Hopp til innhold

Kontroll på brannen på Elkem Salten

Det brenn i råvareanlegget til Elkem Salten, noko som gjer at han ikkje er lett å sløkke, ifølge politiet.

Bildet viser en brannbil med blålys, og røyk som kommer opp fra en bygning bak.

Det er godt med ressursar både frå naudetatane, Elkem og kommunen.

Foto: Politiet i Nordland

Rundt klokka tre søndag ettermiddag meldte politiet at dei hadde fått melding om brann i ein bygning ved Elkem i Sørfold i Nordland.

Til å byrje med var det mykje svart røyk på staden, ifølge politiet.

Det vart starta sløkking, men det var utfordrande fordi brannen er i fjerde etasje.

– Godt med ressursar frå både naudetatane, Elkem og kommunen samarbeida for avgrense skaden, skriv politiet på sine heimesider.

To personar er køyrd til legevakt for helsesjekk, dei har pusta inn røyk. Totalt fire personar er teke vare på av helse, ifølge politiet.

Ifølge Verksdirektør Ove Sørdahl brenn det i råvareanlegget deira. Og rundt klokka 19.00 søndag kveld seier han til NRK at naudetatane framleis held på med sløkking.

I anlegget har dei blant anna trekol, flis, kol og koks. Dette er grunnen til at arbeidet tek tid.

Det brenner hos Elkem Salten søndag ettermiddag. Bildet viser elkem fra en høgde og man ser det kommer røyk ut fra bygningen.

Verksdirektør Ove Sørdahl seier brannen er i råvareanlegget.

Foto: Ronald Jacobsen

– Ikkje lett å få sløkt

Operasjonsleiar i politiet Remi Johansen seier det meste er sløkt og at brannen er under kontroll.

– Det er framleis ein del ulming. Det er mykje brennbart materialet så det er ikkje så lett å få det ordentleg sløkt, seier Johansen.

Vidare seier han at brannen er såpass under kontroll at brannvesenet mest sannsynleg kjem til å overlate sløkkearbeidet til Elkem sine eigne innsatsstyrkar.

– Dette her er storindustri, så dei har eigne brannmannskap.

Verksdirektøren seier det var drift i bygget då det byrja å brenne.

– Det jo drift i verket heile tida, så det var folk på jobb. Dei varsla om brannen.

Alt personell er gjort greie for og førebels har alle som var utsett for røyk det bra, ifølge Sørdahl.

– Eg vil skryte av både brann, politi og helse som var tidleg på plass. Eg vil også skryte av vår eigen innsatsstyrke som har gjort ein kjempeinnsats for å kontrollere brannen, seier direktøren.

Bilde viser kartet over hvor Elkem Salten ligger i Sørfold.

Elkem Salten er eit norsk silisiumverk i Sørfold som er eigd av industrikonsernet Elkem.

Foto: NRK

Stansa produksjonen

På grunn av brannen har Elkem Salten stansa all produksjon.

– Akkurat no står alle tre omnane, og korleis ting blir framover har vi ikkje oversikt over enno. Så snart brannen er sløkka, så kan vi byrje å få oversikt over konsekvensane.

Kor lenge blir produksjonen stoppa?

– Det er for tidleg å seie noko om no. Vi må først få oversikt over alle skadane, og kor mykje av anlegget som kan brukast om att og kor mykje vi må skaffe nytt.

Les også Sikres billig strøm av staten og selger den videre: – Feil å skulle drive som strømsalgspekulant

Zakariasdammen er en demning som demmer opp Zakariasvatnet i Tafjord Møre og Romsdal. Overløp juli 2022

Elkem Salten er eit norsk silisiumverk i Sørfold som er eigd av industrikonsernet Elkem. Verket er eit av Europas største smelteverk.

Silisiumprodukta frå Elkem Salten sine tre smelteomnar er viktige komponentar i produksjon av aluminium til bil, mobiltelefonar, elektronikk og ei rekkje silikon-produkt.