. Det synest ho er veldig skuffande.

– Det er dei som treng barnetrygda aller mest, som mistar ho, seier Sydgård, og legg til:

– Vi hadde forventa eit stort løft for barnetrygda som heilskap. Det er enkeltstønaden som enklast kunne ha løfta titusenvis av barn over fattigdomsgrensa.

Redd Barna sin nyaste rapport viser at det er flest barn som lever lenge i fattigdom i kommunar som avkortar barnetrygda.

Gjer individuelle vurderingar

Ein av kommunane som kuttar i sosialstønaden, er Evenes i Nordland.

Der har det vore praksis i lang tid, sjølv om ein av fem barn i kommunen veks opp i barnefattigdom.

Rådmann Bjørn Tore Sørensen seier dei bereknar kuttet basert på det totale inntektsgrunnlaget til husstanden.

Evenes rådhus

INDIVIDUELT: I Evenes vert det gjort individuelle vurderingar seier rådmannen.

Foto: Billy Jacobsen / NRK

– Kor mykje barnefamiliar som har behov for økonomisk bistand til livets opphald mottar, varierer ut ifrå ei individuell vurdering, seier han til NRK.

– Viss nokon har mottatt barnetrygd og vil ta imot sosialhjelp, vil det i praksis bety at bidraget til livsopphaldet vert mindre.

– Når eit av fem barn i Evenes lever i barnefattigdom – kvifor gjer dykk det likevel?

– Vi har ikkje gjort nokon konkrete vurderingar på dette. Evenes kommune har statistisk høge tal på mellom anna delen uføretrygda som kan gjere at innbyggjarar fell utanfor arbeidsmarknaden, svarer han og legg til:

– Det beste tiltaket for å overvinne barnefattigdommen vil vere å gjere fleire sjølvhjelpne.

Evenes fekk en auking på 0,6 prosent i frie middel i statsbudsjettet. Det er under halvparten av landsgjennomsnittet.

Rådmannen poengterer at det ikkje gjer det lettare for dei å få barn ut av fattigdom.

– Det er klart at det set oss ikkje i betre stand til å gjere noko med problemet.

Sømna kommune, sør i Nordland, er òg av kommunane som tok imot minst auking i frie middel med statsbudsjettet. Dei kuttar også i sosialstønaden tilsvarande barnetrygda.

Men Jomar Hesimark, NAV-leiar på Sør-Helgeland, og leiar av NAV-ordninga i Brønnøy, Sømna, Vega og Vevelstad, vil no jobbe for å stoppe praksisen i alle desse kommunane.

– Når det gjeld økonomi vil all reduksjon gå ut over barnet. Det er ikkje gunstig for eit barn å vekse opp i ein dårleg økonomi. Det vert nok ein diskusjon i disse kommunane no, seier Hesimark.

Sydgård frå Redd Barna seier fleire kommunar no seier at dei ønsker eit forbod velkommen og vil endre praksisen, men berre om forbodet blir vedtatt nasjonalt.

Det er opp til den nye regjeringa.

Her kan du sjå om din kommune avkortar sosialstønad eller ikkje.

Nybakt minister: – Vondt at nokre barn veks opp i fattigdom

Landets nye barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) seier at det for henne blir ei viktig sak å redusere barnefattigdommen.

– Det er vondt at nokre barn veks opp i fattigdom. Det burde ikkje vere slik, seier ho til NRK.

Kjersti Toppe

Barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Toppe seier at Hurdalsplattformen slår fast at fattigdom skal bli redusert, særleg den som rammar barnefamiliar.

– Vi foreslår å gjere velferdstenester som barnehage og SFO billigare for alle. Vi skal også sette ned ein låginntektskommisjon og vi vil styrke kommuneøkonomien.

Regjeringa har foreløpig ikkje tatt stilling til om dei vil endre regelverket.

– Her er det snakk om å kutte i sosialstønader, som høyrer til under Arbeids- og sosialdepartementet. Regjeringa har ikkje tatt stilling til om vi vil gjere endringar i dette regelverket. Det er derfor noko vi må komme tilbake til, og det må vi gjere i samråd med Arbeids- og sosialdepartementet.

SV: Moglegheita burde bli fjerna

Kathy Lie er stortingsrepresentant for SV. Ho meiner det er trist at mange kommunar framleis vel å avkorte barnetrygda for dei som mottar sosialstønad.

– Det gjer at barnetrygda, som skal vere ei universell ordning for alle, ikkje når akkurat dei som treng det mest.

– Moglegheita kommunane har til å gjere dette, burde bli fjerna.

Kathy Lie

Stortingsrepresentant Kathy Lie (SV).

Foto: Vegar Erstad / NRK

Lie understrekar at barnetrygda er ein del av det sikkerheitsnettet som skal sikre at alle barn har et minimum av velferd.

– Denne avkortinga gjer at barna som veks opp i dei mest utsette familiane, får endå mindre.

SV har i sitt partiprogram vedtatt at barnetrygd, andre universelle ytingar og barns inntekt skal haldast utanfor berekningsgrunnlaget for sosialstønad.

– I min heimkommune Lier har vi fått til dette etter forslag frå SV, som fekk fleirtal i kommunestyret. Men det er for tilfeldig at det skal vere avhengig av lokale initiativ. Dette burde sikrast nasjonalt slik at det gjeld alle barn, seier Lie.

– Omvendt Robin Hood

Samfunnsøkonom Erlend Bullvåg meiner at å fokusere på barn og unge vil vere det viktigaste for økonomien i Noreg i framtida.

– Det er nesten det viktigaste av alle område for å forsterke Noreg framover. Det byggjer ned sosiale skilnader i samfunnet.

Erlend Bullvåg, førsteamanuensis og dekan ved Handelshøgskolen Nord universitet.

Erlend Bullvåg er samfunnsøkonom og dekan ved Handelshøgskolen ved Nord universitet.

Foto: Oliver Rønning / NRK

I likskap med Redd Barna ser ikkje han at statsbudsjettet har tatt høgde for dei unge.

– Det har vore ganske profillaust, ein har ingen ambisjon. I eit rikt land er det humankapitalen ein bør investere i.

Forsking viser at det å vekse opp i låginntektsfamiliar er forbunde med dårlege skuleresultat og helseproblem.

Redd Barna meiner det burde vere ulovleg å gjere fattige familiar endå fattigare med å ta frå dei barnetrygda.

– Vi meiner det bør bli regulert i loven så det rett og slett ikkje er mogleg å gjennomføre. Det er omvendt Robin Hood. Eg trur det er få i Noreg som veit kor urettferdig dette er.