I kåseriserien Nordlandsakademiet fortel Kjellrun Trohaug om korleis samar har blitt omtala i norsk litteratur:
”Nordlandsblod er blandet blod” skreiv Arne Garborg i ein biografi om Jonas Lie. På folkemunne seiest det at ”ein skal ikkje gå langt att i tida før kommogen stikk fram”. Fleire norske skjønnlitterære forfattarar har skrive om sameksistens og konflikt mellom same og bumann – om kjærleik og skepsis, om gand og trollkunne. Felles for desse forteljingane, som er frå ulike deler av landet, er at dei ser det samiske i eit utanfråperspektiv.
Jonas Lie har i novellen ”Finneblod” (1891) sett ord på kvifor noen vil holde den samiske slekta si skjult. Hovedpersonen Eilert som er bumann, forelskar seg i ei samisk nabojente, og han seier ”Han hadde hørt at Det er Skam at have Findeblod i sig, og det var, fordi Finnerne ikke var så gode som andre Folk, at Øvrigheden gav dem deres egne afsondrede Begravelsesteig paa Kirkegaarden og deres særskilte ”Finnebåser” inde i Kirken.” Dei to får kvarandre, til tross for at folk meiner at den samiske familiefaren fiskar mistenkjeleg godt. Det må vere finnegand med i spelet.
I Regine Normanns debutbok Krabvåg (1905) med handling frå Vesterålen, blir den samiske guten Øra-Jon glad i fiskarjenta Pauline. Bygda meiner at han har ”finnforgjort” ho, slik at ho blir glad i han. Jon kjenner seg midt mellom to kulturar i heimbygda. Han har tapt sin samiske identitet og ikkje klart å etablere ein norsk. Han drøymer om Amerika, der ingen kjenner den samiske farsslekta hans. Han vil røme frå den skamma det er å vere samisk. Mens hans samiske faster tenkjer ”Lissom bumannsblod skulle vere bedre enn finneblod.” Kjærleikshistoria ender i ulykke. Jenta blir med barn, og dør i barnseng.
I romanen ”I blinda” (1919) om Juvikfolket skildrar også Olav Duun eit tragisk kjærleiksforhold mellom bumann og same på Trøndelagskysten. Den vakre Solvi er av samefolk, og blir gift med bondeguten Anders. Ho er dyktig og arbeidssam, og har lykke med husdyr og avling. Familien likar likevel ikkje giftemålet. ”Det var det stridaste dei hadde fått inn over seg at ein odelsgut la i veg og gifta seg med ei finnveikje”. Bygdesladderen vil ha det til at ho kan gande og setje ondt på folk. Ein dag kjem Anders heim frå bygda, og ser at kona har finnandlet. Det svartnar for han, og han ber ho kome seg på dør ”før her rinn finnblod”. Han får budeia til å røykje ut ”finnlukta” med einer. Ungkona rømer i småbåt innover fjorden, og både ho og sonen omkjem i eit steinras. Slik øydelegg bygdesnakken både Solvi og kjærleiken.
Hos Johan Falkberget møter vi Rørossamar i det sørsamiske området. I romanen ”Den fjerde nattevakt” (1923) gjev forfattaren samen dyriske trekk. Han er kledd i skinn, han flekker tenner som ein hund, og han kan ikkje uttale norsk på ein skikkelig måte. Ein kan bli frista til å tru at han er ein mellomting mellom dyr og menneske og ein del av den lokale faunaen i fjellbygda. Ein liknande tankegang finn vi hos Hamsun.
Hans nobelprislønte roman ”Markens grøde” (1917) opnar slik ”Den lange lange sti over myrer og ind i skogen hvem har tråkket op den? Manden, mennesket, den første som var her” så gjør ”et og andet dyr de svake spor tydeligere”, og ”siden begyndte en og anden lap å snuse stien op.” Mennesket, nybrottsmannen kjem først, så dyra og så samen. Det er tydeleg at det hos Hamsun er forskjell på folk og finn, som eit nordnorsk munnhell seier.
Gilbert Lapp blir i dobbeltroman ”Benoni” og ”Rosa” (1908) framstilt som slesk og hevngjerrig. Han fer lettbeint frå bygd til bygd med giftig sladder, og blir ein lagnadsfigur, som kjem når ein minst ventar det, og berre synet av han varslar ondt.
Oppfatninga av samane som trolldomskyndige, gjer dei til syndebukkar for all ulykke i lokalmiljøet, om det gjeld uår, sjukdom eller rovdyrherjingar.
Den første samiske forfattaren i norsk litteratur¬historie er Matti Aikio frå Karasjok. Han strevar med å skape seg ein identitet og eit språkleg uttrykk på norsk, og kjem i ein mellomposisjon mellom det norske og det samiske. I debutromanen Kong Akab problematiserer han ambivalensen til sin eigen samiske bakgrunn, gjennom tankane til studenten Fløiberg som står framfor spegelen og granskar sitt eige andlet: ”Om han skar, hug bort de skjæmmende mongolske Træk, der som Ugræs stak frem paa de ædle romerske Linjers Bekostning. Gad vite om det vilde gjøre ondt, om det vilde gro nogenlunde pent??” Matti Aikio blei pga den samiske bakgrunnen sin marginalisert som forfattar. Lyrikaren Herman Wildenvey kalte han humoristisk, eller kanskje ironisk, for merkelappen i norsk litteratur.
I dag skriv samiske forfattarar med sjølvtillit og autoritet om det samiske.
Kunstnarar som Mari Boine og Nils Aslak Valkeapää gjer både tradisjonell, samisk kunst og moderne kunst tilgjengeleg for folk flest, også for folk med ein annan kulturell bakgrunn enn den samiske. Professor i samisk litteratur, Harald Gaski, skriv i ein artikkel at det er dei samiske forfattarane som samar, som må slåss for framtida, og våpnet er ord.
Synnøve Persen har i korthogne, naturlyriske bilete, i slekt med joiketeksten, skildra gleda over livet, og viser håp for framtida:
Små elver risler i hjertet,
is smelter til glede.