Hopp til innhold

Lektor: – Ingen gidd å gå fem år på skule for å bli lærar

Kort ned lærarstudiet, meiner både studentar og lektor. – Mange vil bli lærar, men dei vil ikkje studere i fem år.

Elever og lærer i klassesituasjon på barneskole.

VIL HA KORTARE UTDANNING: Lærarstudentar trur ei kortare lærarutdanning kan gjere at fleire søker. I dag må du studere fem år for å bli lærar.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Truls Ballo Haraldsen (21) går første året på grunnskuleutdanninga 1–7 ved Nord universitet i Bodø.

– Ein tanke som slår meg når ein tar eit femårig studie, er at ein kunne ha teke eit anna femårig studie og hatt høgare lønn.

Han trur langt fleire ville søkt om dei hadde moglegheit til å gå ut i jobb etter tre år.

Det er ikkje han aleine om å tenkje.

Truls Ballo Haraldsen (21) går første året på grunnskuleutdanninga 1-7 ved Nord universitet i Bodø. Han har raudt hår og bart ikledd ein blå hettegensar.

Truls Ballo Haraldsen (21) meiner ein må få opp søkjartala.

Foto: Monica White Martinsen / NRK

Tidlegare har NRK skrive om prorektor ved same universitet, Levi Gårseth-Nesbakk, som meiner ein bør sjå på om det var rett å gå for ei femårig lærarutdanning.

– Kanskje det kunne ha vore ein tre pluss to-modell, eller liknande type alternative tankar for å gjere det litt mindre skummelt å måtte gå inn på fem år i ein smell, sa Gårseth-Nesbakk.

– Ingen gidd å gå fem år

Ola Buxrud er også einig i at lærarutdanninga må kortast ned.

Han er lektor i rettslære og historie ved Foss vidaregåande skule i Oslo, og snakka mykje med elevane om kva dei vil gjere etter vidaregåande.

– Ingen gidd å gå fem år på skule for å bli lærar, seier Buxrud.

Ikkje sidan 2008 har så få søkt lærarutdanninga i Noreg. Tal frå Samordna opptak viser at det er 21,9 prosent færre søkarar til lærarutdanninga i år enn i fjor.

Lektoren er ikkje overraska over dei knusande søkartala.

Han snakkar mykje med elevane om kva dei ser for seg å studere. Og han merkar seg at valet om utdanning blant ungdommane er delt i to:

  1. Du har dei som kan tenkje seg å ta ei lengre utdanning på fem år eller meir.
  2. Og dei som vil studere kortare.
Lektor Ola Buxrud med blå caps og skjegg smilar inn i kameraet.

Lektor Ola Buxrud seier å korte ned utdanninga kan gjere at fleire vil søke seg til å bli lærar.

Foto: Privat

– Det er mange som vil bli lærar, men dei vil ikkje studere i fem år. Dei som vil studere lenge vel andre yrke som er mykje meir konkurransedyktige, seier Buxrud.

Her nemner han jurist, arkitekt, spesialsjukepleiar eller siviløkonom.

– Og så kan vi jo seie at læraryrket må bli like attraktivt som jurist eller siviløkonom. Men det er heilt utopisk. Det kjem ikkje til å skje, seier Buxrud.

– Eit kjempeproblem

Leiaren i utanningsforbundet i Nordland Anita Karlsen har tidlegare sagt at det å gjere lærarutdanninga om til ein treårig bachelor er feil veg å gå.

Ho meiner det er høge krav til lærarar, og at lærarstudentane ikkje får lært det dei skal på berre tre år.

Kor lang meiner du lærarutdanninga bør vere?

– Det er dette som gjer at det er eit kjempeproblem. Alle som er i denne bransjen har grunnar til kvifor det skal vere fem år, meiner Buxrud.

Her trekk han fram dei som allereie er lærarar eller er i Utdanningsforbundet.

– Dei vil jo at dette skal vere femårig slik at dei kan kalle seg lektor og få høgare lønn. På same tid vil dei som jobbar på lærarhøgskulane seie at «faget vårt er så viktig, og dette er ein så stor jobb, at vi treng fem år på å lære dei det dei skal», seier han.

Elever sitter i et klasserom med en lærer oppe ved en hvit tavle med skrift på.

Søkjartala har nemleg gått ned med 21,8 prosent. Nedgangen rammar både grunnskulelærar- og lektorutdanningane.

Foto: Thomas Brun / NTB

Buxrud seier at det ligg noko i argumentasjonane.

– Men du kjem ikkje bort frå det grunnleggjande problemet, og det er at dei som vil bli lærarar. Dei vil ikkje studere 5 år.

– Viktig å ikkje miste kvaliteten

Ved Nord universitet i Bodø er tala dramatiske. Det er berre 29 søkarar som har grunnskuleutdanning som førsteval. Dei har plass til 55.

For Truls Ballo Haraldsen går det fint å studere i fem år, fordi han alltid har likt å jobbe med ungar.

Likevel meiner han det bør finst ein moglegheit for å bli lærar utan å sitte fem år på skulebenken.

Haraldsen ser for seg ei ordning lik dei som utdannar seg til å bli eigedomsmeklarar. Dei er ferdig etter tre års utdanning og må jobbe i to år for å få tittelen «eigedomsmeklar».

– Om ein kan finne ei god løysing på det, for å få opp søkjartala, så kan det vere ein moglegheit.

Tre lærarstudentar ved Nord universitet som står i ein gang. Ei låg jente ikledd svarte klede til venstre, i midten ein høg kar med mørkt hår ikledd grå hettegensar, og ein lågare raudhåra kar med blå hettegensar til høgre.

Studentane Amalie Pauline Steindal Johansen, Mikkel Freshaug og Truls Ballo Haraldsen trur fleire vil søke lærarutdanning dersom den var treårig.

Foto: Monica White Martinsen / NRK

Studievenninna Amalie Pauline Steindal Johansen trur også ei kortare utdanning kunne vore eit trekkmiddel.

Spesielt for dei som er litt i tvil om dei verkeleg vil bli lærar, og synest eit femårig-løp er litt skummelt.

– Det kan vere greitt å ha moglegheita til å ha eit treårig studie. Men då må det leggast opp slik at kvaliteten ikkje blir dårlegare.

Ho tenkjer det også kan appellere meir å gå for den gamle modellen med ei fireårig lang utdanning.

– Slik at ein ikkje mister kvaliteten på lærarutdanninga.

Les også Alarmerende lærertall: – Umulig å gjøre en god jobb

Trond Are Fjordtun i klasserommet

Statsråden vil gjere utdanninga meir fleksibel

Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp) ser alvorleg på dei låge søkartala, men meiner at fem år aukar kvaliteten og statusen til lærarane.

– Vi ønskjer framleis at det skal vere både høgre krav og lang utdanning, men vi kan gjere utdanninga meir fleksibel og betre. Slik at ho blir meir attraktiv for dei som går ut av vidaregåande skule og andre som ynskjer å studere.

Ola Borten Moe

– Lærar er eit veldig viktig yrke. Det er ein grunn til at det er ein masterutdanning. Det er store krav til å vere ein lærar, det skal også gjenspeilast i status, arbeidsoppgåver og moglegheiter i karrieren, seier Ola Borten Moe.

Foto: Dan Robert Larsen / NRK

Han er tydeleg på at den femårige mastergrad er fast, men at dei vil gjere tilpassingar for å gjere utdanninga meir fleksibel

– Ein av tinga er å tilpasse allereie eksisterande fag. La oss seie at du har ein bachelor i matematikk, så bør du få tilpassa det inn i lærarutdanninga.

Borten Moe seier dei også vil sjå på korleis praksisløpet er lagt opp.

– Vi har fått mange tilbakemeldinga på at den er dårleg, seier Moe.