Hopp til innhold

Elevar vil skrote eksamen for godt – Utdanningsdirektoratet vil sjå på løysingar

Tusenvis av elevar har fullført heile den vidaregåande utdanninga utan ein einaste eksamen. No meiner fleire at eksamen er utdatert. Utdanningsdirektoratet vil forske meir på eksamen.

Russen vert døpt av redningsskøyta på Langstranda i Bodø.

SLEPP EKSAMEN: Avgangselevene har ikkje hatt ein einaste eksamen på tre år. No vil fleire at det skal bli den nye standarden.

Foto: Sondre Skjelvik / NRK

Pandemien har vart i to år. Difor har Noreg no fleire hundretusen av russ som går ut av grunnskulen utan å ha tatt ein einaste skuleeksamen.

I dag kunngjorde kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap) at skriftlege og munnlege eksamenar i ungdomsskule og vidaregåande skule til våren blir avlyst.

Som i 2020 og 2021 er det koronapandemien som er årsaka.

Men rett før pandemien fekk Noreg ny læreplan.

Fokuset i undervisninga har gått bort frå resultat. Det handlar om å lære av alt ein gjer.

No meiner Elevorganisasjonen det er på tide å sjå på om eksamen er utdatert. Det er Utdanningsforbundet samd med dei i.

Delte meiningar

På Aust-Lofoten vidaregåande skule er det delte meiningar om å gravleggje den tradisjonelle skuleeksamenen.

Paula Mietzner:Eg er glad for å slippe, sjølv om eg tenkjer at det er ein risiko i det når vi går ut i studielivet utan å ha gjennomført ein einaste eksamen
Jonas Aspdal Jacobsen:Eg likar eksamen. Eg synest det er ein god måte å kome opp det siste steget i ein karakter.

Dette er eit stort diskusjonstema i russekulla i landet. Særleg på sosiale medium.

Mellom anna har tusenvis av elevar frå heile landet gått saman om å seie at dei ikkje vil ha eksamen.

Dette svarte fire elevar ved Aust-Lofoten vidaregåande skule då NRK spurte kva dei trur om å skrote eksamen:

– Eksamen er utdatert

Til no har Elevorganisasjonen vore mest opptatt av at ein må avlyse eksamen fordi ein slik sluttvurdering kan blir urettferdig etter ein lang pandemi.

Men Elevorganisasjonen har sidan 60-talet meint at eksamen er utdatert.

I 2020 kom læreplanfornyinga. Då gjekk undervisninga frå å vere resultatorientert til å bli prosessorientert. Læringa var viktigare enn sjølv resultata.

No meiner Elevorganisasjonen at det er tid for at også vurderinga skal skje for læringa si skuld.

Det fortel Edvard Botterli Udnæs, leiar i Elevorganisasjonen.

Edvard Botterli Udnæs, leiar i Elevorganisasjonen.
– Eksamen er ein vurdering, det er ikkje ein læringssituasjon, seier Undnæs.
Edvard Botterli Udnæs, leiar i Elevorganisasjonen.
– Den tradisjonelle skuleeksamen er basert på ein undervisningsform vi ikkje har i skulen lenger. No har vi lyst på vurdering for læringa si skuld.

– Men vil ikkje det gjere elevar og studentar mindre førebudd på høgare utdanning?

– Eksamensformene i høgare utdanning varierer veldig. Ein møter mange ulike vurderingsformer. Alle er ikkje like den skuleeksamenen vi har hatt til i dag, seier leiaren for Elevorganisasjonen.

I tillegg peikar han på at det ikkje er alle elevar frå vidaregåande skule som skal vidare i høgare utdanning.

På tide med ein grundig diskusjon

Therese Thyness Fagerhaug, leiar i Utdanningsforbundet i Oslo seier dei meiner det er på tide å vurdere om den tradisjonelle skuleeksamenen er naudsynt.

Therese Thyness Fagerhaug, leder i Utdanningsforbundet

Leiaren for utdanningsforbundet i Oslo, Therese Thyness Fagerhaug, seier ho ikkje kan førespegle korleis ein framtidig eksamensform kan sjå ut før lærarar, utdanningsdirektorat og elevar har diskutert dette.

Foto: Utdanningsforbundet / Rune Hammerstad fotorune.com

Ho er samd med Elevorganisasjonen i at det er viktig å også sjå på vurderingsforma når undervisninga er endra.

– Vi har lenge sagt at ein må jobbe med eksamensforma og sjå kva konsekvensar læreplanen får for vurderingsformene, seier Fagerhaug.

Likevel meiner ho at skuleeksamen slik den har vore i alle år utfyller standpunktvurderinga.

– Standpunktvurderinga er breiare, men eksamensvurderinga er oppgåver som er felles for heile landet med utgangspunkt for læreplanen som er felles. I tillegg er det uavhengige sensorar, seier ho.

No meiner ho at ein trenger ein grundig diskusjon på om eksamen også skal vere ein del av læringa eller om det berre skal vise elevanes nivå til opptak i vidare studiar.

Utdanningsdirektoratet: – Vil prøve nye former

Utdanningsdirektoratet sa tidleg i januar at vi burde avlyse alle vårens eksamenar for elevar på grunnskulen og i vidaregåande skule.

Det sa dei både på grunn av pandemien som gjer at det er vanskeleg å få likt vurderingsgrunnlag, men òg på grunnlag av elevanes motivasjon og trivsel.

Likevel seier avdelingsdirektør i Utdanningsdirektoratet, Per Kristian Larsen-Evjen, til NRK at det ikkje er snakk om å stoppe eksamen som system.

Vi er samde i at vi treng å gjere oss erfaringar med nye former for eksamen som kan vere betre eigna til å prøve kompetansen til elevane i skulen i framtida, seier Larsen-Evjen.

Difor vil dei i åra som kjem prøve ut nye eksamensformer og forske meir på eksamen.

Dette vil vi gjere saman med elevar, lærarar og organisasjonane, seier avdelingsdirektøren.

Eksamen er ein viktig del av sluttvurderinga, men det er viktig at han blir fornya og oppdatert i takt med skulen og samfunnet rundt oss.

Tonje Brenna

Kunnskapsminister Tonje Brenna, seier dei ikkje har planar om å slutte med eksamen.

Foto: Tore Linvollen / NRK

Kunnskapsminister Tonje Brenna fortel at dei vil møte fylkeskommune og organisasjonane i skulesektoren for å få deira innspel. Men ho har ingen planar om å skrote eksamen for godt.

Vi har ingen planar om å slutte med eksamen på permanent basis, seier Brenna.